– Feil av den koptiske paven å støtte Sisi-regimet - Stefanusalliansen
Ehab Kharrat er psykiater, politikar og aktiv i den største evangeliske kyrkja i Midtausten.

Ehab Kharrat er psykiater, politikar og aktiv i den største evangeliske kyrkja i Midtausten.  

Egypt   

Ehab Kharrat er psykiater, politikar og aktiv i den store evangeliske kyrkja Kasr El Dobara i sentrum av Kairo, like ved Tharir-plassen der dei store demonstrasjonane i revolusjonstida mot Mubarak-styret føregjekk. Dette er den største evangeliske kyrkja i Midtausten med 8.000 medlemmar.

Då president Hosni Mubaraks regime fall, var det Det muslimske brorskapet med president Muhammad Morsi som vann valet i 2012. Etter sterke tendensar til islamisering vart Morsi avsett i 2013, og Abdel Fattah Sisi tok over. I realiteten var dette eit kupp – som mange i Egypt og utanfor støtta.

Pavestøtte

Ein av dei som støtta Sisis maktovertaking var den koptiske ortodokse paven, Tawadros. Det er Ehab Kharrat kritisk til. Kharrat erkjenner at svært mange kristne og muslimar blei redde då Brorskapet sat med makta.

– Mange trudde at Sisi var ein redningsmann. Han hadde karisma og kom som ein sterk mann frå hæren, seier Kharrat som vi møter i Beirut under ein konferanse om korleis kyrkjer skal møte både forfølgking og emirgasjon.

Den koptiske paven Tawadros gjekk ut med klar støtte til Sisi i 2013. I byte har han fått ein president som var den første presidenten til å gjeste ei julegudsteneste. Han har bomba treningsleiarar for IS-terroristar i Libya etter angrep mot kristne i Egypt. Men Sisi får sterk kritikk for at han strammar makta.

– Eg var ikkje blant dei som støtta Sisi. Eg støtta ein motkandidat som fekk berre 3 prosent av røystene. Eg likar pave Tawadros. Han har eit ope sinn. Men han har sett for mykje på spel ved å støtte Sisi, seier Kharrat.

Han seier at Sisi har gjort lite for å få slutt på forfølginga av kristne i Øvre Egypt.

– Vi har eit korrupt politisystem som treng reform. Men samstundes er det klart at for Sisi er menneskerettar noko utanlandsk, seier Kharrat.

Skuffa

Mange koptarar er skuffa over Sisi, seier Kharrat. – Det er uråd å vita kor mange som framleis støttar han. Kanskje har Sisi mista fleirtalet blant dei koptiske kristne. At han gav bort to strategiske øyar til Saudi Arabia gjorde at fleire vende seg mot han, seier Kharrat.

– Eg trur at eit kyrkjeleg symbol ikkje skal gje vilkårslaus støtte til nokon politisk aktør. Kyrkjeleiarar skal forkynne bibelske prinsipp, menneskeverd for alle og gudgitt fridom for alle og rettferd for dei fattige. Så kan politikarane kjempe, inkludert kristne politikarar. Vi har ei store breidde kristne politikarar – høgreorienterte, venstreorienterte, kristendemokratar og ein sosialdemokrat som meg. Ein vanleg kristen kan støtte presidenten – og ta sjansen på å bli skuffa. Symbolet for kyrkja må ikkje gje slik støtte, seier Kharrat og legg til:

– Kyrkja skal ikkje støtte noko politisk parti, men arbeide sosialt, for rettferd, kjempe mot hykleri. Og kyrkja skal arbeide for rettar for arbeidarar. Mange kristne forretningsmenn tvingar arbeidsfolk til å godta dårlege arbeidsvilkår. Dei lever ikkje kristendom. Ein kristen forretningsmann leier styret i ein fabrikk som produserer tobakk, sjølv om han meiner røyking er synd. Mange praktiserer ikkje trua si, seier han.

Forbyr

President Sisi godkjende like før sommaren ei ny lov som set strenge grenser for frivillige organisasjonar i Egypt. Lova vart vedteken etter forslag i parlamentet etter at ei anna lov hadde vore under utgreiing over tid.

