Han fortel russiske turistar om Russlands krig mot hans eige land - Stefanusalliansen
Giorgi Abulashvili, her fotografert i pinsekyrkja han er med i i Tbilisi, er fritidspastor oppe i fjella, for folk som vart jaga på flukt under russisk invasjon i 2008.

Giorgi Abulashvili, her fotografert i pinsekyrkja han er med i i Tbilisi, er fritidspastor oppe i fjella, for folk som vart jaga på flukt under russisk invasjon i 2008.  


Som guide forklarar Giorgi Abulashvili russiske turistar at Russlands krig mot broderfolket i Ukraina er ei stor skam. Giorgi krev respekt russisk for sitt eige land, Georgia.

– Eg fortel russiske turistar som kjem hit til Georgia, om krig og russisk okkupasjon. Dei skal vita kva som har skjedd, seier Giorgi Abulashvili (42).

Russisk invasjon
For 16 år sidan invaderte Vladimir Putin Georgia for å støtta to utbrytarrepublikkar som reiv seg laus frå landet til Giorgi.

Sidan 2018 har Giorgi som fritidspastor leia ei lita kyrkje fem mil frå hovudstaden Tbilisi, i ein karrig landsby høgt oppe i fjella. Landsbyen blei bygt opp for georgiarar som vart jaga på flukt frå Sør-Ossetia etter den russiske invasjonen i 2008. I den nye landsbyen fekk kvar familie fekk eit lite hus på 50-60 kvadratmeter. Der dei dyrkar dei grønsaker, nokre har husdyr. Snøskavlane der oppe bli eit par meter i sterk vind om vinteren. Det er svært knapt med drikkevatn. Alle arbeidsplassane ligg eit godt stykke unna landsbyen.

Innpå 500 menneske bur i landsbyen for menneske som mista alt under krigen i Sør-Ossetia. Giorgi driv, saman med kona og søstera hennar, den vesle evangelikale kyrkjelyden, den einaste kyrkja i landsbyen. Dei har gudsteneste kvar tysdag, barnesamlingar kvar fredag og dei har tilbod både for kvinner og tenåringar ein gong i månaden.
 

Frå landsbyen der Giorgi er pastor for ei kyrkje blant folk jaga på flukt frå Sør-Ossetia i 2008.

Midt i klemme
I den vesle kyrkja står pastor Giorgi midt i klemma som heile landet hans er i.

– Somme meiner at den dåverande regjeringa i Georgia hadde skulda for krigen i 2008, at dei måtte vita at dei ikkje kunna vinna krig mot Russland og at konflikten burde blitt løyst fredeleg.  Andre klandrar Russland, dei meiner at russisk mentalitet er at alt som ein gong var Sovjetunionen, vil Russland ha tilbake, seier Giorgi.

Sterk ortodoks kyrkje
Den ortodokse kyrkja i Georgia er ein svært sterk institusjon med stor innflytelse.

– Vi vart eit kristent land alt i det fjerde hundreåret. Forfedrane våre verna landet og kjempa mot muslimske nasjonar som okkuperte oss. I det lyset blir vi som evangelikale kristne av ortodokse kristne ofte sett på som svikarar, som ei sekt. Det gjeld også somme i landsbyen, fortel han.

Eit av dei 50-60 kvadratmeter store husa vert brukt som kyrkje. 10-12 kjem til gudsteneste. Tidlegare kom 25. Men av dei er nokre døde, andre har reist frå landet og somme har gifta seg utanfor landsbyen.  Derimot kjem det over 30 barn til barnemøta, og 10-15 på tenåringssamlingane.

– Ei viktig årsak til at eg held fram dette arbeidet, er barna og dei unge, dei er framtida til landsbyen. Vi kan så Guds ord i dei, vi gjer det vi kan, men resultata avhengig ikkje av oss.

Barna og dei unge, dei er framtida til landsbyen.

