Georgisk draum står på kanten av diktaturet - Stefanusalliansen
Sameba-katedralen i Tbilisi.

Sameba-katedralen i Tbilisi.  


Denne kronikken vart publisert i Klassekampen før valet i Georgia. No er dei som er siterte i kronikken, med på demonstrasjonar mot regjeringa som mange meiner har rigga valresultatet. Det er kome mange klager på val-gjennomførainga som er sterkt kritisert av valobservatørar frå OSSE. «Be for landet mitt», seier pastor Zaal som er sitert.

---

I gamlebyen i Tbilisi i Georgia kan eg få kjøpt postkort med bilete av Josef Stalin. Han var georgiar og studerte teologi i byen. Men i staden for å bli ortodoks prest, blei han sovjetisk diktator og ein av dei verste tyrannane i verdshistoria.

Kor mange millionar liv Stalin har på samvitet, dersom han hadde samvit, er det mange i Georgia som ikkje veit. At Stalins terror kosta  menneskeliv, er kjent. Men som ein guide og ikkje-ortodoks pastor forklarar meg om stemninga i landet, vel å merka ikkje sitt eige syn: Dødsoffera måtte til for at Stalins og Sovjet skulle stå sterkt i kampen mot Hitler.

Diktatur mot demokrati

Putins historieforteljing er altså utbreidd. Georgia står i klemme mellom Putins diktatur og demokratia i Europa. Den verkelege herskaren i Georgia er ikkje regjeringssjefen, men oligarken Bidzina Ivanishvili. Æresformannen for regjeringspartiet Georgias Draum lærte seg autoritær maktbruk og sikring av store pengar i Moskva.

Gjennom Ivanishvilis russisk-venlege og i aukande grad autoritære styre synest Putin å ha sikra seg nok kontroll over Georgia. At Putin invaderte Georgia i 2008 til støtte for to utbrytarrepublikkar, blir ikkje brukt mot han av dei russisk-venlege. Dei ser på han som viktig partnar for handel og verdiar. Georgias Draum hevdar på si side at dei er dei einaste som kan hindra russisk okkupasjon.

I Tblisi møter eg Mariam Gavtadze, ein av leiarane i menneskerettsinstituttet Tolerance and Diversity Institute (TDI).  Ho er djupt uroleg før valet 26. oktober:

«Georgia står ved det mest avgjerande vegkrysset sidan landet vart uavhengig i 1991», seier ho. «Ja, vi hadde invasjonen i 2008. Men aldri før har vi hatt ei regjering som vil gje landet vårt i hendene på Russland.»

 

Aldri før har vi hatt ei regjering som vil gje landet vårt i hendene på Russland.

Mariam Gavtazde
 

Mariam Gavtadze i TDI. Foto: TDI

«Den russiske lova»
I hastefart pressa regjeringa i vår gjennom ei lov kritikarane, inkludert president Salomé Zourabichvili, kallar «den russiske lova» – ein kopi av ei lov Putin innførte i Russland i 2012. Alle organisasjonar som får meir enn femteparten av midlane frå kjelder utanfor Georgia, må registrera seg som «utanlandske agentar».

Mariam Gavtadze er ikkje i tvil om at lova vart pressa gjennom for å bli brukt mot opposisjon før valet. Lova skal ta nakketak på og stigmatisera kritiske og uavhengige røyster.

TDI er sjølv direkte ramma av «den russiske lova». Instituttet får viktige økonomiske tilskot ikkje mist frå EU. Det er ei naturleg kjelde til finansiering i eit land som har lovd EU å utvikla demokratiet. Georgia søkte i 2022 om status som kandidatland og fekk ja i desember 2023.

Veto vart overstyrt
Men så blei «den russiske lova» pressa gjennom berre månader etterpå. EU svarte at lova var eit tilbakesteg og kunne seinka prosessen mot medlemskap. Den 8. oktober varsla EU-delegasjonen i Georgia at landet kjem til å mista støtta på 121 millionar euro, omtrent 1,4 milliardar kroner, skriv Reuters. EU meiner landet tek steg vekk frå demokratiet.

Regjeringa slo brutalt ned på store, ungdommeleg prega demonstrasjonar. President Salomé Zourabichvili  la ned veto mot lova i vår. Men vetoet blei overstyrt av parlamentspresidenten. No i oktober varsla regjeringa at presidenten vil bli stilt for riksrett før valet for sin kontakt med europeiske leiarar.

«Dette er ikkje uventa konsekvensar av regjeringas udemokratiske, anti-vestlege og anti-konstitusjonelle handlingar. Etter kvart som valet nærmar seg, vil det styrande partiet opptre meir hysterisk, udemokratisk og skadeleg», seier Gavtadze.

TDI bur seg på meir vald mot opposisjonen og mot sivilsamfunnet. Regimet har vist kva dei er i stand til.

Under kraftig press
«Den russiske lova», eller «agentlova, vart sett ut i livet 3. juni. Tusenvis av organisasjonar fekk då 60 dagar på seg til å registrera seg som «utanlandske agentar», gitt pengar utanfrå. For TDI er situasjonen absurd: Å ta imot tilskot frå EU som Georgia gjennom kandidatstatusen var på veg inn i, gjer no organisasjonen til «utanlandsk agent». TDI nektar å registrera seg etter «den russiske lova».

Ei mengd mindre religiøse organisasjonar er også direkte ramma. Mariam Gavtadze i TDI seier ho knapt kan førestilla seg kva press det vil bli retta mot  desse for å spora gåver. Dette vil ramma trusfridommen. Organisasjonane og kyrkjesamfunna må gje frå seg sensitiv informasjon både om organisasjon og medlemmar.

Pastor Zaal Tkeshelashvili (t.h.) saman med ekteparet Dea Darsila og Rene Lomas fryktar for framtida til både kyrkja si og landet dersom regjeringspartiet Georgias Draum vinn valet. Foto: Johannes Morken

«Overvaking»
I Tbilisi møter eg også pastor Zaal Tkeshelashvili, ein svært få frittalande pastorar. Han leier ei  evangelikal kyrkje. Zaal samanliknar lova med at «staten installerer overvakingskamera i kvart einaste hjørne for å kontrollera det religiøse eller private livet til dei truande».

Han møter meg saman med eit ungt ektepar. Ho er georgiar. Mannen er amerikansk statsborgar, busett for godt i Georgia. Alt han gjer for kyrkja eller gjev kyrkja – arbeidstid, pengar eller ein gitar – må registrerast som inntekter frå utlandet. Både kyrkja og medlemmer kjem under statleg press.

Kyrkja har dessutan hatt viktig juridisk hjelp av TDI og fryktar også av den grunn «den russiske lova». Mariam Gavtadze vil gjerne at TDI framleis skal finnast for å hjelpa til dømes små religiøse samfunn i møte med makta. Men framtida for instituttet er svært usikker etter registrerings-nekten.

«Vi reknar med høge bøter. Men vi har kalkulert med at regjeringa ikkje vil klara å likvidera oss før valet. Vi har ingen planar for tida etter valet. Vi er nøydde til å kjempa for å vinna», seier Mariam Gavtadze og avsluttar:

«Håpet er at valet sender oss tilbake til EU-sporet, at vi får fundamental fridom og at vi går framover – men ikkje i retning nord.»

I nord ligg Vladimir Putins Moskva.

FØRST PUBLISERT I KLASSEKAMPEN 

AKTUELT

Prosjekt