FN-toppar er tause om forfølging av kristne i Iran - Stefanusalliansen
FNs generalsekretær Antonio Guterres tok opp bahaiene sin situasjon, men ikkje forfølging av kristne.

FNs generalsekretær Antonio Guterres tok opp bahaiene sin situasjon, men ikkje forfølging av kristne.  

Iran   

Både FNs generalsekretær og FNs spesialrapportør for menneskerettar i Iran har utelate forfølging av kristne i Iran i to ferske rapportar til FNs menneskerettsråd. Stefanusalliansen har saman med fleire andre organisasjonar skrive brev til begge to og påpeika den store mangelen.

Dei to FN-toppane har nyleg lagt fram kvar sin ferske rapport for FNs menneskerettsråd. Men i ingen av rapportane er situasjonen for kristne som har konvertert til islam, teken opp, vert det påpeika i breva. 

I januar leverte spesialrapportør Javiad Rehman ein rapport for den 46. sesjonen i FNs menneskerettsråd. Rapporten handla mellom anna handla om bahai-samfunnet og overgrepa mot denne minoriteten i Iran. Brevskrivarane takkar for dette. 

– Men vi er urolege fordi rapporten ikkje hadde nokon referanse til andre minoritetsgrupper, som kristne/konvertittar til kristendomen, som er ei dei gruppene som er sterkast utsette for forfølging på grunn av trua si, heiter det i brevet. 

Brevskrivarane ber FN-rapportøren om å halda fram med å ta opp overgrep mot trus- og livssynsfridomen i Iran og legg til at han må inkludera dei viktigaste offera for brota. 

 

Også generalsekretæren har utelate kristne i Iran
Eit liknande krav vert retta til FNs generalsekretær António Guterres. Han la fram ein rapport for den 47. sesjonen i FNs menneskerettsråd. Brevskrivarane er glade for søkelyset FN-sjefen har på situasjonen for bahai-samfunnet i Iran, heiter det i brevet. 

– Vi er derimot urolege for at rapporten ikkje hadde spesifikt fokus på brot på trus- og livssynsfridomen. Den inneheldt heller ingen spesifikke referansar til andre trusminoritetar eller ikkje-religiøse minoritetar. Kristne og konvertittar til kristendommen, som er ei av hovudgruppene for Irans forfølging på grunn av religion eller tru, er ikkje nevnt generelt. Det er heller ingen referansar til enkeltsakeri, heiter det i brevet.

Straffelova rammar ytringsifridom og trusfridom for kristne i Iran
I brevet frå FNs generalsekretær saknar brevskrivarane også omtale av ei fersk endring av den islamske straffelova i Iran. Endringane i artiklane 499 og 500 vert av fleire rekna som nye, sterke angrep på ytringsfridomenog  trusfridomen.  

– Artikkel 500 inneber eit angrep på retten til religions- og trusfridom. Dei nye bestemmelsane er ein trussel mot alle som nektar å følgja statssanksjonerte overtydingar og ideologiar. Dette rammar uforholdsmessig sterkt personar som tilhøyrer religiøse og trusbaserte minoritetar og etniske grupper, heiter det i brevet som er sendt generalsekretær Guterres.

I mai vart det tre konvertittar, som dei første, dømde etter dei nyformulerte artiklane. Dei vart kjende skuldige for å ha «engasjert seg i propaganda som avvik frå den heilage religionen islam», formuleringar som er som henta ut frå artikkel 500.

Stefanusalliansen har signert saman med mellom andre Middle East Concern, ein organisasjon som dokumenterer situasjonen for kristne i Midtausten og sender ut bønebrev. 

FN-krav om å setja fri kristen pastor
Eit anna FN-organ, FNs arbeidsgruppe mot vilkårlege arrestasjonar, har på si side protestert mot fengslinga av og dommen mot pastor Yousef Nadarkhani. Kravet kom i november i fjor og blei offentleggjort i februar i år. FN-arbeidsgruppa krev han sleppt fri og slår fast at fengslinga av han bryt ei rad grunnleggjande menneskerettar. Dommen mot Madarkhani er etter anke redusert til seks års fengsel.

 

AKTUELT

Prosjekt