Fengselsdømde kristne i Iran får ankesakene opp for retten - Stefanusalliansen
Victor Bet-Tamraz, Shamiram Issavi, Amin Afshar-Naderi og Hadi Asgari har anka fengselsstraffene. Tysdag er det ankesak i alle fall for Shamiram.

Victor Bet-Tamraz, Shamiram Issavi, Amin Afshar-Naderi og Hadi Asgari har anka fengselsstraffene. Tysdag er det ankesak i alle fall for Shamiram.  

Iran   

(SISTE: 4.9. Dommaren møtte ikkje opp og rettsmøtet er difor utsett på ubestemt tid).

Det iranske prestestyret held fram kampen mot konvertittar og kristne som inviterer muslimar til å konvertera. Seks til dels lange fengselsdommar vert vurderte på nytt i tre liknande ankersaker 3. september, melder Middle East Concern.  Det er ei dokumentasjonsteneste og ein forbønsorganisasjon for kristne som lid for trua si.

Familie for retten
Ifølgje Middle East Concern får seks dømde ankesakene sine opp tysdag. Tre av dei seks som er dømde, er mykje av ein familie: Victor Bet Tamraz er dømt til ti års fengsel, kona hans Shamiram Issavi Khabizeh er dømt til fem års fengsel og sonen deira, Ramiel Bet Tamraz, er dømt til fire månaders fengsel.

«Vil slita dei ut»
Organisasjonen Article 18, ein trusfridomsorganisasjon for iranske kristne, skriv derimot at ddet berre er saka til Shamiram Issavi Khabizeh som kjem opp og at sakene til Victor Bet Tamraz og sonen deira Ramiel ikkje kjem opp tysdag. Dabrina Bet Tamraz seier at familien er skuffa over at saka til mora ikkje er knytt saman med saka til faren, slik det vart foreslått i ei ankehøyring i retten i februar.

– Vi håpar verkeleg at dette blir éi sak, seier Dabrina til Article 18. – Enten forsinkar dei (regimet) berre prosessen, eller så har dei ikkje funne noko bevis mot foreldra mine, eller så prøver dei berre å gjera foreldra mine trøytte ved ikkje å avslutta saka, seier Dabrina. (Fotoet er henta frå Twitter-kontoen hennar).

– Eg trur dei (regimet) berre prøver å pusha familien min til yttergrensa av det far og mor klarar slik at dei dreg frå landet.

Dabrina trur ikkje dei hamnar i fengsel, men å berre la dei gå, er heller ikkje ei løysing.

Bråk
Pastor Victor bet Tamraz er assyrisk pastor. Det betyr at han innan visse klare rammer kan vera kristen og pastor i Iran, så sant han berre gjer teneste blant assyriske kristne. Men han byrja å organisera arbeid for iranarar som konverterte frå islam til kristendommen. Då blei det bråk.

Victor bet Tamraz blei arrestert i sin eigen heim under julefeiringa 26. desember 2014 saman med to iranarar som hadde konvertert. Han slapp fri mot kausjon 1. mars 2015.

I juli 2017 blei pastoren dømt til ti års fengsel for å ha «handla mot den nasjonale tryggleiken ved å organisera og leia huskyrkjer». Dei to andre – Amin Nader Afshari og Kavian Fallah Mohammadi – vart i 2017 også dømde til ti års fengsel av same grunn. Alle tre fekk to års reiseforbod.

Sommaren 2018 hadde Stefanusalliansen forbønsaksjon for familien Bet Tamraz.

Arrestert på nytt
Amin slapp også fri mot kausjon saman med pastor Victor Bet Tamraz. Men han blei arrestert på nytt i 2016 saman med andre konvertittar, blant dei Hadi Asgari som i juni 2017 blei dømt av Revolusjonsdomstolen i Teheran til ti års fengsel for å ha «handla mot den nasjonale tryggleiken ved å organisera og leia huskyrkjer».

Ramiel Bet Tamraz, pastorsonen, har ein dom på fire månaders fengsel for å «spreia kristen propaganda».

Shamiram, kona til Victor Bet Tamraz, har ein fengselsdom på fem år frå januar 2018. Ho vart dømt for å ha «handla mot den nasjonale tryggleiken» og for å ha «handla mot regimet ved å organisera små grupper, ved å delta på eit seminar utanlands og for å ha trena kyrkjeleiarar og pastorar til å opptre som spionar».

Dommaren suspendert
Dommaren i saka mot Victor Bet Tamraz og dei to dømde frå jula 2014 vart for ei tid tilbake suspendert frå dommargjerninga etter at han blei sett under etterforsking for korrupsjon.

Desse sakene har skapt internasjonal merksemd. Dabrina Bet Tamraz tok i juli saka til foreldra opp med president Donald Trump i samband med ein stor konferanse om trusfridom, arrangert av den amerikanske utanriksministeren. Ho har også teke saka opp i FNs menneskerettsråd i Geneve. Visepresident Mike Pence har kritisert Iran for brot på religonsfridommen.

Også Amnesty International har engasjert seg for pastorekteparet og to av dei andre dømde som får ankesakene opp for retten tysdag: Amin Afshar-Naderi og Hadi Asgari. Les appellen her.

• Her kan du lesa heile lista over arresterte kristne i Iran. Oversynet er laga av organisasjonen Article Eighteen, basert i London. Organisasjonen kjempar for å verna trusfridommen i Iran og driv arbeid på vegne av forfølgde kristne.

Støtt iranske kristne

Stefanusalliansen støtter et arbeid for å gi viktig opplæring til iranske kristne – i og utenfor Iran.

Gi en gave

AKTUELT

Prosjekt