Her protesterer 22 000 indiske kristne mot målretta vald og hat - Stefanusalliansen
Søndag 19. februar samla indiske kristne frå alle kyrkjesamfunn seg i New Dehli, til fredeleg protest mot veksten i målretta vald.

Søndag 19. februar samla indiske kristne frå alle kyrkjesamfunn seg i New Dehli, til fredeleg protest mot veksten i målretta vald.  

India *   

Indias kristne minoritet går til vanleg stille i dørene. Og alltid i fred. Berre fem gonger tidlegare i landets 75 år lange moderne historie har indiske kristne demonstrert i hovudstaden New Dehli. Dei har då protestert mot valdtekt av nonner, drap på misjonærar og ein grufull pogrom. Det er altså alvor kvar gong Indias kristne demonstrerer offentleg. 

Søndag 19. februar samla 22 000 indiske kristne frå alle kyrkjesamfunn seg igjen sentralt i New Dehli. På fredeleg vis ropte dei ut frykt og protest på grunn av ein kraftig vekst i målretta hat og vald mot kristne samfunn i fleire delstatar. 

Rekord i vald 
I fjor dokumenterte den indiske menneskerettsgruppa United Christian Forum 598 tilfelle av vald retta mot kristne. Det er klar rekord. Truleg er det store mørketal. Mange tilfelle vert aldri rapporterte, fordi folk ikkje vågar av frykt for fleire angrep dersom dei seier frå. Andre saker blir aldri registrerte av politiet, sjølv om sakene vert melde. 

Veksten og omfanget er mest urovekkjande i seks av 28 delstatar, og bølgja tek ikkje slutt. Før januar 2023 var omme var talet på dokumenterte tilfelle av vald mot kristne kome opp i 57. 

Veksten har vore markant sidan 2014, året då India fekk si hindunasjonalistiske regjering leia av partiet BJP. Det året vart det dokumentert 127 tilfelle av vald. I fjor var talet nesten fem gonger så stort. 

Religiøse ekstremistar, ofte rein mobb, har fått altfor frie hender til å angripa både muslimar og kristne utan å risikera straff. Den paramilitære organisasjonen RSS er ei mor-rørsle for ein hindunasjonalistisk politisk «familie» der regjeringspartiet BJP inngår. Sommaren 2021 lanserte RSS ein kampanje for å «frigjera» det hinduistiske India for kristne og muslimar. Kampanjen har vore målretta og valdeleg, ikkje minst i form av kamp mot konvertering. 

Dei kristne leiarane som arrangerte demonstrasjonen i New Dehli, kom med eit samla naudrop, formulert slik i ei pressemelding: «Til og med leiande politikarar og medlemmer av ulike ikkje-statlege grupper ropar etter blodet vårt og trugar med å reinsa ulike statar for kvar einaste kristen  – barn, kvinner og menn.» 

Ei stor gruppe tidlegare offentlege tenestemenn har skriv eit bekymra brev til statsminister Modi: Dei slår alarm om at kristne i aukande grad ber på frykt i India.

22 000 kristne samla i New Dehli 19. februar. Foto: Vijayesh Lal

Jaga på flukt 
Den målretta kampanjen fekk kristne i tre distrikt i delstaten Chhattisgarh oppleva i desember og januar. Væpna grupper gjekk laus på kristne i 33 landsbyar med stammefolk. Mobben fabrikkerte påstandar om pågåande massekonvertering. Framleis har 1000 av 2500 som flykta, ikkje våga å reisa heim. Dei fryktar for livet. 

Dersom dei ikkje fornekta trua si og konverterterte til hinduismen, ville dei få smaka følgjene, i verste fall døden. Avlingar vart brende eller plyndra. Mobben har vandalisert kristne heimar og stole det dei har kunna. 

Den 2. januar braut mobben seg inn i og vandaliserte ei katolsk kyrkje i byen Narayanpur, ein distriktshovudstad i denne delstaten. Politiet har etterpå gjort mange arrestasjonar. Sjokkerande nok er også 30 prestar og pastorar blant dei arresterte.  

I dei angripne landsbyane bru det stammefolk som går under fellesnamnet adivasi. Dette er Indias urfolk. For adivasiane er hinduismen framand. Dei er gjerne animistar. Grunnlova garanterer trusfridom, men anerkjenner ikkje stammefolk som urfolk eller animismen som religion. For hindu-nasjonalistane er det hinduar som er berarar av kultur, religion og historie – og hindu-Indias reine blod. 

Kristne som var fordrivne frå landsbyane sine i Naryampur i Chhattisgarh, får hjelp av andre kristne.

Utstøyting 
I mange adivasi-område har folk gått over til kristendommen eller islam for å bli kvitt undertrykkinga i kastesystemet. Kristen misjon, også norsk, har mange stader gitt stammefolk skular og helsetilbod og ei stemme. Hindu-nasjonalistane på si side gjer alt dei kan, også med brutal makt, for å hinduisera stammefolka som det er 105 millionar av. Kristne adivasi blir også utsette for utstøyting – det er mange døme på at dei mellom anna vert nekta tilgang til vatn.  

Den store og aller mest folkerike delstaten Uttar Pradesh er verst. Der blei det i fjor utført 332 kjende arrestasjonar av kristne. Dei vart skulda for å skapa opprørte religiøse følelsar eller for å bryta antikonverterings-lova.  

Uttar Pradesh er ein av 11 delstatar som har slike lover. Nemnde Chhattisgarh er ein av dei andre. Ekstremistane skuldar kristne –  utan dokumentasjon – for å lokka eller tvinga adivasi til å bli kristne og for å bryta lovene. Mobben bankar opp kristne, jagar dei frå landsbyar og tauar prestar og pastorar til politiet. I alt blei minst 527 indiske kristne i fjor utan grunn arresterte fordi dei utøvde trusfridommen sin. 

Norsk misjon 
Ein av dei seks delstatane som kristne leiarar er ekstra urolege for, er Jharkand i nordaust. Her har Northern Evangelical Lutheran Church hovudsetet i byen Dumka. Kyrkja blei grunnlagt av  santal-misjonærane Lars Skrefsrud og Hans Petter Børresen som kom hit på 1860-talet. Der kristen misjon frå ulike land tidlegare kjende seg varmt velkomen, også fordi dei kom med helsetenester og skulegang til stammefolk, er stemninga no langt vanskelegare. 

Kristne leiarar i India er svært urolege fordi Indias høgsterett før jul påstod at tvangskonvertering er eit nasjonalt problem. Den høgste domstolen blei offer for farleg og falsk propaganda, seier kristne som demonstrerte i New Dehli. Det er djup uro for kva dette juridiske utspelet vil føra til i månadane som kjem. Skal konvertering kriminaliserast i alle delstatane? 

Naudrop 
Den kristne demonstrasjonen i New Dehli var eit rop til både president, statsminister og høgsterett: Dei kravde at kristne ikkje skal bli nekta velferd på grunn av trua si og at den grunnlovsfesta trusfridommen vert sikra. No blir fridomen undergraven av den religiøse ekstremistmobbens vald og av politikarar og dommarar med ein farleg hindunasjonalistisk agenda. 

India er i ferd med å bli verdas mest folkerike land. Men statusen som «verdas største demokrati» er landet dessverre i ferd med å kasta på båten. Det er tragisk. 

AKTUELT