FSB-offiserar oppsøkte prestar, åtvara mot å kritisera krigen - Stefanusalliansen
Nina Belyayeva

Nina Belyayeva  


Offiserar frå det hemmelege russiske politiet FSB oppsøkte prestar og pastorar og åtvara dei mot å kritisera krigen i Ukraina.

Det seier ein protestantisk pastor i Russland. Åtvaringa gjaldt både gudstenester og sosiale media. FSB er etterfølgjaren etter KGB i Russland.

Den lutherske erkebiskopen Dietrich Brauer, som har flykta frå Russland, seier at ved starten av krigen kom det eit klart krav frå administrasjonen til Putin: Religiøse leiarar skulle forsvara «spesialoperasjonen i Ukraina». Det melder Forum18 News Service som dokumenterer brot på trusfridommen i landa som fram til 1991 utgjorde Sovjetunionen.

Sensur og press
Russlands invasjon av Ukraina har resultert i endå strengare sensur og kontroll av russiske religiøse samfunn, andre organisasjonar, media og enkeltpersonar. Det har skjedd ved å straffeforfølgja folk for brot på den hastvedtekne lova mot «å diskreditere dei væpna styrkane» eller «spreiing av falsk informasjon» om hæren.

Eller det har skjedd ved press frå statlege styresmakter og leiinga i Den russisk-ortodokse kyrkja om ikkje å fordømma eller kritisera krigen. Det har til og med kome krav om å støtta Putins «spesialoperasjon».

Patriark Kirill, overhovudet i Den russisk-ortodokse kyrkja, har heilt frå starten forsvart krigen. I ei preike søndag 6. mars forsvarte kyrkjeleiaren krigen som eit forsvar mot vestlege verdiar og særleg Pride-paradane.

«Latterleg»
Trass i dette har fleire russisk-ortodokse prestar kritisert krigen i Ukraina. Fader Nikolay Platonov la for eksempel ut ein YouTube-video som kritiserte patriarken for å ha «rettferdiggjort - faktisk velsigna - militæraksjonen i Ukraina». Presten avfeia patriarkens argument om «homoparadar» i Donbass som «latterleg».

Han seier også at bispedømmet hans har lagt press på kyrkjelydane for å få dei til å samla inn pengar til den russiske hæren i Ukraina: «Ingen spurte kva prestane meiner. Alle de som er usamde, blir identifisert – dei vil ta alle. Ingen vil sleppa unna.»

Om president Putin seier fader Nikolay: «Eg seier dette til dei som framleis kan sjå og høyra og som framleis har samvit: Spring, spring! Ein gal mann, eit undermenneske, sit ved makta og vil behalda makta for ein kvar pris. På forfengeleg-alteret sitt vil han leggja tusenvis, ja, hundretusenvis av menneske – dine barn og barna i ein nabostat.»

Ute av presteteneste
Platonov ba i byrjinga av april om bli teken ut av teneste, som «overtallig» – han ville bli verande prest, men ikkje vera tilsett i ei kyrkje eller ein kyrkjelyd. Han fekk innvilga søknaden. I ein video på YouTube forklarar presten avgjerda: «Eg kan ikkje vera stille lenger.»

Han sa også at etter videoen «vil kyrkjehierarkiet vårt uunngåeleg ønskje å bli kvitt meg med hjelp av ein skammeleg [juridisk] artikkel. Når ein prest i den russisk-ortodokse kyrkja byrjar å snakke sanninga, blir han automatisk (behandla som) ein pedofil, eller en tjuv, eller ein narkoman.»

«Vend deg frå det vonde»
Den 8. mai arresterte politiet i St. Petersburg Nikita Rezyukov utanfor Kazan-katedralen og sikta han for «å diskreditera bruken av dei væpna styrkane. Han bar ein plakat med eit sitat frå Salme 34,15: «Vend deg bort frå det vonde og gjer det gode. Søk fred og jag etter han!»

Russlands medievaktbikkje, Roskomnadzor, blokkerer nettstader med informasjon om krigen. Blokkert materiale inkluderer ein kviterussisk rapport om øydelegging av ukrainske religiøse bygningar.

«Eg vil følgja Kristus»
Nina Belyayeva er protestantisk kristen. Som medlem i kommunistpartiet vart ho valt inn i kommunestyret i Semiluk i Voronezh-regionen, søraust i Russland, i retning Donbass i Ukraina.

I slutten av mars tok Belyayeva ordet i kommunestyret. Ho kalla invasjonen eit krigsbrotsverk. Då andre representantar ropte mot henne, måtte Belyayeva gjenta bodskapen:

«Ein kristen er ikkje ein som ber eit krossteikn. Ein kristen er ein som følgjer Kristus og som set Guds ord og Kristi autoritet mykje høgare enn autoriteten til presidenten. For ein kristen er Kristi autoritet viktigare enn meininga til patriarken.»

Like etterpå røysta 20 av 23 medlemmar for å krevja henne straffeforfølgd. Kommunistpartiet ekskluderte henne, melder Forum18.

Sett på som kriminell
No er Belyayeva under etterforsking som kriminell. Ho er sikta for offentleg å ha spreidd falsk informasjon om den russiske hæren. I den uavhengige avisa Moscow Times forklarte Belyayeva at ho ikkje kunne teia, for dersom ho ikkje sa i frå, var ho ikkje «ein sann kristen og eit sant menneske». 

Belyayeva risikerte fengsel. I slutten av april flykta ho frå Russland.

Drog frå Russland
Fader Viktor Ioann Burdin, som blei bøtelagt for å ha protestert mot krigen, dorg frå Russland for halvanna veke sidan.

• LES BURDINS KRONIKK: «Prester forkynner drap som universalmiddel»
 

Fader Sergey Titkov var ein av 293 ortodokse prestar som signerte ein protest mot krigen. Han meiner at halvparten av dei er prestar som var busette i Russland. Han blei kalla inn til biskopen som ville ha han for kyrkjeretten. Det ville han ikkje, difor bad han om å gå av helsemessige grunnar.

 

 

AKTUELT

Prosjekt