Fem år med dynamitt mot tru - Stefanusalliansen
I januar 2018 blei den store kyrkja Golden Lampstand (Gylne lysestake) sprengt av kinesisk politi. Foto: China Aid

I januar 2018 blei den store kyrkja Golden Lampstand (Gylne lysestake) sprengt av kinesisk politi. Foto: China Aid  

Kina*   

Den modige pastoren Wang Yi forstod tidleg kva Kina var i ferd med å bli under Xi Jinping. Wang Yi sa tydeleg ifrå og blei erklært som fiende av XI: Han sonar ein dom på ni år for «å ha oppmoda til undergraving» av regimet.

Wang Yi leia kyrkja Early Rain i storbyen Chengdu, ei av fleire store uregistrerte kyrkjer som blei tolererte av dei to forgjengarane til Xi Jinping. Men Xi såg veksten som ein trussel. For fem år sidan tok han i bruk lovverk, bulldosarar og dynamitt.

I januar 2018 blei den store kyrkja Golden Lampstand i Shanxi-provinsen jamna med jorda. Ein video av støvskyene gjekk verda over. Det var eit brutalt teikn. Den 1. februar 2018 stramma Xi Jinping til religionslova. Utover året vart fleire av dei store uregistrerte kyrkjene stengde – dei ville ikkje innordna seg i den statsgodkjende kyrkja.

 

Pastor Wang Yi sonar ein dom på ni år, for å «ha hissa opp til undergraving av staten». Foto: CSW

Protest
Etter at den store uregistrerte Zion-kyrkja i Beijing blei stengt i september 2018, visste nok Wang Yi at turen ville koma også til han. I ei preike i oktober sa pastoren at regimet hadde erklært «krig mot sjela» – i Xinjiang-provinsen, der dei hovudsakleg muslimske uigurane vert forfølgde, i Tibet og over heile Kina. Men pastoren la til at «fienden aldri vil kapitulera».

I eit manifest skulda han kommunistpartiet for å gitt Xi status som ein romersk keisar eller egyptisk farao som Kina skulle tilbe. Ein slik ideologi let seg ikkje «sameina med kristen tru og  (..) tankefridom». Wang Yi godtok regimet, men fordømde forfølginga av kyrkja. Han erklærte sivil ulydnad.

Den 9. desember 2018 kom razziaen og arrestasjonane. Kyrkja i Chengdu blei stengt. Pastor Wang Yi har vore bura inne sidan. Kyrkjefolket møtest i mindre grupper – og opplever nye razziaer.

Dei to siste åra er minst 24 pastorar og andre leiarar i uregistrerte kyrkjer arresterte, minst 17 sit framleis internert. Dei er skulda for «svindel» fordi dei som «ulovlege» kyrkjer tek imot gåver frå folk i kyrkjelyden. Familiar er blitt fortalte at dei arresterte er eit «trugsmål mot den nasjonale tryggleiken», skriv nettmagasinet Bitter Winter.

Krossen på kyrkja Golden Lampstand deisa i bakken då dynamittsalvene fekjk kyrkja til å kollapsa i 2018. Foto: China Aid

Riv ned krossar
Også den godkjende, registrerte Tre sjølv-kyrkja er under veksande press. I 2017 starta ein kampanje for å gjera all religion kinesisk – «sinifisering». Tusenvis av krossar er rivne ned og erstatta med kinesiske flagg. Mange kyrkjer er tvinga til å henga opp portrett av Xi. Også Tre sjølv-kyrkjer er jamna med jorda. Forbodet mot at barn og unge under 18 går i kyrkja eller moskeen, vert handheva. Kyrkjene er blitt meir forsiktige, men mange prøver å driva barne- og ungdomsarbeid i andre lokale. Dei gir ikkje opp evangeliet og les framleis Bibelen i filler.

I desember 2021 leia Xi Jinping sjølv ein nasjonal konferanse om religiøse saker. Ifølgje Bitter Winter stilte Xi ni krav til religiøse leiarar – dei skal visa lojalitet til partiet, studera Karl Marx sine tekstar om religion og kommunistpartiet si lære. Kravet er at dei skal «samla kristne truande rundt Kinas kommunistparti». I motsett fall blir dei straffa. Krava skulle innførast straks.

I mars 2022 stramma Kina kraftig til på religiøs aktivitet på internett. Tre sjølv-kyrkja fekk dessutan nye direktiv. Religiøse leiarar skal «elska partiet, elska landet og elska sosialismen». Kommunistpartiet vil gjera alt som må til for å «styrkja den ideologiske og politiske rettleiinga av religiøse sirklar» og «guida det religiøse samfunnet til å støtta leiarskapen i Kinas kommunistparti og det sosialistiske systemet».

Kinesisk tyranni
Forfølginga av religion under Xi er den verste sidan kulturrevolusjonen som tok slutt i 1976. «Tibetanarane og uigurane har lenge vore sett på som ein nasjonal trussel på grunn av territoriale spørsmål. Men eg trudde aldri kommunistpartiet ville utpeika kristendommen som nasjonal tryggingstrussel,» seier Bob Fu i organisasjonen China Aid. Han er intervjua av Kina-aktivisten Benedict Rogers i den ferske boka «The China Nexus».

Xi Jinping jaktar full kontroll, men det er sjølvsagt ein illusjon, det har viruset vist. Xi er redd ideologi som han fryktar sakte vil undergrava kommunistpartiet og det sekulære verdsbiletet.

Partitoppane i Beijing fekk panikk då dei oppdaga at mange partimedlemmer var byrja å gå i kyrkjer. I 2019 lanserte Xi ein kampanje for å reinsa kommunistpartiet, skriv den tidlegare australske statsministeren Kevin Rudd i tidskriftet Foreign Affairs. Ifølgje eit offisielt dokument skulle alle medlemmer «få teoretisk lærdom og bli døypte i ideologi og politikk».

«Målet til Xi er å transformera det kinesiske kommunistpartiet til ei høgkyrkje for ei revitalisert, sekulær tru,» skriv Rudd.

 

Fridom frå tyranniet må vera viktigare enn frihandel.

 

Naive
Den modige pastoren Wang Yi sa noko liknande før han blei fengsla i desember 2018. Han la til: «Men krigen mot sjela kan Xi ikkje vinna.» Kyrkja overlever, slik den overlevde Maos tyranni. Vi skal like fullt stå opp for dei.

Norske styresmakter og bedrifter har diverre vore naive i møte med Kina. Xi Jinping driv krig mot trua i sitt eige land og økonomisk krig mot resten av verda. Fridom frå tyranniet må vera viktigare enn frihandel.

FØRST PUBLISERT I STAVANGER AFTENBLAD OG FÆDRELANDSVENNEN

AKTUELT