Her er flokken som kjem til gudsteneste i kyrkja som Giorgi er pastor for oppe i fjellet.

Folket er delt
Giorgi konstaterer at folket hans er delt:

– Dei unge som er fødde etter at Sovjetunionen braut saman i 1991 og Georgia blei sjølvstendig igjen, oppfattar Russland berre som eit land som driv krig og okkupasjon og vil ikkje ha samarbeid. Eldre menneske som hugsar sosial omsorg i Sovjetunionen, trur derimot at Russland er ein betre partnar, og dei seier at dei heller vil ha ortodokse kristne verdiar frå Moskva enn liberale verdiar frå vest. Eg står mellom dei to posisjonane. For meg er Russland ein aggressiv okkupant. Men eg vil ikkje vera fiende av det russiske folket, eg vil vera ven med folket. Unge her kan ikkje russisk, og eldre kan ikkje engelsk. Min generasjon er i midten. Eg kan russisk, og det gjev meg mange fordelar, seier Georgi og legg til:

–   Problemet med Russland er at dei vil ha kontroll over territorium og krev at Georgia minimum skal vera som Belarus, eit land som Putin har full kontroll over.

Viser dei russisk krig

Som guide og sjåfør har Giorgi flest russiske turistar. I møte med desse har han ein klar strategi:

– Eg viser dei kulturen og gjestfridommen vår. Eg fortel dei russiske turistane om krigen og om russisk okkupasjon slik at dei skal vita kva som har skjedd. Dei aller fleste reiser heim med eit endra syn på Georgia. Dei forstår at Georgia som nasjon er mykje eldre enn Russland. Vi er ikkje eingong slektningar. Georgia var rett nok ein del av det russiske imperiet frå 1801 til 1918 og deretter ein del av Sovjetunionen til 1991. Men det tyder ikkje at Georgia er ein del av Russland.

Giorgi fortel at somme russiske turistar ser på folk i Georgia som «tilbakeståande bønder».

– Etter at dei har vore her, ser dei at vi har ein mange hundre år gamal sivilisasjon. Dette er min måte å byggja venskap på. Venskap og naboskap må byggja på kunnskap, respekt og suverenitet over territorium. Det hender at russiske turistar argumenterer mot meg. Dei trur at Georgia om ti-15 år blir ein del av Russland igjen. Men dei er eit mindretal.

 

Eg fortel dei russiske turistane om krigen og om russisk okkupasjon slik at dei skal vita kva som har skjedd.

 

Blanda familie
Bestemor på farssida til Giorgi er ukrainsk. Kona hans er etnisk russisk, vaksen opp i Tbilisi

– Eg er georgisk, men altså med 25 prosent ukrainsk blod. Eg støttar Ukraina 100 prosent. Til russiske turistar seier eg at det er ei stor skam at det er krig mellom to slektningar som begge starta historia si i Kyiv. Eg fortel dei at Russland i si tid anerkjente den ukrainske grensa. Den grensa må respekterast i dag. Ja, det bur russarar i Donbass og på Krym. Men det gjev ingen rett for Russland til å ta territorium. Det må vera lov å snakka russisk i Ukraina. Men ingen rett til å ta territorium. Nokre russarar opponerer mot meg, men ikkje alle.

I klemme
Georgia står i klemme mellom dei som vil til Europa og dei som vil binda seg til Russland. Valet i oktober var ein konfrontasjon mellom dei to leirane. Det russisk-venlege regjeringspartiet Georgisk draum erklærte seg som vinnar. Men både georgiske aktørar og internasjonale observatørar klagar på valfusk.

Pastor Giorgi seier at det er spørsmål som ikkje har fått svar og at «det ikkje ville vore feil å telja røystene på nytt». Han meiner ein god idé er ei koalisjonsregjering.

– Georgias retning er Europa og demokratiet, og i Europa er det vanleg med samarbeidsregjeringar, seier Giorgi.

AKTUELT

Prosjekt