Kinesisk trosfrihet under press: Du skal ikke ha andre guder enn presidenten - Stefanusalliansen
Ein kross som er riven ned av ei kyrkje.

Ein kross som er riven ned av ei kyrkje.  


Dette melder Bitter Winter. Det anerkjende magasinet for trusfridom og menneskerettar i Kina viser til kjelder i den aktuelle kyrkja.

Frå andre kjelder som kjenner Kina, får Magasinet Stefanus vita at sjølv om dei ikkje kan stadfesta akkurat denne meldinga utover det Bitter Winter skriv, kan dette godt ha skjedd nettopp i Henan-provinsen. Der vert  innstramminga av religionspolitikken – som varierer frå provins til provins – praktisert mest hardhendt. Men det skal ikkje ha gått ut noko sentralt politisk direktiv om å redigera dei ti boda.

Ifølgje medlemmar av kyrkja i Henan kom 30 offentlege tenestemenn 1. november. «Dette må fjernast», sa ein av tenestemennene då han såg det første bodet. Leiinga i kyrkja protesterte mot å forfalska Guds ord. Men ein av kontrollørane svarte: «Kven vågar å ikkje samarbeida? Den som ikkje er samd, kjempar mot landet. Dette er nasjonal politikk. De må forstå situasjonen. Ikkje gå imot regjeringa.»

Hardhendt
Kinesiske styresmakter har det siste året stramma religionspolitikken kraftig til. President Xi Jinping krev ein kinesisk variant av alle dei godkjende religionane.

Politikken er formulert i fire punkt: Dei truande må bli lært opp i grunnlov og kinesisk lovverk. Gudshusa må ha flaggseremoniar med synging av nasjonale songar. Forkynninga må inkludera viktige sosialistiske verdiar som etisk basis for religion. Og trussamfunna må framheva at kinesisk kultur står over alle andre. 

Rammar alle
Innstramminga rammar med det også Tre sjølv-kyrkja, den registrerte og offisielle protestantiske kyrkja. Det eigentlege kinesiske namnet er Tre Sjølv Patriotiske Bevegelse. Kyrkja skal vera sjølvforsørgjande, sjølvstyrt og sjølvutbreiande. Ho vart godteken av kommunistregimet på 50-talet, med klare krav til patriotisk teologi – og utan band til aktørar utanfor Kina.

Det har gått i bølgjer. Kyrkja var forboden under den blodige Kulturrevolusjonen frå 1966 til 1976, men opna igjen etter denne traumatiske delen av Kinas historie.

På 90-talet fekk Dei sameinte bibelselskapa så opna eit stort trykkeri i Nanjing, og Tre sjølv-kyrkja er lovleg distributør av fire millionar biblar i året. Bibeldistribusjonen gjennom Tre sjølv-kyrkja er ikkje stoppa, men i april i fjor blei det forbode å selja biblar i butikk og på nett, eit «smotthol» som hadde opna seg.

Dei glade mottakarane av biblar ber kristne utanfor Kina vera i forbøn for at bibelspreiinga kan halda fram og at kinesiske kristne framleis kan gå til gudsteneste. Dei ber om forbøn for at Kina ikkje vender tilbake til klimaet under Kulturrevolusjonen.

Gravemaskin

Den same kyrkja i Henan, som no har måtta fjerna det første bodet, blei sist haust pålagt å fjerna kross-symbolet på taket. Det same har tusenvis av andre kyrkjer måtta gjera, ifølgje ei mengd dokumenterte meldingar. Og i byen Zhuokou i Luyi-distriktet i Henan fekk kyrkjelyden ei brutal julegåve: Få dagar før høgtida kom offentlege tenestemenn med gravemaskin og reiv ei knapt to år gamal kyrkje, skriver Bitter Winter. Ifølgje leiarane i kyrkja hadde dei fått byggjeløyve då dei starta bygginga i mars 2017.

Det kinesiske styret har forbode ungdom under 18 å delta i religionsutøving, og det finst døme, ikkje minst frå Henan, på at søndagsskular er blitt tvinga til å endra namn til søndagsklubbar og til å redigera vekk viktig religiøst innhald, for å passera religionskontrollen.

«Krig mot religion»
Religionslova blei stramma til frå 1. februar i fjor. Det rammar ikkje minst mange uregistrerte kyrkjer, som ikkje har vilja registrera seg og la seg kontrollera. Mange er huskyrkjer, ein del andre har operert meir ope. I eit par tiår har regjeringa sett mellom fingrane med mange slike kyrkjer. Men no vert det stramma til.

Siste året er fleire slike kyrkjer øydelagde. Den store Zion-kyrkja i Beijing blei stengt i august i fjor.

– Dette er del av ein omfattande krig mot religion. Dei ønskjer at vi alle skal lova lojalitet til kommunistpartiet, uttalte pastor Jin Mingri i Zion til Washington Post.

 

Målet (...) er at religion skal vera eit patriotisk ritual kontrollert av staten.

Marco Respinti

 

Arrestert
Før jul ramma jerngrepet Early Rain i Chengdu. Langt over 100 leiarar og medlemmer blei taua inn, melder The New York Times. Pastoren vart skulda for å undergrava staten. Han og kona er blant dei som framleis sit i varetekt. Medan vi feira julaftan, gjorde politiet kyrkjelokalet om til politistasjon, melder Christian Solidarity Worldwide.

Fleire hundre pastorar har signert ei felles fråsegn om at den nye religionslova inneber forfølging av kristne, og at dei vil motsetja seg presset, melder Bitter Winter.

– Vi er urolege for forverringa for trus- og livssynsfridommen i Kina, ikkje berre i jula 2018, men gjennom heile året, seier leiar Mervyn Thomas i Christian Solidarity Worldwide

Stengde tempel
Innstrammingspolitikken rammar alle godkjende religionar: protestantisk kristendom, katolsk kristendom, buddhisme, islam og taoisme. 

I byen Xinmi i Henan stengde styresmaktene 35 buddhistiske tempel og minnestader frå 28. oktober til 1. november.

I slutten av desember blei tre nye moskear stengde av lokale styresmakter i Yunnan-provinsen – fordi moskeane heldt på med «ulovleg religiøs opplæring», melder Bitter Winter.

– Målet er at religion skal vera eit patriotisk ritual kontrollert av staten. I siste instans skal folk tilby den same guden: den kinesiske staten og nasjonen, skriv Marco Respinti, direktør i Bitter Winter.

 

 

AKTUELT

Prosjekt