Flukt frå farleg herskar - Stefanusalliansen
Statsminister Narendra Modi i India har styrka religiøst hat mot muslimar og kristne.

Statsminister Narendra Modi i India har styrka religiøst hat mot muslimar og kristne.  


Juleevangeliet inneheld også forteljinga om ei dramatisk nattleg flukt, for å berga livet til ein nyfødd som ein rasande herskar ville ta livet av. Tek vi den juleforteljinga på alvor?

Evangelia i Bibelen gjev oss to historier om Jesu fødsel. Den mest lesne er forteljinga til Lukas – om eit nyfødd barn i ei krubbe, om gjetarane og om englesongen: «ære være Gud i det høgste...»

Raseri og drap
Hos Matteus møter vi vismenn frå Austerland som har følgt stjerna. Dei dreg til slottet i Jerusalem for å spørja etter vegen den siste biten. Kong Herodes som aldri har høyrt at ein ny konge skulle vera fødd, blir uroleg og søkjer råd hos religiøse ekspertar. Han ber vismennene gje rapport etter turen til Betlehem.

Men i ein draum forstår dei vise at kong Herodes har noko heilt anna i sinne enn å hylla barnet. Dei tek ein annan veg heim. Då Herodes oppdagar at han er lurt, tek raseriet overhand. Han vil sikra makta og set i verk ein massiv drapsaksjon mot alle barn under to år.

Josef tek Maria og barnet og flyktar til Egypt.

Englar og farlege herskarar
Juleevangeliet er ei fantastisk forteljing om eit barn som forvandlar verda. Dei aller fattigaste blir, slik Lukas fortel, dei første vitna til eit nyfødd sendebod om Guds kjærleik. Vi skal lesa og lytta til forteljinga om frelsa, sjølv om freden slett ikkje har nådd Betlehems-markene der gjetarane høyrde englesongen.

I julesongane og juleforteljingane har det alltid vore plass til både gjetarar og englesong frå Lukas-evangeliet – og vismenn med dyre gåver frå Matteus-evangeliet.

Flukt midt på natta
Med ein nyfødd som midtpunkt for både gjetarar og vismenn er det lett å laga julefest. Det er vanskelegare å skapa familiehygge kring ei forteljing om flukt midt på natta, med eit lite barn som ein rasande herskar ville drepa. Julekrubba ville blitt annleis dersom vi skulle ta med oss heile andre kapittel hos Matteus og ikkje stoppa med vismenn i stallen.

Forteljinga om den slu og rasande Herodes, om flukta, drapa og ramaskriket treff oss som eit knyttneveslag i ei verd med krig og millionar på flukt. Vi treng dessutan å ta inn over oss at mange kristne i dag møter ein farleg herskar som ser dei som trur på Jesus-barnet, som ein farleg trussel.

Bannlyste
Dei 100 kristne som midt i november vart bannlyste frå åtte landsbyar i Sukma-distriktet

i den indiske delstaten Chhattisgarh, får ingen julefred. Dei lokale makthavarane stilte dei kristne på eit brutalt val: Enten måtte dei fornekta kristentrua og bli hinduar, eller dei måtte forlata landsbyane og mista alt dei eigde. Ein stad tok ein mobb på 1500 straks affære: Avlingane til 40 kristne vart rana. Dei vart jaga frå gard og grunn og søkte ly i ei kyrkje.

Politiet som skulle verna dei, snudde ryggen til. I India har det vore sterk vekst i angrep på både kristne og muslimar i ti år med ei hindunasjonalistisk regjering som vil ha India som eit land for hinduar. Trusfridommen kollapsar. Mobbar og paramilitære grupper angrip trus-minoritetar. Fattige stammefolk, urfolk, er dei aller mest utsette for tvang til hindu-tru.

Når politiet bryt seg inn
Også kristne i Iran gler seg over Kristus som blei fødd som frelsar. Men juledagane er høgtid ikkje berre for glede og forventning. Det er også dagar for frykt blant mange av dei kanskje ein million kristne med muslimsk bakgrunn. Jul er nemleg høgtid for razziaer og arrestasjonar i iranske huskyrkjer som tek sjansen på å feira, noko mange ikkje gjer.

Medan det i norske heimar er sitrande spenning om julenissen kjem, er det i iranske heimar uro for om politiet stormar inn midt i juleevangeliet. I juletida i fjor blei minst 46 iranske kristne arresterte. Yasin Mousavi vart arrestert i ein eigen heim julaftan. Han blei dømt til 15 års fengsel fordi han er med i ei huskyrkje. Konvertittane frå islam har ingen andre stader å samlast enn i heimar. Regimet kallar huskyrkjene for «grupper som har til hensikt å forstyrra nasjonal tryggleik». Ayatolla-regimet ser makta truga av kristne som har snudd ryggen til sjia-islam.

Barn søv i trea
Aller farlegast i jula er det truleg for kristne i den nordlege delen av Nigeria. Minst 195 vart drepne i terroråtak i Plateau-staten jula i fjor. Tusenvis blei jaga på flukt. Kvinner og barn som ikkje kom seg unna, blei brende til døde i heimane sine. Europaparlamentet vedtok protest. Noko norsk raseri fanst det ikkje teikn til.

Juletragedien i Plateau er berre ein liten bit av terroren mot både muslimar og kristne, med kristne som dei aller fremste offera. Det er ikkje sant at terroren ikkje har noko med religion å gjera. Frå Nigeria kjem det forteljingar om kristne som let barna sova oppe i eit tre, i tilfelle drapsmennene kjem i mørket. Dei kjenner seg sikkert att i forteljinga om Josef som aksjonerte mot dødstrusselen, som Matteus fortel om: «Han stod opp, tok barnet og mora og drog til Egypt same natta.»

Martyrane
Gjennom heile jula, ikkje berre på den litt bortgøymde martyrdagen, Stefanusdagen, 2. juledag, må vi ta til oss dramaet og flukta. For den største kristne minoriteten i Midtausten, dei koptiske kristne i Egypt, er historia om den heilage familien på flukt i landet deira svært viktig. Slik historia om martyrane er det.

Vi må ta inn over oss historiene til dei som i dag lid fordi dei trur på det barnet som kom til verda den aller første julenatta.

FØRST PUBLISERT I STAVANGER AFTENBLAD, 24.12.2024