Har berga nær 3000 menneske på desperat flukt frå Nord-Korea - Stefanusalliansen
Mor og datter fekk hjelp på dramatisk flukt gjennom Kina. Foto: Helping Hands Korea

Mor og datter fekk hjelp på dramatisk flukt gjennom Kina. Foto: Helping Hands Korea  

Nord-Korea   

– Vi har ikkje fullstendig oversikt, men eg er sikker på at talet ligg ein stad mellom 2000 og 3000. Det er eit kvalifisert overslag, seier Peters til Magasinet Stefanus i eit videointervju frå Seoul i Sør-Korea. 

Hjelpearbeidet til Helping Hands Korea (HHK) har aldri vore så omfattande som det var i åra med pandemi. Mange andre aktørar måtte innstilla hjelpa til menneske på flukt fordi fluktrutene ikkje kunne brukast på grunn av forsterka kinesisk kontroll og nye restriksjonar. 

«Eit mirakel» 
Då gjekk langt fleire naudrop enn nokon gong til HHK som har ulike ruter med hjelp av koreansk-kinesiske kyrkjer og andre hjelparar i Kina. Over 600 nordkoreanske flyktningar er blitt redda i tryggleik sidan starten av 2020.  Av dei 229 flyktningane som i år 2020 vart tekne hand om av South Korean Unification Ministry etter at flyktningane kom til Sør-Korea, hadde 203 fått hjelp nettopp av HHK. 

– Det er eit mirakel at arbeidet vårt kunne halda fram under pandemien, seier Peters. 

Hjelp i 27 år 
I 1996 etablerte Peters organisasjonen Helping Hands Korea (HHK). Flyktningar frå Nord-Korea står i konstant fare for å bli grovt utnytta av kinesiske arbeidsgjevarar. Dersom dei bli oppdaga av kinesisk politi, blir dei sende med tvang tilbake til fangeleirar Nord-Korea. Under pandemien var grensa mot Nord-Korea stengt. På grensa sit kring 2000 internerte, ifølgje Wall Street Journal. 

Mange flyktningar vert gøymde av uregistrerte koreansk-kinesiske kyrkjer i Kina. HHK brukar hemmelege fluktruter fram til Yunnan-provinsen sør i Kina. Der vert flyktningane tekne vidare gjennom Laos og så til Thailand, før flyturen går til Sør-Korea. 

Peters og staben koordinerer operasjonane frå Seoul. Først vel dei ut flyktningar: 

– Vi ser alltid etter dei mest sårbare: kvinner med barn, fortel Peters. Også nokre eldre og menneske med funksjonshemmingar får hjelp. 

Ny menneskehandel 
Sist vinter blei Kinas pandemi-stengde grenser opna igjen. Det inneber også at handel med kvinner som vert tvinga inn i ekteskap med kinesiske menn, tragisk nok starta opp att.  

Kvinner frå Vietnam, Myanmar og Nord-Korea vert frakta til Kina – eller dei flyktar sjølve frå Nord-Korea. Kina lid under eit stort underskot av kvinner. Eittbarnspolitikken rådde lenge – med mellom anna stort omfang av abort av jentefoster i familiar som ville ha ein gut som einaste barn. Mange nordkoreanske kvinner på flukt er blitt selde til kinesiske menn. 

At menneskehandelen har starta opp att, merkar også Tim A. Peters og Helping Hands Korea. I juni i år var ei kvinne og dottera hennar del av ei gruppe som fekk hjelp ut av Kina. 

Dei to flykta frå Nord-Korea i 2012. Kvinna vart seld som brud til ein kinesisk mann. Kvinna og dottera flykta frå mannen i 2019. Men kvinna klarte ikkje å finna arbeid utan ID-papir og  vaksinesertifikat. I juni i år fekk ho HHK-hjelp til flukt ut av Kina. 

 

Menneskehandlarar selde meg til ein kinesisk mann. 

Young-sook, nordkoreansk flyktning 


 

Grensa mellom Sør-Korea og Nord-Korea har strengt vakthald i ei demilitarisert sone. Folk som flyktar, gjer det difor gjennom Kina. Foto: Shutterstock

Hjelp til flukt 
Kvinna Young-sook, som fekk hjelp i fjor, fortel her si historie: 

«Eg flykta til Kina i 2016. Menneskehandlarar selde meg til ein kinesisk mann. Han driv byggjearbeid, og forventa at eg skulle arbeida i firmaet hans. I 2019 skada eg det eine beinet mitt på ein byggjeplass. Eg trengde medisinsk hjelp i seks månader, men eg kunne ikkje få den behandlinga eg trengde fordi eg som avhoppar frå Nord-Korea manglar ID-kort. Eg byrja å ta meg fram på eitt bein. Det fekk mannen, som eg budde i huset til, til å sjå ned på meg fordi eg ikkje klarte å bruka begge beina. Og endå verre – han diskriminerte meg på grunn av dette. Difor stakk eg av.» 

I ein annan by gav kristne henne arbeid på kjøkkenet til ei kyrkje. Men den uregisterte kyrkja vart stengt av regimet. Kvinna hadde ingen stad å gjera av seg. 

I si naud bad ho Helping Hands Korea om hjelp. Young-sook vart teken med i ei gruppe der også ei enke, Kim, saman med den utviklingshemma sonen, Jae-Hoon, kom seg trygt ut.  

Midlar frå Stefanusalliansen sikra desse tre og 42 andre avhopparar fridom i 2022. Helping Hands Korea har vore støtta av Stefanusalliansen i meir enn 15 år. 

–  Herren har leia oss gjennom «minefelt» av vanskar og hjelpt oss til å gjennomføra prosjekta, ofte med Guds innovative taktikkar for å unngå hindringar. Gud arbeider alltid best, seier Peters. 

 

Herren har leia oss gjennom «minefelt» av vanskar

Tim A. Peters
 

«Vi er takksame» 
I avisa Dagen blei pastor Seungeun Kim i Caleb Mission intervjua i sommar. Han fortalde at han gjennom 20 år hadde hjelpt over 1000 menneske i tryggleik – og brukt  same fluktrute alle åra. 

Men då pandemien kom, måtte dei stengja ruta. Kim har ikkje kunna hjelpa ein einaste flyktning sidan starten av 2020. Han fortalde at han prøver å finna ei ny rute. 

Helping Hands Korea hadde altså i same periode hjelpt over 600 flyktningar. Peters er kritisk til at Caleb Mission har publisert videoar frå fluktruta, noko Peters og andre meiner er ein stor tryggingsrisiko. 

– Vi i HHK er takksame for å kunna hjelpa, seier Tim A. Peters. 

AKTUELT

Prosjekt