Fra steininga av Stefanus til Pakistan, Kina og Egypt i vår tid - Stefanusalliansen
Kristne i Pakistan: Asif Pervaiz i retten før han blei dømt til døden for blasfemi. Saman med ei politivakt og advokat Saif Ul Malook.

Kristne i Pakistan: Asif Pervaiz i retten før han blei dømt til døden for blasfemi. Saman med ei politivakt og advokat Saif Ul Malook.  

Norge   

Artikkelen blei først publisert i Nytt Norsk Kirkeblad 5-2020

Samandrag av tekstane
I dagens første lesetekst (Sal 86, 11-17)  ber David om eit heilt hjarta så han kan frykta Guds namn. Han veit at «ein flokk valdsmenn står meg etter livet». David seier at valdsmennene ikkje følgjer Gud – for Herren «sein på vreide, rik på miskunn og sanning».

I Apg 6, 8-15 møter vi Stefanus. Etter at han vart vigsla som den første diakonen, gjorde han store under og teikn i synagogene i Jerusalem. Men nokre av hans eigne – jødar frå diasporaen     – tolte han ikkje. Dei hissa opp folket, drog han fram for makta og skulda han for blasfemi, med falske vitne. 

Matt 10, 16-22 førebur Jesus læresveinane på at dei skal bli forfølgde. Men han viser dei først korleis dei skal koma seg unna forfølgingane så lenge som råd, for å kunna forkynna. Den dagen dei blir arresterte, skal dei så sleppa å uroa seg for korleis dei skal forsvara seg. Og løftet er dette: Den som held ut til enden, skal bli frelst.
 

---

Den kristne kvinna Moraline Pervaiz (35) sit framfor meg på dataskjermen, ho i Lahore i Pakistan, eg i Oslo, i eit videointervju. I 37 glovarme og fuktige grader, med straumbrot og luftanlegget ute av drift, tørkar Moraline tårer og sveitte når set ord på livet med ein dødsdømt mann i fengsel og fire barn heime.

Så tung er påkjenninga for Moraline at ho svima av då ho møtte mannen Asif i fengselet dagen før intervjuet.

I 2013 var det familielukke med tvillingar. Men lukka snudde fort. Ein kollega av Asif prøvde å få han til å konvertera til islam. Asif nekta. Då blei telefonen hans misbrukt til å senda ei tekstmelding som spotta islam og profeten. 

Asif vart dregen til politiet og bura inne. Han har altså sete fengsla i sju år, sidan like etter at tvillingane kom til verda. På sjuårsdagen deira blei han dømt til døde.

Jamvel om Asif ikkje «gjorde store under og teikn mellom folket», slik Stefanus gjorde (Apg 6,8,) var trua på Jesus nok til at Asif var ein «trussel».

Då islamistane taua Asif Pervaiz inn for politiet, kom dei med tekstmeldinga som skulle visa at Asif hadde spotta islam og profeten. Om Stefanus les vi: «Då fekk dei i løynd lokka nokre menn til å seia: ‘Vi har høyrt han seia spottande ord mot Moses og Gud’.» 

Ei falsk tekstmelding i Lahore i Pakistan gjorde den same nytten som falske vitnemål mot Stefanus i Jerusalem.

Difor vart Stefanus martyr
Kva gjorde så Stefanus til martyr? Mange innfødde jødar i Jerusalem let i starten til å ha ei positiv haldning til Jesus-etterfølgjarane. Apostlane forkynte inne på tempelområdet (Apg 1-5). Det var langt frå risikofritt, somme ville bli kvitt apostlane.

Då dei vart arresterte av Tempelvakta andre gongen, fekk eit jødisk rådsmedlem, Gamaliel, med klokskap og autoritet hindra at apostlane vart «rydda av vegen» (Apg 5).

Stefanus levde endå farlegare. Han var gresktalande, altså ein av mange diaspora-jødar som hadde flytta til Jerusalem. Han talte ikkje på tempelområdet, men i synagogene – «full av nåde og kraft».

Mange har meint at han vart drepen fordi han var så radikal. Kyrkjehistorikar Oskar Skarsaune meiner derimot at det var radikaliteten hos dei som forfølgde han som førte til at Stefanus vart drepen.

Dei som leia felttoget var andre diaspora-jødar – jødar frå Kyrene, Aleksandria og Asia. Diaspora-jødane som hadde flytta til Jerusalem var, påpeikar Skarsaune, dei mest nidkjære i forsvaret av tempelet og lova. Dei kunna ikkje tola Stefanus og religionskritikken hans. Dei hissa opp folket, dei eldste og dei skriftlærde og drog han fram for Rådet.

Fundamentalistar har alltid visst kva knappar dei skal trykkja på.

Stefanus kunne sagt med David i Salme 86,14: «Frekke menn har reist seg mot meg, Gud, ein flokk av valdsmenn står meg etter livet.»

