Feirar jul i glede over Jesu fødsel, men i frykt for politirazziaer
Iran: Mange huskyrkjer utset julefeiringa til januar for ikkje å bli synlege og oppdaga i jula.
Vahid Hakani sat fengsla i jula i 2012, 2013 og 2014. I 2010 tok huskyrkja i Shiraz sjansen på å feira jul, sjølv om nokre var redde for politiet. Men i 2011 droppa dei julefeiringa fordi den fall saman med ein sjia-muslimsk sørgedag, dei ville unngå arrestasjonar. I februar 2012 blei han og over 20 andre likevel arresterte. Iranske kristne som feirar Kristi fødsel, risikerer at politiagentar kjem mannsterke for å arrestera. Mange utset feiringa til januar.
Det er vondt å sitja i fengsel og Ikkje kunna vera saman med sine kjære i juledagene, seier han til Article 18.
Vil visa toleranse
Kvart år ved juletider sender ayatolla-regimet i Iran ut gratulasjonar til «kristne medborgarar». Helsingane går til dei små minoritetane av armenske og assyriske kristne som har lov å ha gudstenester og feira høgtidene i kyrkjene sine – på eigne etniske språk.
Ein heilt annan intolerant røyndom møter kanskje så mange som ein million kristne som har konvertert frå islamsk bakgrunn. Dei må møtast i hemmelege huskyrkjer. Nær kvar jul slår regimet til med razziaer og arrestasjonar. Mange huskyrkjer feirar jul på andre datoar, for å gå under radaren.
– For meg og familien er juledagane og nyttår alltid eit minne om arrestasjonane, at vi blei fengsla, sende i indre eksil og til slutt tvinga ut av Iran, seier pastor Farhad Sabokrooh til organisasjonen Article 18.
Han blei arrestert under ei julegudsteneste han og kona heldt i heimen i Ahvaz, vest i Iran, i jula 2011.
Gleda over Jesu nærvær på jorda kolliderer med minna om arrestasjonen og fengslinga.
Amin Afshar-Naderi, konvertitt
Det banka på døra
Andre juledag i 2014 var konvertitten Amin Afshar-Naderi i heimen til pastor Victor Bet-Tamraz og kona hans i Teheran. Pastorparet er assyriske kristne og høyrer altså til ein av dei to anerkjende kristne gruppene. Men ekteparet var blitt leiarar for ei huskyrkje av konvertittar. Nokre få var samla i pastorheimen.
Det banka på døra. Scena er velkjent: Utanfor stod eit dusin sivilkledde etterretningsagentar. Dei ransaka alle, skilde menn frå kvinner, konfiskerte eigedelar og erklærte at alle deltok i ei «ulovleg og uautorisert samling».
Alle måtte fylla ut skjema frå Etterretningsministeriet. Dei vart filma medan dei kvar for seg måtte forklara kvifor dei var der. Etter fleire timar vart pastor Victor, Amin og ein annan konvertitt tekne til det berykta Evin-fengselet.
10 års fengsel
Saman med ein fjerde konvertitt vart dei tre seinare dømde til 10 års fengsel kvar for «å handla mot nasjonal tryggleik ved å organisera huskyrkjer». Amin fekk fem år ekstra for «blasfemi». Kona til Victor, Shamiram, vart dømt til fem års fengsel for «handling mot nasjonal tryggleik».
Gleda over Jesu nærvær på jorda kolliderer med minna om arrestasjonen og fengslinga.
Amin Afshar-Naderi
Lange ankeprosessar førde ikkje fram. Pastorparet flykta frå Iran før dei vart kalla inn til soning. Amin Afshar-Naderi og dei to andre konvertittane hadde også reist.
– Kvart år når høgtida nærmar seg, blir eg minna om kor trist og einsamt det var i cella. Gleda over Jesu nærvær på jorda kolliderer med minna om arrestasjonen og fengslinga, seier Amin Afshar-Naderi.
Fekk 15 års fengsel
Den siste arrestasjonsbølgja rundt jul skjedde i 2023. Då blei minst 46 kristne arresterte. I ei rettssak i revolusjonsdomstolen i Ahvaz i mai blei åtte av dei dømde til 45 år i fengsel til saman.
Yasin Mosavi blei arrestert på julekvelden. Han fekk den lengste straffa – 15 års fengsel. Yasin vart dømt for «medlemskap i ei gruppe som har til hensikt å forstyrra den nasjonale tryggleiken» og for «propaganda mot regimet gjennom promotering av sionistisk kristendom».
– Desse arrestasjonane vil neppe ha stor innverknad på korleis kristne feirar jul i år. Kristne møtest i løyndom uansett. Dei vel dessutan ofte å møtast på andre dagar enn høgtidsdagane, seier Steven Dew-Jones i Article 18.
Pastor «Ron» som flykta frå Iran i 2013 etter at kyrkja han leia i Teheran, blei stengt av regimet, seier at det kvar einaste julehøgtid skjer arrestasjonar.
– Erfarne leiarar i huskyrkjer veit at det er farleg å samlast i større grupper i juletida, for då er det lett å bli oppdaga, seier pastor «Ron».
Droppar feiringa
Mange feirar difor ikkje juledagane, eller dei møtest i svært små grupper for å prøva å gå under radaren.
– Mange utset feiringa til i januar. Men nye husyrkjer eller huskyrkjer utanfor store nettverk, med uerfarne leiarar, feirar jul i juletida og blir lettare oppdaga. Difor skjer det diverre arrestasjonar.
Pastor «Ron» åtvarar pastorar mot å feira i juletida, og i alle fall aldri i større grupper.
– Men vi har ikkje kontakt med alle.
Trass i forfølging er kristendommen på forunderleg vis i vekst i Iran
Steven Dew-Jones, Article 18
Kyrkja veks likevel
Den Paris-baserte sosiologen Saeed Paivandi seier at regimets forsøk på å forsvara Iran mot «den kulturelle invasjonen frå Vest», berre har gjort kristendommen meir attraktiv for desillusjonerte iranarar. Den islamske republikken er blitt tvinga til å sjå i augo at mange menneske vender ryggen til islam.
– Trass i forfølging er kristendommen på forunderleg vis i vekst i Iran, seier Steven Dew-Jones
- SE VIDEO: Under Irans raketter er Iran hjemland for en av verdens raskest voksende kirker
FØRST PUBLISERT I MAGASINET STEFANUS 7-2024