Farlege bokbål - Stefanusalliansen
Rasmus Paludan i hissig disputt i København i 2019.

Rasmus Paludan i hissig disputt i København i 2019.  

Norge   

I juni 2017 blei eit nytestamente brent utanfor døra til ei lita protestantisk kyrkje i den tyrkiske storbyen Izmir. Ingen veit kven som tente på. Mannen med fyrstikkene gjorde det ikkje i fullt dagslys lik PR-kåre provokatørar som Rasmus Paludan og Lars Thorsen.

Politiet avviste saka. Overvakingskameraet var i ustand. Kva politiet hadde gjort dersom det fanst bilete av gjerningsmannen, veit vi ikkje. Tyrkisk politi har snudd ryggen til fleire hatefulle verbale og fysiske stikk mot den vesle minoriteten av konvertitt-kristne.

Bokbål var trussel
President Erdogan kom ikkje med ein tordentale. Så var han då også tydeleg etter Paludan-provokasjonen i Stockholm, Erdogan snakka om «mi heilage bok».

Vebjørn Selbekk skreiv ikkje ein knallhard leiarartikkel i Dagen om at brenninga av eit nytestamente ved ei kyrkjedør, om enn så usmakeleg, var ytringsfridom. Dei som held gudsteneste innanfor dørene såg i alle fall ikkje på brende bibelsider som ei fri og verna ytring, men som ein målretta trussel.

Ein tyrkisk kristen leiar sende meg her om dagen lenke til ein YouTube-video av eit bibelbål, ein video med tyrkisk følgjetekst: «Incil Yakmak Ne Kadar Keyifli Pic Hiristuyanlar» – «kor gøy det er å brenna ein kristen bibel». Provokatørane har ei farleg felles glede.

Hadde Arfan Bhatti som i 2009 blei kjent medskuldig i skyting mot synagogen i Oslo, også sett fyr på Toraen, ville eg gjerne sett den som hadde meint at eit slikt bokbål var ytringsfridom.

 

I juni 2017 blei det utanfor døra til ei protestantisk kyrkje i Tyrkia funne eit brent nytestamente.

Blasfemilov dårleg idé

Blasfemilova vår sovna. Ingen brukte den lenger mot hets av kristen tru. Gud klarar seg. Vi skal verna menneske. Å gjeninnføre lova er ein elendig ide. Men herskarar i autoritære land legg press på oss. Den tidlegare pakistanske statsministeren Imran Khan kravde i 2021 at Frankrike som har straff for dei som fornektar Holocaust, også må forby å fornærma profeten Muhammed.

Å verna dei som overlevde eit industrielt folkemord (og etterkomarane deira) er, same kva vi meiner om lovforbod og teiknekunst, noko heilt anna enn å forby karikering av ein profet. I Pakistan vert blasfemilova, som nyss blei ytterlegare forverra ved at fornærming av profetens koner heretter kan gje fengsel på livstid, stadig brukt for å øydeleggja uskuldige menneske sine liv – med falske skuldingar mot kristne, hinduar og ahmadiyya-muslimar. Vi kan ikkje skapa inntrykk av at vi anerkjenner Pakistans uhyrlege blasfemi lov ved å gjeninnføra vår eiga.

Men det betyr ikkje at det er greitt å brenna heilage bøker. Det nyttar nok ikkje å forklara dette til farlege provokatørar med fyrstikker. Men dei som meiner at bokbål er verna ytringsfridom, bør tenkja over at utanfor grensene våre er brenning av heilage bøker målretta element i vald og krig.

Bøker og menneske
Forfattaren Heinrich Heine skreiv i 1823: «Der ein brenn bøker, brenn ein til slutt menneske.» Vel 100 år seinare kom først røyken frå bokbåla og deretter røyken frå krematoria i dødsleirane.

Men bokbåla blei ikkje borte med det tredje riket. Rapportar til oss i Stefanusalliansen viser det. I mange landsbyar i India marsjerer hindu-nasjonalistiske vigilante-grupper med kjeppar. Dei bankar opp prestar. Somme rapportar fortel også at biblar er sette i brann.

Den 23. juni i fjor kom russiske soldatar til ei kyrkje i Mariupol. Kyrkja reiv seg i 2019 laus frå Moskva-patriarkatet til patriark Kirill, han som velsignar krigen. No vart biblioteket tømt. Ein rådgjevar for ordføraren skreiv på Telegram at brenning av uerstattelege bøker skjedde med hjelp av prestar i patriark Kirills kyrkje.

«Bokbål er som sensur»
Den svenske erkebiskopen Antje Jackelén minna i Uppsala Nya Tidning i mai i fjor om at bøker er tankar og idear, eit kraftfullt uttrykk for ytringsfridom. «Å øydeleggja eit viktig symbol for ytringsfridom i namnet til ytringsfridomen skaper difor ei vanskeleg spenning,» skreiv ho.

Ytringsfridom er å diskutera det vanskelege, det ubehagelege og det fiendtlege. «Å brenna det ein ikkje likar, blir som sensur. Det er det motsette av ytringsfridom», skreiv erkebiskopen som la til at bokbål ikkje viser den grad av modning vi kan krevja av eit demokratisk samfunn. Dersom eit teikn på ytringsfridom er retten til å setja fyr det andre held heilagt, har vi ikkje nådd lengre enn «at det beste beviset på fysisk styrke er at vi slår nokon ned», skreiv Jackelén.

Motstand
Vi skal sjølvsagt ikkje importera Erdogans ufridom. Samstundes må vi verna dei religiøse minoritetane våre betre enn Erdogan gjer.

Kva vi skal møta med forbod og politi, veit eg ikkje. Vi skal stå opp for ytringsfridommen, men det trengst alltid avveging når viktige rettar kolliderer. Fundamentalismen er sjeldan vakker, ikkje her heller, med kompromisslaust forsvar for retten til ei øydelegging som skremmer uskuldige og sårbare menneske.
I møte med dei som brenn heilage bøker kan vi alle, som erkebiskop Jackelén skriv, snu ryggen til, bruka humor eller yta sivil motstand. Den hatefulle bokbrennaren kjempar neppe for våre verdiar.

FØRST PUBLISERT SOM GJESTEKOMMENTAR I VÅRT LAND 13.2.2023

AKTUELT