Terroren tømde ikkje Pakistans kyrkjer, det gjorde virustrusselen - Stefanusalliansen
Påskedagsgudsteneste i St. Johns katolske kyrkje i Lahore i Pakistan.

Påskedagsgudsteneste i St. Johns katolske kyrkje i Lahore i Pakistan.  

Pakistan   

 

Påskedagsgudsteneste i St. John i Lahore i Pakistan.

15. mars 2015, like før påske, gjekk terroristar til angrep på to kyrkjer i Lahore i Pakistan – Christ Church og St. John. Over 20 blei drepne. Vakter hindra at terroristane drap endå fleire, ingen av dei kom seg inn i kyrkjene.

Terroren skremde ikkje folk frå å gå til kyrkje. I tida etterpå var kyrkjene minst like fulle som før. På biletet er det gudsteneste i februar 2017.

Korona-stengt
Men korona-trusselen gjorde at denne kyrkja, saman med alle andre kyrkjer også i Lahore og resten av Pakistan, hadde gudstenester der kyrkjelyden sat heime i påska. Nokre kyrkjer fekk gudstenestene overførte på kristne TV-kanalar, andre hadde dei online. Mindre kyrkjer har ikkje slike tilbod. Men dei gjennomførte gudstenester likevel.

– Situasjonen er ulik. Vi nedkjempa terroristar ved å stå saman. No må vi nedkjempa korona-viruset ved å halda sosial avstand, kommenterer Sajid Christopher Paul, leiaren av Stefanusalliansens partner Human Friends Organisation (HFO).

HFO har delt ut mat til i alt 250 kristne familiar gjennom påska, til 200 familiar med midlar frå Stefanusalliansen. – Behovet for mat er stort, seier Sajid Christopher Paul etter tre rundar med utdeling.

Kristne i Pakistan nederst på stigen
Pakistans kristne er andre rangs borgarar, mange har levd i frykt for vald, men i tru på Kristus. Dei kristne lever i trange nabolag, nærast gettoar, og har dei dårlegaste og farlegaste jobbane. Då korona-krisa kom, mista dei over natta alt levebrødet dei kunne skaffa i eit nedstengt samfunn.

Langfredag var det økumenisk gudsteneste i Lahore – leiarane for alle kyrkjesamfunna deltok, fortel han.

Videoen nedanfor viser den tverrkyrkjelege gudstenesta langfredag.

 

 

Ein mann har fått mathjelp frå HFO og Stefanusalliansen.

Hjelp ofrene for korona-krisa

Du kan støtte Stefanusalliansens partnere som hjelper mennesker som er rammet av nedstengte samfunn.

Gi en gave

AKTUELT

Prosjekt