Minst 23 kyrkjer øydelagde. Ein av fem er på flukt i kristen delstat - Stefanusalliansen
Slik brann det i Thantlang 29. oktober.

Slik brann det i Thantlang 29. oktober.  

Myanmar   

Militærjuntaen i Myanmar slår brutalt til i felttoget i Chin-staten vest i Myanmar der over 90 prosent av folket er kristne.

Etter at landsbyen Thantlang blei angripen tidleg i september, er minst 20 prosent av folket i den fattige delstaten jaga eller skremde på flukt. Det bur knapt ein halv million menneske i Chin-staten, og vel 90 prosent er kristne. No er 70 000 menenske på flukt i sitt eige land og kring 30 000 har flykta til nabolandet India.

Det fortel Salai Za Uk Ling frå Chin Human Rights Organization (CHRO). CHRO som i fleire tiår har dokumentert overgrep mot menneskerettar i Chin-staten, var tidlegare partner av Stefanusalliansen.

Kristne i delstat under angrep
På eit webinar sist veke fortalde CHRO at minst 23 kyrkjer er blitt øydelagde i Chin-staten sidan angrepet på Thantlang. I det første angrepet på denne landsbyen vart to kyrkjer øydelagde og ein pastor som prøvde å sløkkja ein husbrann, vart drepen. Seinare er det berre blitt verre, både i Thantlang andre stader i Chin-staten.

– Nokre kyrkjer er brende ned. Andre er påførte store skadar i rakettangrep. Andre igjen er vandaliserte av soldatar som brukar bygga til militære føremål, fortalde Salai Za Uk Ling.

 

Nokre kyrkjer er brende ned. Andre er påførte store skadar i rakettangrep. Andre igjen er vandaliserte av soldatar som brukar bygga til militære føremål.

Salai Za Uk Ling, CHRO

 

Folketom
Minst 7 landsbyar er utsette for harde angrep. Thantlang med sine 10 000 menneske, er no folketom. Hæren hadde tidlleg i november øydelagt minst 160 hus, og øydelegginga held fram. Stadig nye bygg vert brende eller øydelagd på anna vis.

Ifølgje Salai Za Uk Ling vil juntaen bruka Thantlang til eit massivt angrep på opprørsgruppa i Chin-staten, Chinland Defence Force. Han hevda på seminaret at juntaen vil angripe CDF frå tre kantar. Han fortalde at motstandsfronten hadde klart å kutta ei forsyningsline frå hovudstaden Hakha. Men dei reknar likevel med at hæren førebur eit angrep i løpet av nokre veker.

– Hæren i Myanmar (Burma) har undertrykt og diskriminert chin-folket i fleire tiår, og med meir eller mindre vald i ulike periodar. Dei siste to månadane har øydeleggingane vore massive. At femteparten av folket i Chin-staten er på flukt, er dramatisk, seier Salai Za Uk Ling.

– Ord er ikkje nok
Tryggingsrådet klarar ikkje å innføra våpenboikott, fordi Russland og Kina seier nei. Men i november samla rådet seg om ein resolusjon der dei 15 medlemslanda ber om at valden vert stogga.

– Det er ikkje nok å fordømma det som skjer, legg Salai Za Uk Ling til.

Deserterer
Den burmesiske demokratiaktivisten Khin Ohmar fortalde i webinaret at kring 6000 politifolk og soldatar i Myanmar har desertert, mange av dei ikkje berre forlete tenesta, dei har under stor risiko gått over i motstandskampen. I starten etter kuppet var det først og fremst politifolk som protesterte ved å kasta uniforma og gå i skjul i den store kampanjen for sivil ulydnad, før ein del av dei gjekk over til aktiv motstand. Dei siste månadane har også soldatar gjort det same.

Ifølgje Khin Ohmar er dette eit av fleire uttrykk for at mange også i det burmesiske majoritetsfolket, dei hovudsakleg buddhistiske bahmarane, no tydeleg ser kva overgrep militæret lenge har stått for overfor minoritetane.

Opna augo
– Også mange buddhistar har fått opna augo sine for det som minoritetane har vore utsette for og blir utsette for. Vi ser sprekker av håp, positive trekk i denne valden. Den burmesiske majoriteten har aldri før opplevd slik vald som no. Då rohingyane vart fordrivne, var det mange som tenkte at dei ikkje høyrer til i landet vårt. Men no ser vi ei anna historie, ei historie om solidaritet, sa Ohmar som sjølv er bahmar og buddhist.

Ho understreka behovet for å stå opp mot islamofobien som ramma rohingyane. Og ho krev at dei ansvarlege for brotsverka må stillast til ansvar.

Ohmar kalla i webinaret det som skjedde 1. februar ikkje eit kupp.

– Det er framleis eit kuppforsøk. Juntaen prøver å få kontroll på heile landet, men dei har enno ikkje klart det, sa Ohmar.

 

 

AKTUELT

Prosjekt