Er kyrkje i land der dei berre er fattige gjester - Stefanusalliansen
Den gresk-ortodokse metropolitten Ghattas leier ei kyrkje for menneske som truleg aldri vender heim. På veggen heng bilete av det kjende klosteret i Malula i Syria.

Den gresk-ortodokse metropolitten Ghattas leier ei kyrkje for menneske som truleg aldri vender heim. På veggen heng bilete av det kjende klosteret i Malula i Syria.  


 

Den gresk-ortodokse kyrkja i Kuwait er gudshus og samlingspunkt for 8-9000 menneske. Gudstenesterommet har plass til 300. Kyrkja har storskjerm i underetasjen når det kjem fleire. Dei har også speidar, søndagsskule, kvinneforsamling, familie- og ungdomsarbeid.

– Alle som oppheld seg utanfor sine eigne heimland, søkjer eit større fellesskap med sine. Der føler dei seg trygge. Når det kjem nye gresk-ortodokse kristne hit, er første spørsmålet dei har: Kvar er kyrkja? Det fortel metropolitt Ghattas. Han leier den gresk-ortodokse kyrkja i Irak, Kuwait, Bahrain, Oman, Qatar og Saudi-Arabia.

– Vi har full fridom til alt arbeid inne i kyrkja, ingen spør kvifor. Juledag og påskedag har politiet vakt utanfor, fortel metropolitt Ghattas.
 

Anerkjente kristne
I Kuwait er det ein liten kristen minoritet som er anerkjent som borgarar av Kuwait. Dei fleste av desse knapt 300 familiane høyrer til den protestantiske eller den gresk-ortodokse kyrkja, nokre få er katolikkar.

Alle andre kristne i Kuwait er gjestearbeidarar. Både i Kuwait og resten av Golfen har dei mange millionane av gjestearbeidarar ingen rett til statsborgarskap og pass. Dei er gjester til arbeidsvisumet tek slutt, og då må dei ut.

70 prosent av dei gresk-ortodokse gjestearbeidarane i Kuwait er frå Syria. Dei andre er frå land som Libanon, Palestina, Jordan, Kypros og Hellas. Svært mange frå Syria kom etter at Kuwait blei frigjort frå ein knapt eitt år lang brutal irakisk okkupasjon i 1991.

– Alle drøymde om å venda heim etter nokre år i Kuwait. Men så kom borgarkrigen i Syria i 2011. Libanon er i dag i djup økonomisk og politisk krise. Palestina er i krise. Ingen vil dra tilbake til nokon av desse landa.

– Folk prøver i dag i staden å koma seg ut av både Libanon, Syria og Irak. I kyrkja mi i Erbil i Nord-Irak ventar 1 500 familiar som har flykta dit, på å koma seg ut av landet, forklarar metropolitt Ghattas.

 

Når det kjem nye gresk-ortodokse kristne hit, er første spørsmålet: Kvar er kyrkja?

Metropolitt Ghattas

 


Frå vekst til nedgang
Det gresk-ortodokse kyrkjebygget blei bygt etter at Irak vart kasta ut av Kuwait i 1991. Den gongen var det vekst og god økonomi i landet. Kyrkjelyden hadde velhavande medlemmer med pengar å avsjå til å byggja kyrkja og til å driva arbeid som når dei svært mange fattige.

Men etter pandemien er økonomien i Kuwait langt dårlegare. Prisnivået har gått opp. Det rammar også  kyrkja. Gåvene går sterkt ned.

– Gud hjelper oss og sender folk med donasjonar. Men der vi tidlegare kunne få ei gåve på 10 000 Kuwait-dinar, får vi i dag 2 000. I heile regionen er dette eit problem, seier metropolitt Ghattas. Ein Kuwait-dinar svarar til 35 kroner.

Usikker framtid
Mange planlegg å vera i Kuwait nokre år til. Men utan sjanse til å få statsborgarskap og pass, ser mange alt no etter eit anna land dei kan dra til.

Kyrkja står på ein tomt gitt av kongedømmet. Kyrkjelyden eig ikkje bygget.

