Gjev bibelsk håp til fattige gjester med djupe traume - Stefanusalliansen
Hrayr Jedian i Bibelselskapet i Golfen saman med fader Bedros som leier Den armensk-ortdokse kyrkja i Golfen.

Hrayr Jedian i Bibelselskapet i Golfen saman med fader Bedros som leier Den armensk-ortdokse kyrkja i Golfen.  


Bilete av Dubai viser høge bygningar, gigantiske glasflater og rike forretningsmenn og turistar. Men menneska som byggjer skyskraparar og bustadblokker, ser vi ikkje på bileta. Vi ser ikkje dei lutfattige kvinnelege hushjelpene heller.

Gjestearbeidarar, som aldri får statsborgarskap og pass, bur i arbeidsleirar utanfor byen. Fem-seks personar deler ein sovesal. Det er dårlege sanitærforhold og  elendige løner – og smått med privatliv og helsestell.

Frå vekst til nedgang
I Dubai (eitt av Dei sameinte arabiske emirata) er nær 90 prosent av folket gjestearbeidarar.

I Kuwait er 70 prosent gjestearbeidarar. Mange kom etter at Kuwait var frigjort frå den irakiske okkupasjonen i 1991 og landet opplevde ny vekst. I dag er det er verre å få arbeid og det er dyrt å bu.

– Talet på folk som mistar jobben, som gjer seg skuldige i brotsverk eller tek livet sitt  aukar, seier Hrayr Jebedian. Han er generalsekretær for Bibelselskapet i Golfen. Magasinet Stefanus møter han i Kuwait. Derifrå leier han eit bibelarbeid for sju land.

Eitt av dei 26 programma til Bibelselskapet er eit bibelsk basert program for å handtera traume.

– Det er utvikla særleg for gjestearbeidarar som har opplevd overgrep eller seksuelt misbruk og for rusavhengige og einsame. Vi brukar det også for å førebyggja sjølvmord og hjelpa etterletne etter sjølvmord, seier Jebedian og legg til:

– Mange aktørar dekkjer livsviktige sosiale, økonomiske og medisinske behov. Men Bibelen endrar måten menneske ser på liva sine på.

Bibelske forteljingar
Mange fattige gjestearbeidarar er analfabetar eller svært dårlege til å lesa og skriva.

– Eit av programma våre er “Bibelen som historieforteljing”. Det hjelper folk som ikkje kan lesa til å forstå Bibelen. Dei kan kjenna seg att i bibelske historier og sjå at livet kan endrast, seier Jebedian.

Bibelselskapet hjelper også kyrkjene med leiartrening av pastorar, som ofte gjer pastorjobben som friviljug teneste utan opplæring.

Bibelselskapet har kontor i Kuwait, Bahrain, Oman, Dei sameinte arabiske emirata og Qatar. Så langt er Saudi-Arabia stengt. Store endringar har skjedd under kronprins Mohammed Bin Salman – kjent som MBS. Men sjølv om MBS har redusert makta til den ekstreme wahabismen, opnar islams heimland ikkje for anna tru enn islam.

 

Det vi har oppnådd, er utan tvil ved Guds nåde og ved samarbeid med styresmaktene.

Hrayr Jebedian, generalsekretær


 

17 000 biblar, 1000 nytestamente og 17 000 bøker gjekk ut frå Bibelselskapet i Golfen i fjor, her frå bibelbutikken i Dubai.

Kyrkjeleg mosaikk
Uoffisielt er det fire-fem millionar kristne gjestearbeidarar på Den arabiske halvøya. På tomter gitt av herskarane er det i 17 byar bygt over 40 kyrkjebygg for gjestearbeidarane.

Nesten alle kristne trusretningar er her, den katolske kyrkja er størst. Ikkje alle kyrkjesamfunn har fått byggja kyrkjer. Mange må difor dela same kyrkjerom. I dei travlaste kyrkjebygga er det kamp om gudstenestetidene og travelt å halda tilmålt tid for å sleppa neste forsamling til.

Det er fulle hus frå morgon til kveld på fredagane i Kuwait, Bahrain, Oman og Qatar. Det same er det på søndagane i Dubai som – for å trekkja til seg turisme og forretningsliv – oppsiktsvekkjande nok har gjort søndagen til fridag.

– Denne påtvinga økumenismen i kyrkjebygga har skapt fantastiske døme på samarbeid – og nokre gonger rivalisering. Kyrkjelydar må læra å leva saman med ei felles stemme overfor styresmaktene for å ha ei teneste blant gjestearbeidarar, seier Jebedian.

Deler trua
Jebedian er gripen av kor sterkt mange gjestearbeidarar er knytte til kyrkjene.

– Kyrkja er viktigare for dei her enn i heimlandet, seier han og snakkar om «multiplikasjonsfaktoren».

–  Folk frå heile verda møter Guds sanning og kjærleik på Den arabiske halvøya. Når dei  returnerer til heimlandet, deler dei trua med familiane sine.

 

Folk frå heile verda møter Guds sanning og kjærleik på Den arabiske halvøya. Når dei  returnerer til heimlandet, deler dei trua med familiane sine.

Hrayr Jebedian

 

Då Bibelselskapet i Golfen i 2016 for første gong deltok på den prestisjetunge bokmessa i Bahrain, som den einaste kristne aktøren, fekk standen ei oppmuntrande helsing frå ein besøkjande:

«Våre muslimske samfunn treng organisasjonar som dykk for å hjelpe dei å lære og forstå den kristne trua og lære å sameksistere med kvarandre. Dykkar nærvær her viser verdien av å leve i harmoni med ulik tru og å forstå kvarandre betre.»

Importerer biblar på lovleg vis
– De legg vekt på eit godt samarbeid med styresmaktene. Kvifor?

– Som bibelselskap er vi plikta til å respektere lovene i landa vi arbeider. Vi importerer biblar og bøker gjennom lovlege kanalar. Gjennom åra har vi bygt opp eit tillitsfullt  forhold. Det er ikkje alltid enkelt å samarbeida med offentlege organ i vår del av verda. Prosessar kan la lang tid. Men tolmod løner seg.

Jebedian har leia Bibelselskapet i Golfen sidan 1990.

– Ingenting av det du no kan sjå av arbeidet vårt, eksisterte den gongen. Det vi har oppnådd er utan tvil ved Guds nåde og ved samarbeid med styresmaktene. Jo meir lovleg det vi gjer er, jo meir rom for arbeidet får vi til slutt. Å driva ulovleg har inga framtid.

FØRST PUBLISERT I MAGASINET STEFANUS 5-2024
 

AKTUELT

Prosjekt