Og Stefanus kunne lagt til, som David: «Dei har ikkje deg for auga.»

Dei som drep i Guds namn, er dei som verkeleg spottar Den høgste.

Makta og ekstremistane
Dagens tekst om Stefanus gjev oss ein bit av historia om han. Dagens tekst sluttar med at alle medlemmane av Rådet såg at «andletet hans var som eit engleandlet».

I kapittel 7, like etter dagens tekst, tala Stefanus for Rådet – eit konfronterande vitnesbyrd. Han snakka mellom anna om profetane som blei forfølgde.

Fundamentalistane drog han utanfor byporten og tok steinane i eigne hender. Den romerske okkupasjonsmakta blei kkje trekt inn.

Den religiøse makta, som hadde sett andletet til Stefanus, let drapet skje.

I dagens Pakistan er ingen som er dødsdømde etter blasfemilova, blitt avretta av staten. Men dei tiltalte som først vert frikjende etter årevis i fengsel, må leva i frykt, på hemmeleg adresse. Mange frikjende er blitt drepne av islamske ekstremistar. I august blei ein blasfemitiltalt ahmadya-muslim drepen i rettssalen.

Folk som er styrte av ei forblinda tru, tok blasfemilova i eigne hender – utan å dra den tiltalte utanfor byporten.

Det er ikkje langt frå lagnaden til Stefanus til vår tid.

Forfølging og verdsmisjon
Etter at Stefanus døydde, braut det laus forfølging. I Apg 8. blir Jesu etterfølgjarar spreidde. Gjennom forfølging starta den store verdsmisjonen. Vi les i NT mykje om den store misjonæren , han som tok seg av kappene til dei som steina Stefanus og deretter drog til Damaskus for på arrestera nye truande.

Men mykje av misjonen gjekk austover – til Irak, Iran og Sentral-Asia. Der lever kristne i vår tid midt i ein røyndom som minner om den Stefanus døydde i. 

Endå lenger aust, i Kina, strammar president Xi Jinping grepet kring all religion. Han vil sikra den totale partikontrollen. Mange kinesiske kristne seier rett ut at forfølginga skulle koma og at det er midt i forfølginga at kyrkja veks.

«De styrende (…) har gått til krig mot sjelen. Men de har skaffet seg en fiende som ikke kan bli satt i varetekt, som ikke kan ødelegges, som ikke vil kapitulere eller bli overvunnet: Menneskets sjel.» Orda kom frå pastor Wang Yi. Han sonar ni års fengsel.

«Ver ikkje redde dei som drep kroppen, men ikkje kan drepa sjela», seier Jesus – nokre vers etter dagens tekst hos Matteus.

Men sjølv om forfølging mange stader har ført til kyrkjevekst, har forfølging andre stader ført til at kyrkja er blitt utrydda.

Filmskapar Martin Scorsese viste i 2017 i filmen «Silence» korleis ein grufull inkvisisjon vart sett i verk for å reinska ut kristendommen som var innført av japanske misjonærar. 

I Usbekistan i Sentral-Asia vart kristendommen i praksis utrydda. Kyrkjene og klostera er borte. I Irak vaktar ein liten minoritet gamle kloster og ein kristen busetnad. Men etter harde hundreår, ein amerikansk invasjon i 2003 og IS-bestialitet frå 2014 er det ikkje mange igjen.

I Iran skjer i dag derimot ein gigantisk ny kyrkjevekst i form av forfølgde konvertittar.

Skal alle vera klar til å bli martyrar?
Den verste forfølginga i Romarriket skjedde under keisar Diokletian, på starten av 300-talet. Keisaren ville gjenreisa eigen posisjon og verdsriket sitt. Eit uvisst tal kristne vart torturerte og drepne. Kristne i Egypt vart ikkje minst hardt ramma.

Kyrkja i Egypt har i hundreåra etterpå alltid sett på seg som ei martyrkyrkje. Medan det for mange i vest er heilt framandt å erklæra seg viljuge til å ofra livet for trua, er det motsett for mange kristne i Egypt. Og då går vi rett inn i vår tid.

På TV-skjermar i 2015 kom ein video som terrorgruppa IS hadde publisert. 21 menn i oransje kjeledressar vart førte over ei libysk strand. Dei måtte knela i sanden før dei vart halshogne. 20 var koptiske kristne frå Egypt. Egyptiske kristne som orka å sjå den bestialske videoen heilt til slutt, fekk med seg at det siste dei 21 sa, var ordet «Jesus».

 IS publiserte videoen for å skremma kristne ved å visa sin eigen bestialitet. I Egypt dokumenterte videoen derimot ei frimodig tru, som stod imot tortur og drap.

