Far hans og brørne blei drepne – nieser og nevøar kidnappa - Stefanusalliansen
Biskop John Ali Shettima er her saman med folk som er drivne på flukt i Chibok-området i Borno-staten. Dei flest i leiren er kristne.

Biskop John Ali Shettima er her saman med folk som er drivne på flukt i Chibok-området i Borno-staten. Dei flest i leiren er kristne.  

Nigeria   

Boko Haram drap faren og tre av brørne hans og bortførte deretter mange av dei farlause barna. Biskop John Ali Shettima vil hindra at fattige unge vert verva til terror.

– For Kristi skuld, hugs på dei forfølgde kristne nordaust i Nigeria, seier biskop John Ali Shettima til Magasinet Stefanus i eit videointervju.

Biskopen er frå Chibok i Borno, ein delstat nordaust i Nigeria. Chibok er byen der den islamistiske terrorgruppa  Boko Haram i april 2014 kidnappa og bortførte 276 jenter mellom 16 og 18 år. Dei fleste Chibok-jentene var kristne.

Drap på grunn av tru
Alt før denne tragedien var familien ramma av terror. Biskopens far og tre eldre brør vart drepne av Boko Haram etter at familien hadde gått over til kristen tru.  John Ali Shettima tok over omsorga for dei farlause og for enkjene. I 2013 flytta han dei heim til seg  Chibok.

– Eg tenkte at det var det tryggaste, seier John Ali Shettima. Barna fekk plass på ein offentleg ungdomsskule.

Men i april 2014 storma Boko Haram-terroristar skulen. Seks av barna til dei drepne brørne, fire av barna til søstera hans og enka etter ein av dei drepne var blant dei kidnappa, som vart køyrde inn i den tette skogen. Endå fleire frå biskopens storfamilie vart tekne.

Ti år seinare er 115 av dei bortførte – «ved Guds nåde» – komne heim, blant dei seks av dei ti som biskopen er onkel til. Nokre kom heim med barn, somme kom sjuke frå Boko Harams fangeleir.

– Dei er åndeleg, sosialt, psykisk og fysisk sterkt prega av fangenskapet. Vi gjer det vi kan for dei med rådgjeving og bibelstudium. Dei lever med trauma kvar einaste dag, seier biskopen, som også brukar namnet John Ali Shettima Chibok.

Ni frå storfamilien er framleis i fangenskap. Nokre av desse er tvangsgifta, har dei heimkomne fortalt.

– Vi ber om for dei, at dei er i live, seier biskopen.

 

For Kristi skuld, hugs på dei forfølgde kristne nordaust i Nigeria.

 

Biskop John Ali Shettima frå Chibok

 

Var muslim, blei kristen
John Ali Shettima, som er biskop i Metodistkyrkja, vart fødd og vaks opp som muslim.

– Men i januar 1990 gav eg livet mitt til Jesus.

Han tok teologisk utdanning og blei prest i 1996. I dag er han biskop i Yola i delstaten Adamawa, sør for Borno i nordaust.

– Familien forfølgde meg då eg blei kristen. Men ved Guds nåde: I dag er svært mange i familien blitt kristne, seks er pastorar, seier han og legg til:

– Boko Haram drap tre av mine brør og far min fordi dei var blitt kristne. På seks veker gravla eg desse fire. Kva kan eg gjera? Eg får dei ikkje tilbake. Eg blei inspirert til å studera islam og kristen-muslimske relasjonar til bruk i tenesta som prest og biskop.

Han er no med i eit prosjekt som skal kasta lys over kva følgjer valdeleg opprør har på forholdet mellom kristne og muslimar i Borno der Boko Haram starta terroren.

Sidan bortføring i 2014 er dei sakna Chibok-jentene blitt løfta fram i mange demonstrasjonar, her frå Lagos. Foto: Shutterstock

Fattigdom og ekstremisme
Fattigdommen og arbeidsløysa har gripe om seg i nord, der 70 prosent lever under fattigdomsgrensa. Då Boko Haram, etter å ha dukka opp i 2002, greip til terror i 2009, kunne desse islamistane med fanatisk religion lett rekruttera fattige og arbeidslause unge.

Boko Haram tyder «vestleg utdanning er synd», eller  «vestleg sivilisasjon er synd». I kamp mot regjeringa vil Boko Haram innføra ein islamistisk stat  i nord, der 12 delstatar alt har innført sharia-lovgjeving.

– Forfølging av kristne kom ikkje over natta. Kyrkjer og kristne institusjonar var dei første måla for Boko Haram. Kristne har vore offer for langt meir vald enn muslimar, sjølv om Boko Haram også har angripe moskear, skular, marknader og emir-palass, seier John Ali Shettima og legg til:

–  Boko Harams islamistiske opprør har i dag spreidd seg til heile Nigeria.

Drepne eller jaga på flukt
Tusenvis er drepne. Titusenvis sit i leirar for internt fordrivne. John Ali Shettima har hjelpt fortvilte som har vore i leirar for internt fordrivne i åtte år. Då Magasinet Stefanus intervjua han like før sommaren, var han nyss komen tilbake frå ein leir i Chibok-området. Han var med på utdeling av mat, skulebøker for barn, teppe og myggnett. I leiren er 85 prosent kristne.

– I leirane er kristne og muslimar saman. Der ser dei kvarandre som brør og søstrer. Vi hjelper både kristne og muslimar.

Dagar etter dette hjelpebesøket – i juni – kom endå eit Boko Haram-angrep i Borno. Kvinnelege sjølvmordsbombarar angreip først eit bryllaup og deretter ei gravferd for dei drepne i bryllaupet, med 18 døde og 42 skadde kristne som resultat.

