Ekstremistisk mobb med klappjakt på kristne søstrer - Stefanusalliansen
Sonia saman med mann og sine barn. Bak står dei to barna til den fengsla Saima.

Sonia saman med mann og sine barn. Bak står dei to barna til den fengsla Saima.  

Pakistan   
Blasfemi   

To kristne søstrer i Pakistan fekk kasta livsfarlege blasfemiskuldingar over seg. Dette skjer eitt år etter tragedien i Jaranwala og er berre eitt av mange mobbangrep etter at 90 heimar og kring 25 kyrkjer blei brende ned i Jaranwala.

Den 6. august på ettermiddagen kom Muhammad, ein nabo til den kristne enkja og tobarnsmora Saima, heim til Saima i Gojra-distriktet i Pumjab-provinsen i Pakistan.

Muhammad hevda at han på søppelplassen, som ligg mellom Saimas hus og hans eigedom, hadde funne nokre lausrivne koransider. Desse stamma, hevda Muhammad, frå ein sekk som Saima skulle ha kasta der litt tidlegare.

Saima forklarte at verken ho eller dei to små borna kan eit einaste ord arabisk. Ho avviste difor blankt at ho hadde hatt ein koran som ho kunne ha øydelagt og kasta. Muhammad såg ut til å vere nøgd med forklaringa.

Hissa opp mobben
Men ein annan nabo, Rajab, fekk vita kva om dette. Rajab som lenge hadde vore i konflikt med Saima og ein gong bygt tak på huset sitt ved hjelp av veggen i Saimas hus – utan å spørja, hissa opp folk. Også Muhammad let seg hissa opp med religiøse argument.

Midt på dagen den 7. august samla Rajab mange muslimar og gjekk mot huset til Saima med dei ropte slagord. Saima gøymde seg og borna i eit nabohus. Men mobben oppdaga dei og braut seg inn og truga dei.

Saima vart arrestert
Då politiet kom, vart ikkje mobben arrestert. Politiet sette derimot Saima i varetekt. Ho er skulda for å ha brote paragraf 295-B i straffelova. For vanhelging av Koranen er det dødsdom dersom ho vert kjent skuldig. Også søstera Sonia vart namngitt i politirapporten. Ho er framleis på frifot.

Human Friends Organization (HFO) skaffa advokat for søstrene. Retten har etter krav frå advokaten, gitt Sonia mellombels vern mot arrestasjon fram til 20. august. Fram til den dagen er politiet pålagt å skaffa bevis for ei sak i retten. Ein kausjonssum på 50 000 rupies vil bli betalt, opplyser HFO som er Stefanusalliansens partner.

– Sonia er uskuldig. Politiet ønskjer å arrestera henne for å audmjuka henne, skreiv advokat Abbas Rasool Warrich til domstolen.

 

Sonia er uskuldig. Politiet ønskjer å arrestera henne for å audmjuka henne

Abbas Rasool Warrich, advokat

 

Klappjakt på søster
Sajid Christopher, som leier HFO, fortel at politiet like etter at Saima var arrestert, jakta på Sonia. Dei taua inn to slektningar av henne for å pressa henne til å melda seg. Det tok slutt då Sonia fekk mellombels vern mot arrestasjon.

Familiane til både Saima og Sonia får støtte og naudhjelp frå HFO som er Stefanusalliansens partner. HFO har skaffa hemmeleg opphaldsstad både for Sonia og familien hennar og familien til den fengsla Saima. Familiane har mista livsgrunnlaget sidan dei må gøyma seg for mobben.

Kristne flykta for livet
35 andre familiar flykta for livet då mobben kom. Dei har ikkje våga seg heim – politiet har ikkje gjort noko for å verna dei, fortel HFO.

 Denne hendinga viser endå ein gong dei alvorlege utfordringane for minoritetane i Pakistan, seier Sajid Christopher.

 

35 andre familiar flykta for livet då mobben kom.