David ber i dagens lesetekst i Salme 86, vers 11: «Gjev meg eit heilt hjarte, så eg fryktar ditt namn!» Det er ei djupfølt bøn, ikkje ei hovmodig erklæring. David hadde ikkje eit heilt hjarta, han hadde svikta. Også Peter svikta då han vart sett på prøve på gardsplassen til øvstepresten. Likevel vart Peter, som braut ut i gråt då han forstod sviket, ei klippe.

Neste gong han vart stilt på prøve, vart han martyr i Roma.

Men ikkje alle som vert truga med døden, står imot. Kristne som ikkje klarte tanken på IS-halshogging, har fått sjelesorg for å reisa seg igjen.

Den tyske teologen og motstandsmannen Dietrich Bonhoeffer, som døydde i konsentrasjonsleir i april 1945, skriv i boka «Etterfølgelse» at vi ikkje har den same krossen å bera. Jesus sa at vi må ta krossen vår opp (Luk 9,23). Men det er vår kross vi skal bera, ikkje Kristi kross. «Vi har ulike føresetnader for å bera krossar. Nokon få skal kanskje gje livet sitt, andre skal leva og fortelja. Dei aller fleste vil ikkje enda som martyrar», seier professor Christoph Sauer. Han legg til: 

«Men vi skal  vera trufaste mot Vår Herre, fordi Han gav livet sitt for oss. Vi skal difor vera viljuge til å gje livet vårt, sjølv om berre nokre få kjem til å oppleva det».

I vår del av verda vil dei fleste i dag svara at dei vil velja livet framfor trua. Kyrkja i Egypt har derimot alltid sett på seg som ei martyrkyrkje, og der vil mange svara annleis enn oss. Denne kyrkja held oppe martyrane. Dei drepne på stranda i Libya i 2015 vart erklærte som martyrar.

Det vi kan bli utfordra til, er å hjelpa kristne i Egypt eller Pakistan til å bera den krossen dei ber. Be for dei og støtta dei. Aldri gløyma.

Og der kyrkja vart majoritetskyrkje og i fleire land jamvel knytt til politisk makt, må ho ta opp den krossen som heiter å be om orsaking for overgrep mot kristne minoritetar.

Vi skal ikkje oppsøkja martyriet
Matteus 10, 16-22 startar med at Jesus førebur sine på at det vil bli forfølging, dei blir sende ut som «sauer mellom ulvar». Men han er tydeleg på at vi ikkje oppsøkja martyriet med provoserande framferd. Dei skal vera «listige» og« uskuldige» og ta seg i vare for folk. Dei må rømma til ein annan by, dersom dei kan, for å koma unna arrestasjon, for å kunna forkynna vidare. Men den dagen dei blir arresterte, skal Han vera med hjelpa dei til å svara for seg.

Det er langt frå islamistisk martyrteologi til Jesu martyrteologi.

Tilgje bestialske drapsmenn?
Det siste Stefanus gjorde før han døydde, var å be for drapsmennene sine: «Herre, tilrekna dei ikkje denne synda!»

Egypt, april 2017: Ei mor til ein egyptisk kristen som var drepen i eit av dei mange terroråtaka som IS retta mot Egypt, stod fram på fjernsyn og sa at ho tilgav terroristen. I ein kultur der hemn er svaret, vart programleiaren teken på senga. Han utbraut på direkten: «Egyptiske kristne er laga av stål! Dersom fienden dykkar visste kor mykje de tilgjev han, ville han ikkje tru det.»

Det er eit kraftfullt vitnesbyrd.

Men det er likevel ikkje ei billeg oppskrift for at ein heil kristen minoritet leggja seg flate for undertrykking og diskriminering. Den koptiske biskopen Thomas er oppteken både av rettferd og tilgjeving: «Rettferd må ikkje motiverast av hemn. Jo meir vi er klare til å tilgje, jo betre sameksistens får vi. Tilgjeving hindrar ikkje rettferd, men den lækjer. Hemn kan ikkje lækja, den berre skadar andre».

Diakoni, misjon og frelse
Stefanus vart like før dagens preiketekst vigsla som den første diakonen. Det stod for dårleg til med hjelpetenesta for fattige gresktalande jødar i Jerusalem. Stefanus var sjølv gresktalande.

Då kyrkja fekk skikk på diakonien, breidde Guds ord seg vidare ut og talet på læresveinar auka sterkt. Gode gjerningar utløyste altså kyrkjevekst.

Diakoni og misjon har vore to sider av same sak sidan Stefanus. Og forfølging har følgt kyrkja frå hans død til vår tid. Det skjer «ein kamp i den åndelege verda om verdas frelse,» seier professor Christoph Sauer. 

Jesus utrustar i dagens preiketekst sine eigne i møte med forfølginga. Han gjev eit løfte (Matt 10,22): «Og alle skal hata dykk for mitt namn skuld. Men den som held ut til enden, skal bli frelst.»

 

Salmeforslag:

Salme 80. Kristne, kom i morgenlyset

 

AKTUELT