Biskopen seier at rota til konfliktane ligg i politisk manipulasjon, kamp om økonomisk makt og gjensidig ignoranse. Kristne er sette på sidelinja - politisk, økonomisk og sosialt i Nord-Nigeria. Systematisk diskriminering skjer i 16 av 19 delstatar i nord og rammar etniske grupper med kristen identitet.

– Den styrande klassen har svikta i kamp mot fattigdom, arbeidsløyse og korrupsjon. Boko Haram har lett kunna kjøpa nokon med ei lita gåve.

 

Ser håp
Biskopen ser likevel håp. Han fortel ei historie om ei gruppe muslimar som besøkte kristne enkjer i delstaten Kaduna.

Enkjene hadde mista mennene sine i angrep frå ei islamistisk terrorgruppe med bakgrunn frå gjetarfolket fulani.  Ein lang serie med slike dødelege milts-angrep har dei siste åra vore retta mot kristne jordbrukssamfunn i Sør-Kaduna. Styresmaktene har verken klart å stogga valden eller stilt drapsmennene til ansvar.

I Kaduna er 60 prosent muslimar. Dei dominerer politikk og økonomi. Kristne er marginaliserte. Det store fleirtalet av valdsoffer er kristne, men også nokre muslimar er ramma av død og vald.

Så i oktober 2020 kom ei gruppe muslimar altså på besøk til kristne enkjer. Gåvene frå dei muslimske gjestene gjorde sterkt inntrykk og endra synet på muslimar hos enkjene.

– Dei gav meg mat og klede. Eg vil tilgje alle muslimar som har gjort noko gale mot meg. Dersom vi kan halda fram med slike gode handlingar, kan vi lækja sår og tilgje kvarandre. Ingenting er uråd for Gud, utbraut den kristne firebarnsmora Judy Ugwu.

I åra etterpå har det skjedd mange nye angrep.

– Men forsoningsmøte som dette gjev håp om eit nytt samfunn, sjølv om det er langt igjen til at vi får verknad i stort.

 

Boko Harams islamistiske opprør har i dag spreidd seg til heile Nigeria.

 

Biskop John Ali Shettima

 

Hjelper unge
Biskopen er engasjert i den afrikanske organisasjonen Procmura, som Stefanusalliansen støttar. Med kontor i Nairobi i Kenya driv Procmura arbeid for betre relasjonar mellom kristne og muslimar i kring 20 land, mellom anna nordaust i Nigeria der biskopen kjem frå.

Ein idé kom opp om å danna eit religiøst konsultasjonsforum. Både imamar og kristne geistlege er med. Unge kvinner og menn vart henta inn til ei stor samling.

– Ved Guds nåde har dei unge lært oss at dersom vi skal klara å stagga valden, må vi gje styrke til dei unge, seier John Ali Shettima.

Fleire guvernørar hjelper no til med utdanning.

–  Sidan august 2022 har omfanget av angrep gått ned. Boko Haram har fått mindre sjanse til å rekruttera med pengar fordi fleire unge har fått arbeid.

I fire år har biskopen leia eit stipendprogram for foreldrelause på barneheimar. I september i fjor fekk han snakka om kristne og muslimar og arbeid for fred til 1300 unge i staten Yobe, nabostat til Borno, som dei seks guvernørane i nordaust inviterte til.

– På slutten av ei tredagars samling fekk kvar av dei unge 350 000 naira for å dra heim og starte ei lita bedrift. Somme kjøpte PC, andre husdyr. I august i år var vi i ein annan stat for å møta 1200 unge jenter og gutar. Målet er at dei unge ikkje skal oppleva seg marginaliserte og bli med i Boko Haram.

Muslimsk dominans
Men biskopen er kritisk til at dei fleste guvernørane og generalane er muslimar. Etter valet i fjor er både presidenten og visepresidenten muslimar, tidlegare har det vore ein frå kvar religion.

– Dette skjer i eit land der det faktisk er noko fleire kristne enn muslimar. Muslimar kan laga bråk. På grunn av trua er kristne rolege, og vi tilgir lett. Dette har mange teke for gitt, seier biskopen.

Han seier at mange kristne er frustrerte over at mange nye jobbar går til unge muslimar, ikkje til kristne, i nord.

– Skal vi falda hendene når vi bli lurt? Det er betre å skape gode relasjonar slik at muslimar kan sjå gode ting i oss og opna dører slik at vi kan komme inn.

Så avsluttar biskopen:

– Ver så snill å hugsa på kristne brør og søstrer i Chibok. Forfølgde kristne treng og økonomisk støtte.

 


Nigeria delt religiøst

Nigeria er det mest folkerike landet i Afrika, med 223 millionar. Om lag halve folket er muslimar, den andre halvparten er kristne. Islam dominerer i nord, kristendommen i sør.

– Begge religionar har hatt som mål å ekspandera. Men der kristne har ekspandert med ord og moralske ytringar, har islam ekspandert med sverd, seier biskop John Ali Shettima.

Kristendommen og islam møtest i «midtbeltet» der  mange etniske konfliktar også har fått ein religiøs dimensjon.


Procmura

Kristen organisasjon grunnlagt i 1959.

Base i Nairobi i Kenya. Arbeid i kring 20 land.

Arbeid for betre relasjonar mellom kristne og muslimar.

Aukar kunnskap om og respekt for trusfridom i Afrika sør for Sahara.

Stefanusalliansen støttar arbeid i Kenya, Tanzania, Kamerun og Nigeria.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

AKTUELT