 

Eitt år etter Jaranwala
Dette er den siste i rekkja av saker med mobb som herjar og  truar folk som er skulda for blasfemi. Tragedien skjedde like før eittårsdagen for dei omfattande mobbangrepa mot 25 kyrkjer og kring 90 heimar i eit kristent nabolag i Jaranwala den 16. august i fjor. Den gongen var to uskuldige kristne brør, som seinare er frikjende, skulda for å vanhelga Koranen.

– Tragedien i Jaranwala opna augo hos mange i Pakistan for forfølginga av minoritetar. Angrepet vart fordømt frå regjeringa og av andre, seier Christopher. HFO mobiliserte ein brei protestaksjon i storbyen Lahore.

– Men det har diverre ikkje skjedd noko politisk endring som vernar kristne og andre minoritetar i Pakistan. Mange av dei kring 300 muslimane som vart arresterte for mobbangrepet, er sette fri mot kausjon, berre nokre få sit framleis inne. Rettsoppgjer i slike saker er svært svake. Det oppmuntrar andre ekstremistar til nye angrep mot minoritetar i Pakistan, seier Christopher.

Stadige mobbangrep
Etter Jaranwala har det skjedd ein serie nye blasfemiangrep mot kristne og andre. Før sommaren blei ein kristen mann, Nasir Masih, lynsja til døde i Sargodha. Få dagar seinare døydde kona hans av påkjenninga. Dagar seinare blei ei psykisk sjuk kvinne fengsla, skulda for blasfemi.

I Jaranwala har regjeringa finansiert gjenreisinga av brende kyrkjer og gitt støtte til å reparera kring 90 heimar. Framleis er arbeidet i gang for å byggja opp att  samfunnet etter tragedien.

 

Når det skjer noko andre stader, vert vi redde. Vi stengjer dørene og får ikkje sova

Shanaz Masih i Jaranwala, eitt år etter angrepet

 

«Vi er ikkje trygge»
Men mange kristne i Jaranwala er skuffa over det manglande rettsoppgjeret.

– Dei som vert sette fri frå arresten etter mobbangrepet, vert helsa velkommen av andre, som om dei har gjort noko stort, seier ein Jaranwala-innbyggjar til Voice og America.

– Kristne her er ikkje trygge, fortel eit av offera for angrepet i Jaranwala, Shanaz Masih, til Voice of America.

– Når det skjer noko andre stader, vert vi redde. Vi stengjer dørene og får ikkje sova, seier ho.

HFO skal markera eittårsdagen med ei bønnemarkering i den kristne bydelen Johannabad i storbyen Lahore. Noko seinare blir det ei større markering i Jaranwala.

– Vi må framleis støtta det kristne samfunnet i Jarnawala. Vi må halda fram arbeidet for å støtta offer med naudhjelp, advokatar og gøymestader og halda fram også påverknadsarbeidet for å verna kristne og andre minoritetar. Situasjonen med stadige angrep mot ta slutt, seier Sajid Christopher.

 

Blasfemi i Pakistan

Nær 100 menneske i Pakistan er på 30 år drepne av ekstremistiske mobbar på grunn av anklager om blasfemi. Eit av dei siste dødsoffera var den 73 år gamle kristne skomakaren Nazir Masih i Sargodha i Punjab-provinsen. Han vart lynsja til døde 25. mai. Tragisk nok døde enken, 72 år gamle Allah Ratka, av påkjenninga. Stefanusalliansens partner HFO støttar familien.

I juni blei så ein sunni-muslim lynsja til døde i Swat-dalen av ekstremistar som skulda også han for å ha vanæra Koranen.

2023 var eit år med aukande bruk av blasfemilova med fleire angrep mot ikkje-muslimar. Kristne var den mest utsette av minoritetane, det er grunn til djup uro etter ein serie ferske angrep mot kristne.

Av dei 329 som i fjor blei skulda for brot på blasfemi-lovene, var tre av fire. muslimar Det viser ein rapport frå Centre for Social Justice. Halvparten av desse var sjia-muslimar som møter hat i eit sunni-dominert land.

11 var kristne. Men valdsangrep mot kristne og andre ikkje-muslimske minoritetar får tragiske følgjer for livsvilkåra deira.

AKTUELT

Prosjekt