Erdogan kastar ut utanlandske kristne. Hatprat i vekst i media - Stefanusalliansen
President Erdogan kastar systematisk ut utanlandske kristne frå Tyrkia

President Erdogan kastar systematisk ut utanlandske kristne frå Tyrkia  

Tyrkia   

Erdogans regime har sidan 2019 stengt ute 115 utanlandske kristne som har hatt leiaransvar i tyrkiske kyrkjer. Nokre er stempla som trugsmål mot nasjonal tryggleik.

– Tyrkia har rett til å avgjera kven som får vera i landet. Men dette er likevel grove og diskriminerande rettsbrot, sidan den einaste grunnen til vedtaka er at dei som vert ramma, er kristne, skriv Den protestantiske alliansen i ein årsrapport. Alliansen er ein paraply for som samlar 205 kyrkjelydar og fellesskap av ulik storleik.

250 menneske ramma
Når vi reknar med familiemedlemmer har 250 menneske fått kroken på døra i Tyrkia sidan 2019.

Dei aller fleste av dei utestengde har budd i Tyrkia i årevis, og dei har budd der med familiane sine. Dei har ikkje noko rulleblad og ingen rettsprosessar mot seg.

– Dette er lovlydige menneske. Vi har fått eit stort humanitært problem.  Når nokon heilt uventa får innreiseforbod, splittar det familiar og fører familiane inn i ein kaotisk situasjon, skriv Den protestantiske alliansen. Årsrapporten om menneskerettsbrot er datert 4. juni 2024.
 

Nekta teologisk utdanning
Ingen tyrkiske kyrkjer, verken protestantiske, katolske eller ortodokse, har lov å ha teologiske seminar. Retten til å læra opp religiøse leiarar er ein viktig del av trusfridommen, påpeikar rapporten. I mangel av nasjonale leiarar har mange protestantiske kyrkjer hatt hjelp av utanlandske kristne som har teke pastoransvar eller andre leiaroppgåver.

Politikken med å nekta fornya opphaldsløyve eller å nekta innreise vart trappa kraftig opp i 2019. Det året ramma politikken 35 utlendingar og 52 familiemedlemmer. Det var nesten like mange i 2020. I dei to neste pandemiåra gjekk omfanget sterkt ned, for så å gå markant opp igjen i fjor: 33 utanlandske kristne var nekta innreise eller fekk ikkje fornya opphaldsløyvet. To av tre er frå USA. Utkastingspolitikken til Erdogan blei rappa opp etter at den amerikanske pastoren Andrew Brunsom, som absurd nok og utan bevis var dømt for påstått spionasje og terror, i 2018 vart sett fri etter amerikansk press.

 

Når nokon heilt uventa får innreiseforbod, splittar det familiar og fører familiane inn i ein kaotisk situasjon.

Den protestantiske alliansen.

 

Innreiseforbod
Nesten alle har fått koden N-82 som gjer at dei treng førehandsløyve for å vera i Tyrkia. Tyrkiske styresmakter seier at dette ikkje er eit innreiseforbod. Men alle som har fått denne koden, er etterpå blitt nekta visum eller opphaldsløyve.

– I praksis er dette blitt eit innreiseforbod, heiter det i rapporten.

Sjølv folk som fekk denne koden for fem år sidan og har prøvd å reisa inn igjen i Tyrkia etter desse fem åra, har fått nei.

– Vi må difor sjå på denne koden som eit livslangt innreiseforbod i Tyrkia. Dette er etter vårt syn både uforsvarleg og illegalt, uttalar Den protestantiske alliansen.

Alvorleg kode
Nokre få har fått ein annan og endå meir alvorleg kode, nemleg G-87. Denne blir brukt mot folk som vert sett på som ein generell tryggingsrisiko.

– Det har djupt såra oss og dei som har fått denne koden at landet vårt – utan eit einaste prov – gjev denne koden til medlemmer av det protestantiske samfunnet. Dette er menneske som fokuserer på å leva ut trua og som er mot vald og som ikkje har eit rulleblad, fortel Den protestantiske alliansen.