Den nye lova forbyr både innanlandske og utanlandske organisasjonar å engasjere seg i arbeid for rettar og alt som kan seiast å skade nasjonal tryggleik, offentleg orden, offentleg moral eller folkehelsa.

– Lova er forferdeleg og undertrykkande. Å hevde at kontrollen over NGO-ar vert gjort for å stoppe islamistisk ekstremisme er berre eit påskot. Islamistane arbeider både i og utanfor NGO-ar og treng ikkje NGO-ar. Dette er ein måte for regimet å skaffe seg makt og pengar på, seier Kharrat.

Kostar
Det skal etter lova kosta 16.500 dollar å starte ein NGO. Løyva må fornyast regelmessig. Alle må registrerast i eit departement.

– Dei store avgiftene kan vi kalla beskyttelsespengar. Regjeringa vil ha endå meir av pengane som kjem utanfrå. Dette er ikkje nytt med Sisi. I tida Brorskapet styrte sat eg som president i ein menneskerettskomite i Sura-distriktet aust for Kairo. Brorskapet ville innføre noko liknande. Uansett kven som har makt, vil dei prøve å få meir pengar og meir kontroll, seier Kharrat.

Gått fri

Så langt har arbeid gjennom kyrkjer gått fri. Kyrkjeøkonomien er uavhengig av staten. Det gjeld til dømes prosjekta Stefanusalliansen har gjennom biskop Thomas og Mamma Maggie. Og det gjeld det utstrakte sosiale arbeidet som kyrkja til Kharrat driv både mot hiv og omskjering av jenter. Sjølv driv psykiateren eit omfattande arbeid for å hjelpe rusoffer.

– Eg håpar den uavhengige rolla til kyrkjene vil vare. Men eg fryktar at det ikkje vil. Eg håpar på den andre sida at lova vil falle. Parlamentet som vedtok den, er ein svart komedie. Eg håpar det kjem korreksjon innan regimet for å hindre feil som felte regima til Morsi og Mubarak.

Forfølging
Kharrat avviser at den kristne minoriteten samla er forfølgd. Han teiknar opp eit nyansert bilete.

– Det er forfølging i nokre landsbyar, særleg i Øvre Egypt. Kristne blir drepne, truga på livet og trakasserte av væpna gjengar. Så har vi hatt sjølvmordsangrepa mot kyrkjer, den etniske reinsinga i Nord-Sinai ved at kristne blei oppsøkte og drepne i vinter slik at alle andre kristne flykta. Kristi himmelfartsdag vart 29 kristne på veg til eit kloster i Minya drepne av IS-terroristar.

– Så har vi ei omfattande diskriminering i Egypt. Er du kristen har du liten sjanse for å bli general i hæren, men du kan bli lege eller ingeniør. Du har liten sjanse for å bli universitets-professor, så sant du ikkje har ekstrem kompetanse og viser ekstrem lojalitet til regimet. Vi har diskriminerande ekteskaps- og arvelover. Så har vi lova som forbyr muslimar å konvertere. Ein jøde kan bli kristen eller muslim, ein kristen kan bli muslim, men ein muslim kan ikkje skifte religion. Er du muslim er du låst. Som kristen har eg fridom til å bytte tru. Eg vil at også muslimar skal ha den fridommen, seier Kharrat.

Forretningsfolk
Kharrat minner også om at det i Egypt er mange kristne forretningsfolk og entreprenørar som har gjort det godt. – Dei har gått gjennom ei open dør rikdom. Regimet treng dei, seier Kharrat.

(Biletet i saka er frå Khasa Al-Dobarra-kyrkja i Kairo. Foto frå nettsida deira)

AKTUELT

Prosjekt

Egypt: Stefanusbarna

På «søppelfjellet» i Kairo bor det tusenvis av kristne familier som er overlatt til å leve i, og av, storbyens søppel. Inspirert av Jesu kjærlighet har Mama Maggie gjennom tre tiår bygget opp et arbeid som kalles Stefanusbarna. Stefanusalliansen støtter dette arbeidet.