Her blir jula aldri meir ringt inn - Stefanusalliansen
Emanuel Youkhana framfor  ruinane av Maria-kyrkja i Mosul, der det er blitt søppelplass rundt.

Emanuel Youkhana framfor ruinane av Maria-kyrkja i Mosul, der det er blitt søppelplass rundt.  

Irak   

Snur Vesten ryggen til minoritetane som IS ville utrydda eller fordriva? 

Over ni år etter IS-tragedien i Irak har FN og fleire vestlege land slutta å støtta sivilt hjelpearbeid for dei overlevande. Kirkens Nødhjelp er ein av organisasjonane som ikkje lenger får offentlege bistandsmidlar til arbeid i det herja landet. 

Djupt uroleg for kristen framtid i Irak
Emanuel Youkhana i hjelpeorganisasjonen Christian Aid Program i Kurdistan er djupt uroleg. 

– Kristne er sidan 2003 blitt redusert til ein ørliten minoritet i Irak. Fleire hundre tusen jesidiar lever i telt ni år etter at IS ville utrydda dei. Kven skal ta seg av dei? spør Youkhana. Stefanusalliansen støttar organisasjonen. Under ei gjesting i Noreg legg Youkhana til:  

– IS var ein menneskeskapt katastrofe. Ein menneskeskapt katastrofe har heilt uvisst utfall, ulikt ein naturkatastrofe som vi ofte kan reparera. Tragediane etter IS lever i folks minne i mange tiår. Kan vi forventa at jesidiane gløymer massedrapa på Sinjar?  

 

Kan vi forventa at jesidiane gløymer massedrapa på Sinjar?  

Emanuel Youkhana
 

 

Maria-kyrkja i Mosul – eller det som er att av kyrkja etter IS.

 

Blodige angrep på kristne i Irak 
Svært mange kristne flykta frå Irak etter den amerikanske invasjonen i 2003, frå blodige militsangrep, drap og borgarkrig som følgde. Andre kristne flytta nordover i Irak. Så kom IS til den nordlege storbyen Mosul i juni 2014. I august storma IS inn i dei kristne byane på Ninivesletta og i jesidiområda i Sinjar. I den sjølvstyrte kurdiske regionen nord i Irak fann hundretusenar kristne, jesidiar og andre vern. 

Eit IS-ultimatum tømde Mosul for kristne – det var innpå 40 000 av dei – sommaren 2014. Berre nokre titals er tilbake. Det er slutt for kristent liv i Mosul. 

– Kan vi forventa at kristne gløymer Mosul? Siste gongen kyrkjeklokkene ringte i Mosul var jula 2013. Det finst ikkje pengar til å byggja opp att alle kyrkjene som ligg i ruinar, og ingen kan bruka dei, seier Youkhana. 

I dag bor det kristne i berre sju av Iraks 18 provinsar, og det er aktive kristne samfunn i berre tre av desse: i to provinsar som ligg i den kurdiske regionen, den tredje er på Ninivesletta. Ein god del kristne som vart jaga på flukt frå byane på Ninivesletta, har ikkje våga seg heim. Dei som har vendt heim, har sett store krossar på hus og landsbyportar.

 

Kan vi forventa at kristne gløymer Mosul?

Emanuel Youkhana

 

Forfølging i bølgjer
Kyrkja i Irak blei grunnlagt då apostelen Thomas var på veg austover og tok evangeliet heilt til India. På eitt tidspunkt var kyrkja her den største i verda. Men kristne i det som i dag er Irak, har aldri levd under ein kristen herskar – dei har levd i det assyriske riket, i det persiske imperiet og sidan 600-talet under ulike muslimske herskarar, påpeikar Youkhana. Forfølginga og diskrimineringa har gått i bølgjer.  

Då Youkhana studerte i Bagdad på slutten av 1970-talet, var det store og levande kristne samfunn der. I den kyrkja han var prest i, Mar Odisho, kunne nattverden ta seks timar, og 4-500 barn var på sommarleirar. 

Kyrkjesamfunnet hans – The Assyrian Church of the East – hadde seks aktive kyrkjer i Bagdad. No er tre stengde. Berre 1000 menneske er tilbake rundt dei tre kyrkjene som er opne.  

– Før den amerikanske invasjonen i 2003 var det 1,3 millionar kristne i Irak, vel 5 prosent av eit folketal på 24 millionar. I dag er vi kring 200 000 av 44 millionar og utgjer, mindre enn 0,5 prosent. 

Vil skapa håp 
Youkhana og Capni gjer alt dei kan for å skapa håp – med hjelp til helse, skule, arbeidsplassar og kristent liv for unge. 
 
– Så lenge det er kristne i Irak, er det håp, seier han. 

Etter pandemien gjekk utvandringa ned. Det er blitt vanskelegare å klara seg i Vesten. No håpar Youkhana at ein tragisk brann under eit bryllaup i Qaraqosh på Ninivesletta i september – med over 150 døde – ikkje påskundar utvandringa på nytt. 

 

Så lenge det er kristne i Irak, er det håp. 

Emanuel Youkhana 

 

I Irak står alle dei religiøse minoritetane i skvis.  

– Vi krev ikkje privilegium, men like rettar. Vi kristne er ikkje forfølgde no, men vi er diskriminerte. Skulepensum har ikkje spor av 2000 års kristen historie. Kristne, jødar, jesidiar og mandearar er ikkje nemnde. Og det har lenge vore aukande islamisering av folks tankesett. seier Youkhana og legg til: 

– Vestlege land som vil støtta Irak, må krevja at minoritetane blir sikra. Irak har ressursar til å bli eit godt land igjen. Men den dagen vil kanskje landet vera heilt tømt for kristne. Det må vestlege land ta inn over seg. 

 

AKTUELT

Prosjekt