I rettssaker som har utfordra dette innereiseforbodet har staten svart at dei som har fått G-87, driv aktivitetar som skadar Tyrkia. Dei har, heiter det, delteke i misjonsaktivitetar eller vore på familiekonferansen til Den protestantiske alliansen eller andre samlingar.

­– Denne konferansen er blitt arrangert årleg i 20 år, Dette er legale, opne og transparente samlingar, svarar Den protestantiske alliansen.

I nokre saker har saksøkjarane vunne fram i retten. Men der har byråkratiet nekta å følgja rettens konklusjon. Det tek frå folk håpet. Utestengde som har tyrkisk ektefelle, har vunne fram i retten. Men eit ektepar i Ankara som vann i domstolen, møtte eit byråkrati som likevel nekta nytt opphaldsløyve for den utanlandske ektefellen i familien.

«Grove rettsbrot mot kristne»
Mange saker ligg framleis i rettsvesenet. Tapte saker vert anka til Tyrkias konstitusjonsdomstol og vidare til Menneskerettsdomstolen.

– Vi respekterer vårt lands suverene rett til å avgjera kven som kan og kven som ikkje kan vera innan landegrensene. Men samstundes reknar vi politikken som grove menneskerettsrettsbrot som er diskriminerande: Den einaste grunnen for vedtaka er at desse menneska er kristne.

 

Den einaste grunnen for vedtaka er at desse menneska er kristne.

Den protestantiske alliansen i Tyrkia

 

Kaos og stress
Rapporten seier vidare:

– I tillegg lever mange utanlandske medlemmer i det protestantiske samfunnet med uro for at dei kan bli deporterte når som helst. For å verna seg mot det kaoset og stresset som dette inneber, har fleire individ og familiar valt å slutta å delta i kyrkjelege aktivitetar, eller dei har friviljug reist frå landet, heiter det i rapporten.

Kor mange dette gjeld, har dei ikkje oversyn over.

Fleire medarbeidarar i Stefanusalliansen er ramma av kode N-82 sidan dei deltok på familiekonferansen til Den protestantiske alliansen i 2020. Saka mot ein av dei tilsette i Stefanusalliansen var omtalt i eit brev som tre FN-rapportørar sende til Tyrkia.
 

Hatprat uroar
Årsrapporten fortel elles at det i 2023 på ny var vekst i hatprat, både skriftleg og munnleg, mot medlemmer og kyrkjer i det protestantiske samfunnet.

Ikkje minst er veksten i hatprat i sosiale media eit veksande problem for det protestantiske samfunnet.

– Vi møter hatprat fylt med skjellsord og gudsbespottelse retta mot dei sosiale mediekanalane til kyrkja. Hatrat vert retta mot kyrkjeleiarar, kristendom, kristne verdiar eller kristne generelt. Nokre gonger fører hatprat i media til lokale saker med trugsmål og handling. Dette uroar det protestantiske samfunnet.

– Sosiale media er blitt eit sentrum for polariseirng, angrep og ulike former for diskriminering og er no ei hovudkjelde for feilinformasjon. Hatprat spreier seg lett frå sosiale media. Slike aktivitetar er retta mot alle kristne samfunn og minoritetsgrupoper og uroar det protestantiske samfunnet i Tyrkia. Fleire stader har hatprat i sosiale media ført til lokale fysiske aksjonar mot kristne.

Jordskjelvinnsats gav respekt
Fleire av dei protestaniske kyrkjene gjekk aktivt inn i hjelpearbeidet etter dei dramatiske jordskjelva søraust i Tyrkia i februar i 2022. Dei har opplevd at kyrkjeleg hjelpearbeid har gjort dei langt meir respekterte og høgt verdsette i områda der hjelpearbeidet pågår.

 

AKTUELT

Prosjekt