‘Redd eg hadde laga handbok i øydelegging av kristne samfunn’
Helene Fisher avdekte mønster i målretta forfølgjing av kristne.
Helene Fisher og kollegaene hennar hadde laga ein rapport om kor systematisk forfølging av kristne menn og kvinner er. Dei som forfølgjer, rammar enkeltkristne der det smertar aller mest for heile kristne samfunn.
– Vi sat med ei handbok i destruksjon, for dei som ville øydeleggja kristne samfunn, seier Helene Fisher i Open Doors International.
Systematisk hadde Fisher og teamet hennar studert kjønnsspesifikk forfølging i dei kring 70 landa som har høg, svært høg eller ekstremt høg grad av forfølging på den årlege World Watch List.
Smertepunkt
Fisher og kollegaene hadde funne det dei kallar 30 trykkpunkt eller smertepunkt: Når dei som forfølgjer kristne på grunn av trua, treff slike punkt hos enkeltmenneske, undergrev angriparane samstundes ein familie, ei kyrkje eller eit heilt kristent samfunn.
Dei mest vanlege smertepunkta i forfølging av kristne menn er: Fysisk vald. Fengsling. Tap av jobb. Tvangsinnrullering i hær eller milits.
– Menn er gjerne dei som skaffar familien levebrød, eller dei er kyrkjeleiarar. Dei som vil forfølgja eit kristent samfunn, veit korleis dei skal ramma menn for å ramma kristne samfunn, seier Fisher.
Valdelege angrep og fengsling gjer forfølging av menn synleg, og vi kan skriva appellar. Forfølging av kvinner skjer bak stengde dører.
Helene Fisher
Valdtekter
Fisher fann også ut at menn og kvinner vert ramma svært ulikt, og kvinner vert angripne på fleire måtar enn menn.
Dei mest vanlege måtane å forfølgja kristne kvinner på, er gjennom tvangsekteskap, valdtekter og andre former for seksuell vald, psykisk vald og tvungen skilsmisse.
Medan statar ofte er involvert i forfølging av menn, er det militsar, lokalsamfunn eller familie som står bak overgrep mot kvinner.
– Kvinner og jenter vert ofte utsette for overgrep som rammar dei særleg fordi dei lever under krav om å vera seksuelt reine, seier Fisher.
Bortføring
Unge jenter, kanskje berre 14 år gamle, vert i land som Pakistan bortførde, utsette for seksuell vald, tvangskonverterte og gifta bort med tvang. Dei vert truga med at valdtektene vil bli offentleg kjent dersom dei rømmer.
– Jentene veit at ingen kristen mann vil gifta seg med dei dersom det vert kjent at dei er valdtekne. Difor kjenner mange seg tvinga til å bli i eit tvangsekteskap etter eit seksuelt overgrep, seier Fisher.
Ein Open Doors-rapport om kjønnsspesifikk forfølging har sett på 74 land i 2021. I 90 prosent av desse landa var det tilfelle av tvangsekteskap for å pressa kristne kvinner tilbake til det religiøse majoritetssamfunnet.
Rapporten viser at seksuell vald i mange land ikkje berre er eit sporadisk fenomen, men ein utbreidd måte å skaffa seg kontroll over kvinner på.
Farleg mønster
Så illevarslande var det mønsteret Fisher og kollegane fann første gongen dei sat med materialet sitt i 2018, at dei seriøst vurderte om dei skulle droppa å offentleggjera rapporten.
– Men vi kom til at for at vi skal kunna koma målretta religiøs forfølging til livs, må vi ha offentleg kjende fakta og god kunnskap. Difor offentleggjorde vi rapporten. Året etter, i 2019, kom vi med ein ny og endå meir utfyllande rapport. Spørsmålet om publisering eller ikkje vart endå meir presserande, seier Fisher. Men rapportane vert no publiserte kvart år, i 2021 under tittelen: «Same faith – different persecution».
Menn i fengsel, kvinner i skam
Forfølginga av menn skjer på måtar som ofte gjer at den vert offentleg kjent, medan overgrep mot kvinner gjerne skjer i det løynde.
– Valdelege angrep og fengsling gjer forfølging av menn synleg, og vi kan skriva appellar. Forfølging av kvinner skjer bak stengde dører, dei hamnar i skam og forfølginga er kompleks. Ofte kan ingen skriva appellar, seier Fisher.
- LES OGSÅ: Josephine ble stemplet som sviker da en islamistisk milits voldtok henne. Da begynte kampen om ære og skam.
«Imponerande hjelpemiddel»
Stefanusalliansen har utarbeidd eit hefte om trusfridom og rettane til kvinner.
Heftet «Freedom of religion or belief for everyone – women in focus» er laga av Vija Herefoss og Elisa Chavez, med hjelp av ei internasjonal referansegruppe.
Det handlar om korleis brot på trusfridomen rammar menn og kvinner ulikt, kva som undergrev kvinners trusfridom og kva vi kan gjera.
Heftet er på engelsk. Det kjem på arabisk seinare i år og på norsk, fransk og urdu neste år.
Den første delen av eit digitalt kurs om same tema er også klart. Det er utarbeidd av Lisa Winther.
Materiellet er laga med støtte frå Utanriksdepartementet.
– Dette er imponerande pionerarbeid. Diplomatane våre bør gå gjennom dette. Trusfridom er viktig ikkje berre for individa, men også for utvikling av demokrati og for fred mellom trusgrupper, sa avdelingsdirektør Harriet Berg i Utanriksdepartementet under lanseringa i Oslo 3. november.
Her finn du alle ressursane våre om trusfridom og kvinner
FØRST PUBLISERT I MAGASINET STEFANUS 7-2021. BESTILL GRATIS ABONNEMENT. Les også lese om Josephine som vart valdteken av islamistisk milts som ville undergrava kristent samfunn.