– Vi gjester og kan ikkje eiga eigedom. Vi kan ikkje selja bygget og ta med pengane den dagen vi dreg. Vi kan ingenting ta med oss, forklarar Ghattas og legg til:

– Vi veit at det er olje og pengar her fem eller ti eller kanskje 15 år til. Det vil bli reduksjon i oljeverksemda og endå mindre arbeid og pengar. Vi går ei inn i ei usikker framtid, seier Ghattas, og får støtte av generalsekretær Hrayr Jebedian i Bibelselskapet.

– Kvar einaste veke høyrer vi om folk som vil dra. Så lenge det er olje i regionen, vil arbeidet vårt halde fram. Vi investerer i misjon og tener folket så lenge vi er her. Så får vi sjå kva som skjer den dagen oljen tek slutt.

 

 

Fader Ardag Kehyayan er prest i Den armensk-ortodokse kyrkja i Kuwait. 


Fotfestet etter folkemord vaklar

I Kuwait møter vi også leiarar i Den armensk ortdoke kyrkja, Forfedrane overlevde folkemordet i Tyrkia. I dag leier dei eit armensk samfunn som ser at fotfestet kan gå tapt i Kuwait. 

Ei stor gruppe overlevande frå det tyrkiske folkemordet mot armenarane frå 1915 flykta til Libanon. Der bur det i dag vel 150 000 armenarar. 

I jakta på arbeid har mange tusen armenarar reist derifrå til land i Den arabiske golfen. 

Kuwait har eit armensk samfunn på kring 4 000. Dei er samla i den armenske ortodokse kyrkja, også dei som eigentleg høyrer til eit anna kyrkjesamfunn.  

– Alt armensk liv er organisert rundt kyrkja. Vi har barnehage og barneskule opp til 12 år. Vi lærer nye generasjonar språket vårt og historia vår, seier fader Bedros til Magasinet Stefanus. Han er leiar for det armenske samfunnet i Den arabiske golfen. 150 armenarar bur i Bahrain. I Saudi-Arabia bur det kring 5000. Der har dei inga kyrkje, men likevel eit samansveisa armensk samfunn. 

Hrayr Jebedian i Bibelselskapet er sjølv armenar, her framfor ein armensk kross.

Folkemord og identitet 
Alle desse har med seg den tragiske historia som ramma armenarane under folkemordet, iscenesett av ungtyrkarane i restane av Det osmanske riket frå 1915. På desse restane vart dagens Tyrkia grunnlagt. 

– For overlevande etter eit folkemord er det svært viktig å verna identiteten. Dette gjeld ikkje minst ved ekteskap, forklarar fader Bedros: 

– Vi rår folk frå å gifta seg utanfor det armenske samfunnet. Vi seier det ikkje direkte. Men dei unge veit det gjennom undervisninga. Nokre få har gifta seg med muslimar. Men dei aller fleste gifter seg med armenarar. Vi takkar Gud for det. 

 

Vi rår folk frå å gifta seg utanfor det armenske samfunnet. Vi seier det ikkje direkte. Men dei unge veit det gjennom undervisninga.

Fader Bedros
 

Uviss framtid 
Nye armenarar som kjem for å arbeida er ofte single. Mange har ikkje råd å gifta seg fordi prisnivået på alt har gått opp. Andre kjem åleine, med ektefellen heime, og det kan gå hardt ut over ekteskapet. Ekteskapsproblem og skilsmisser endar hos prestane. 

Og ein dag kan det vera slutt på arbeid i Kuwait. 

– Mange slit med å fiksa livet. Dei kom hit for å arbeida nokre få år. I dag veit mange ikkje om dei får bli her, seier fader Ardag Kehyayan, prest i den armenske kyrkja i Kuwait. 

Ein del armenarar flytter frå Kuwait til Canada og USA. 

– Men så lenge det er oljebusiness her, så har vi ei framtid her. Og så frå vi sjå, seier Kehyayan. 

 

FØRST PUBLISERT I MAGASINET STEFANUS 5-2024

AKTUELT

Prosjekt