Frykt for kristen framtid i Syria - Stefanusalliansen
Ein opprørskrigar feirar Basher al-Assads fal.

Ein opprørskrigar feirar Basher al-Assads fal.  


«Vi er ferdige med kriminelle Assad. Men eg er ikkje sikker på framtida med folka som har teke over.» Det fortel George Andrea i Bibelselskapet i Syria i eit videointervju frå Aleppo. Storbyen i nord var den første byen opprørarane tok då dei på 12 dagar fekk det brutale Assad-regimet til å ramla.

«Kva ventar det oss? Vil dei akseptera oss kristne, slik dei har forsikra om? Eller vil det skje med oss som det skjedde kristne i Irak? Røtene deira er fundamentalistisk islam», seier Andrea.

Militsleiarane oppmoda kristne til å bli verande i Aleppo – ein del våga ikkje det. George Andrea sende meg foto frå eit møte 9. desember mellom kyrkjeleiarane i byen og militsleiarane. Dei siste var opptekne av å byggja tillit, melder Fides, nyhendebyrået til Vatikanet. Kristne skular med gutar og jenter i same klasse skal halda fram. Jula vil bli feira, med litt mindre festivitas.

200 kristne studentar blei trygt evakuerte heim til den sjølvstyrte kurdiske regionen i nordaust. Dette vart koordinert mellom kyrkjer i Aleppo og militsleiarar, fortel ei anna kyrkjekjelde meg: Emanuel Youkhana i den kurdiske regionen i Irak har tett kontakt med kollegaer i den kurdiske regionen i nabolandet Syria.

Islamistisk
Militsen Hayat Tahrir al-Sham (HTS) som starta i Aleppo før dei til slutt inntok Damaskus, har distansert seg frå opphavet i Al Qaida. Men HTS har framleis ein islamistisk agenda. Abu Mohammed al-Jolani proklamerte ein islamsk nasjon frå Umayaade-moskeen. Blir vern om minoritetar varig? Det står att å sjå.

Men nokre teikn er så langt gode. Då væpna menn skaut mot ei ortodoks kyrkje i byen Hama 18. desember, kom tryggingsstyrkar til for å sikra bygget og arrestera brotsmennene. Ein gravplass i ein kristen landsby nær Hama er vandalisert. Også der har tryggingsstyrkar lovd å ordna opp.

Frykt i kurdisk region
Men vi veit at det er andre jihadistgrupper i Syria, ikkje minst i aust, som Syria National Army. IS er heller ikkje død. Det er væpna jihadistar frå Tsjetsjenia. I nordaust erdet  langt mindre fredeleg enn i vest.

I den de facto sjølvstyrte kurdiske regionen i nordaust er det «uttalt og alvorleg frykt for framtida» både hos kristne og andre minoritetar, seier Youkhana. Vil dei nye leiarane i Damaskus sjå på dei kurdiske styrkane SDF som partnar? Eller vil dei, som Tyrkia, definera SDF som terrororganisasjon og nedkjempa sjølvstyret?  Både kurdarar, kristne og andre minoritetar er under press frå jihadistar og frå Tyrkia. Dei kristne som har støtta kurdiske SDF, har god grunn til frykt.

Biden-administrasjonen har forsikra at styrkane USA har, blir verande. Men vil Donald Trump overlata det kurdiske sjølvstyret og minoritetane til seg sjølve?

 

Assads fall har vore felles mål for mange. Noko heilt anna er vegen vidare. Å tru på ei framtid utan væpna oppgjer er naivt.

 

Nytt Irak?
Assads fall har vore felles mål for mange. Noko heilt anna er vegen vidare. Å tru på ei framtid utan væpna oppgjer er naivt.

I verste fall blir Syria for kristne og andre minoritetar eit nytt Irak. Det fryktar Emanuel Youkhana i Irak. Etter at den amerikanske invasjonen i 2003 velta Saddam Hussein, gjekk det eit par-tre år før borgarkrigen kom. Blodige militsangrep på kristne og andre minoritetar jaga folk på flukt nordover i Irak – mange flykta ut av Irak. Dette var årevis før IS.  Av Iraks 1,3 millionar kristne er berre eit par hundre tusen igjen.

Borgarkrigen i Syria førte frå 2011 til masseflukt av muslimar og kristne. Kanskje er halvparten av landets kristne reist. Ein ven av meg frå Damaskus flykta i 2015 saman med familien til Norge. Han og slekta i Syria er optimistar. Andre er meir urolege.

Kristent nærvær i Damaskus
Då eg første gongen var i Syria, i år 2000, kunne eg i gamlebyen i Damaskus gå Den rette gata, den vi les om i Apostelgjerningane i Bibelen. Her har det vore kristent nærvær i 2000 år, like lenge som i Jerusalem.

Leiarar for dei største kyrkjene fortalde meg om frie rammer. Det året var det dessutan litt optimisme: den unge augelegen Bashar al-Assad var komen heim frå London for å overta makta. Men han skulle visa seg å bli minst like brutal som faren. Då unge Assad på svært blodig vis slo ned «den arabiske våren» i 2011, valde leiarar for større kyrkjer å støtta han: Dei meinte Assad var tryggare enn jihadistar.

Då eg for to år sidan møtte dagens syrisk-ortodokse patriark Aphrem II på reise i Irak, slo han fast i eit intervju: «Vi blir skulda for å ta parti og for å vera kollaboratørar. Men for oss handlar det om landet og om folket. Difor samarbeider vi med regjeringa. Eg meiner personleg at president Assad er ein god mann, han forsvarte landet og folket mot terroristar.»

Desse kyrkjene har hatt vern og har spelt ei viktig rolle for å avhjelpa naud under borgarkrigen. Dei protesterte mot vestlege sanksjonar som ramma folket, ikkje Assad

Men ein syrisk kristen leiar som ikkje vil bli namngjeven, seier til meg: «Å samarbeida med Satan har alltid ein pris». Kva pris? Det er eitt av mange spørsmål utan svar.

 

Det er ikkje vår veikskap som kristne at vi elskar muslimane, det er vår styrke.

George Andrea

 

«Vi elskar muslimane»
I Aleppo har George Andrea ingen planar om å dra.

«Eg vil finna måtar å arbeida på. Eg vil fortelja dei nye makthavarane om Bibelen. Det er ikkje vår veikskap som kristne at vi elskar muslimane, det er vår styrke. Jesus elskar heile folket mitt. Mitt håp er at mange flykta muslimar og kristne ein dag kan venda heim.»

FØRST PUBLISERT I KLASSEKAMPEN 21.12.2024

AKTUELT

Prosjekt