Han delte ut kristne traktatar – pastor er dømt til eitt års fengsel - Stefanusalliansen
Keshab Acharya ber om forbøn før han må møta i Supreme Court. 

Keshab Acharya ber om forbøn før han må møta i Supreme Court.   

Nepal*   

NB: Oppdatering 06.10.2023. Lågare domstol reduserte i 2022 straffa frå to til eitt års fengsel. Den 6. oktober 2023 stadfesta Høgsterett sommen. Acharya må eitt år i fengsel.

No skal den øvste domstolen i Nepal avgjera saka. 

– Vi må vinna saka. I motsett fall får vi presedens imot oss. Det handlar om retten til å praktisera trua vår og forkynna evangeliet, seier Dilli Ram Paudel, generalsekretær i Nepal Christian Society. 

Dommen mot Acharya er den første etter den nær tre år gamle lova som forbyr konvertering. 

Nepal, klemt mellom Kina og India, har eit hinduistisk fleirtal. Landet har kvitta seg med det hinduistiske kongedømet og blitt sekulær republikk. Men sekularisme er i grunnlova definert som vern om hinduismen. All konvertering er forbode. 

 

Eg har aldri tvinga nokon eller pressa nokon til å skifta tru. 

Keshab Acharya 

 

Arrestert etter forbøn 
Pastoren har sete i fengsel nær fire månader til saman og betalt store summar i tre kausjonar etter den første arrestasjonen 23. mars i 2020, i starten på pandemien. Pastoren hadde i Jesu Kristi namn bede for koronasjuke. Eit klipp av ei preike på YouTube vart, ifølgje pastoren, teke ut av sin samanheng. 

– Eg vart håna i sosiale media, fortel Acharya. 

Så kom politiet. Han vart arrestert, skulda for å ha spreidd falsk informasjon om viruset. Men Acharya avviste blankt at han hadde fortalt folk at dei kunne unngå viruset ved å bli kristne. 
 

I denne frittståande kyrkjelyden er Keshab Acharya pastor. Foto: privat

Acharya vart sett fri etter drygt to veker, berre for nokre minutt etterpå å bli arrestert på nytt. No vart han bura inne for å ha «opprørt religiøse kjensler» og for brot på forbodet mot konvertering. Den 3. juli 2020 slapp han ut mot ein kausjon tilsvarande 25 000 kroner – ein svært høg sum i Nepal. 

I 2021 blei han i to rettsinstansar dømt til to års fengsel og ei bot. Den 22. november måtte Acharya møta i ei av ein serie rettshøyringar. Til hans og familiens sjokk blei han frå rettssalen sendt rett i ei fengselscelle. Familiefaren slapp først ut – mot ny kausjon på julekvelden etter å ha anka. 

«Har aldri pressa nokon» 
I Høgsteretten – Supreme Court – er saka alt utsett to gonger. Den 16. juni er neste høyring. 

– Eg har aldri tvinga nokon eller pressa nokon til å skifta tru, seier Keshab Acharya. 

Han delt ut mange kristne traktatar. Under etterforskinga fann politiet ein mann som hevda at Acharya hadde gitt han ein traktat og bede han bli kristen. Det var «provet» på brot på forbodet mot konvertering. Men mannen blei aldri ført som vitne i retten. Kona til Acharya, Junu, seier til nettavisa Morning Star News at folk som fekk traktatar, fortalde politiet at mannen hennar ikkje hadde bede dei konvertera. «Han gav oss papiret, vi las og kasta det. Det var det», har desse fortalt. 

– Det var ingen vitne, ikkje eit einaste, som kunne stadfesta skuldinga som Keshab er dømt for, seier Junu Acharya.  

Månader i fengsel 
Acharya seier at månader i fengsel var svært vanskeleg. 

– Eg tenkte på dei små barna mine og på kona mi og på dei truande. Eg ropte til Herren. Eg bad om at dersom Han ville at eg skulle gå gjennom dette, ville han også få meg ut. 

Acharya leier ei uavhengig, karismatisk kyrkje. Andre pastorar har sagt at han burde vera meir varsam. Men Acharya forsvarar YouTube-preiker og utdeling av traktatar og seier at retten til å dela evangeliet også gjeld i det offentlege rommet. 

Acharya håpar at saka ikkje vert utsett endå ein gong. Så langt har heile prosessen kosta mellom 40 000 og 50 000 dollar, ifølgje støttespelarane til pastoren. 

Ein av dei er BP Khanal, sentral i det kyrkjelege arbeidet for å hjelpa folk som vert skulda for lovbrot. 

– Eg fryktar saka mot Acharya er del av ein planlagt aksjon mot det kristne samfunnet. 

Om dei store kostnadene seier BP Khanal: 
– Diverre er ikkje rettssystemet for vanlege folk, det er til for makta. 

Dilli Ramm Paudel har sjølv vore arrestert og tiltalt, men blei frikjent.  Foto: Johannes Morken 

Arrestert – og frikjent 
Dilli Ram Paudel i Nepal Christian Society har vore arrestert sjølv, skulda for forsøk på konvertering. I 2019 blei han halden sju dagar i varetekt før han slapp ut mot kausjon. Påtalemakta kravde fem års fengsel. Ram vart frikjent både i District Court og i High Court. 

Men saka var ei påkjenning. I to år var Paudel rekna som kriminell. Han måtte stilla i avhøyr og to rettssaker utan å vita om han kom heim etterpå. 

– Eg vart til slutt frikjent og slapp heldigvis å kjempa i den øvste domstolen, seier han. 

Dit må altså pastor Acharya. 

«Vi skal vera fri» 
Ein av dei som skal forsvara pastoren, er den kristne advokaten Kailashman Sashankar. 

– Friviljug konvertering er ikkje eit brotsverk. Vi skal vera fri til å praktisera trua og forkynna evangeliet, offentleg og privat, utan frykt og trugsmål, så sant vi ikkje skadar nokon, seier advokaten og legg til: 

– Problemet er at éin religion vert verna, medan andre vert hindra. Vi skal vera like for lova og ha same vern av lova. 

FØRST PUBLISERT I MAGASINET STEFANUS 4-2023

AKTUELT