Når Kina sprengjer kyrkjer og Vesten ikkje bryr seg - Stefanusalliansen
Golden lampstand blei sprengt og jamna med jorda 9. januar.

Golden lampstand blei sprengt og jamna med jorda 9. januar.  


(Kronikk i Stavanger Aftenblad 3. mars 2018, emd overskrifta Diktatur med dynamitt.)

Det kjem urovekkjande meldingar frå Kina før folkekongressen neste veke. Kinas president Xi Jinping som lenge har bygt seg opp som den sterke mannen etter Mao og Deng Xiaoping, kan bli sitjande på ubestemt tid. Sentralkomiteen i det kinesiske kommunistpartiet vil nemleg fjerna regelen som seier at ein president ikkje kan sitja meir enn ti år. Folkekongressen som møtest 5. mars, skal ta endeleg stilling.

Men med den forsterka maktposisjonen Xi Jinping alt har skaffa seg etter at han overtok i 2013, er det liten grunn til å tru at dette forslaget blir nedstemt. Vi har sett det over tid at Xi Jinping har bygt seg opp – og sentralisert makt. «Kina er ikke bare et diktatur, men et totalitært diktatur», seier professor Stein Ringen til Aftenposten. Han skreiv i fjor boka «Det perfekte diktatur – Kina i dag». Han har i vinter kasta atterhalda om kva slags maktsystem Xi Jinping byggjer opp.

Sprengde kyrkje
Ei av følgjene er den tydelege innstramminga for truande menneske som ikkje innordnar seg statskontrollerte trussamfunn. 1. februar tok ei nyrevidert religionslov til å gjelda. I opptakten jamna kinesisk politi kyrkjene til to kyrkjelydar som ikkje var registrerte og statskontrollerte. Eit videoopptak viser korleis politiet med dynamitt og tunge maskiner la den store kyrkja Golden Lampstand (Den gylne lysestake) i Linfen i Shanxi-provinsen i grus i januar. Dette var ei kyrkje for innpå 50 000 menneske. Politiet starta med dynamitt i bønerom i kjellaren for deretter å gå laus på bygningen over bakken.

Leiarar for fleire uregistrerte kristne grupper i Kina er blitt utsette for opptil 20 timar lange avhøyr, og mange huskyrkjer har fått påbod om å bytta ut kross-symbolet med det kinesiske flagget, melder organisasjonen China Aid.

Den nye tilstramminga har også ramma buddhistar. Larung Gar, verdas største tibetansk-buddhistiske lærestad er no tvangsunderlagt statskontroll. Nokre bygningar er tidlegare rivne. No skal klosterområdet delast fysisk i to, melder South China Morning Post. Alle som bur der eller gjestar staden skal registrerast, og statsmaskineriet har sendt inn agentar for å halda oppsyn, melder China Aid med AFP som kjelde.

Døydde ikkje
Verken religion generelt eller kristendommen døydde med kommunismen, slik mange kommunist-ideologar trudde og håpa. Kommuniststyret i Kina godtok på 50-talet ei kyrkje som var statskontrollert og utan band til aktørar i andre land. Tre-sjølv-kyrkja skulle vera ei nasjonal, patriotisk rørsle, underlagt statens kontor for religiøse saker. «Tre sjølv» dekte orda sjølvstyrt, sjølvforsørgjande og sjølvutbreidd, og i det kinesiske namnet var ordet «kyrkje» erstatta av «rørsle». Under den blodige Kulturrevolusjonen frå 1966 blei Tre-sjølv-kyrkja forboden, og mange kristne hamna i fengsel i dei massive utreinskingane.

Ny opning
Etter Kulturrevolusjonen kunne kristne igjen samla seg i eigne gudshus, underlagt kontroll. Tre-sjølv-kyrkja kom tilbake på slutten av 70-talet. Og på 90-talet opna dessutan eit stort bibeltrykkeri i Nanjing, som vart senter for spreiing av mange titals millionar biblar i Kina i eit ope samarbeid med styresmaktene. Det var nye tider i Kommunist-Kina.

Men det store fleirtalet av nye, kinesiske kristne samlast ikkje i statskontrollerte gudshus hos Tre-sjølv-kyrkja. Dei reknar denne kyrkja som reiskap for styresmaktene. Difor har det vakse fram svært mange små og større huskyrkjer. Den sterke veksten har skapt uro i kommuniststyret.

I 2005 fekk landet ei ny religionslov som mellom anna gav trussamfunn rett til å klaga si sak inn for rettsvesenet. Dette var i opptakten til OL i Beijing i 2008, og styresmaktene hevda at lova var eit framsteg for religionsfridommen. Men frå kristne, buddhistar og andre kom det meldingar om lokale overgrep. Og Human Rights Watch slo i ein rapport i 2006 fast at situasjonen ikkje var blitt betre – det skjedde både fengsling av religiøse leiarar og stenging av gudshus. Men situasjonen har variert frå provins til provins.

Ulike vestlege – og norske – misjonsorganisasjonar har gjennom åra funne gode måtar å arbeida på både inne i Kina og i møte med kinesarar utanfor landegrensene, til dømes på senteret som Tao Fung Shan som Areopagos driv i Hong Kong.  Det er viktig å finna ulike kanalar inn i autoritære og totalitære land. Det er ein viktig lærdom frå tida med Jernteppet.

Medan Xi Jinping strammar til det totalitære diktaturet, går Vesten på gummisålar. Så mykje for menneskerettar og religionsfridom, 70 år etter at FN vedtok Menneskerettsfråsegna. Det er skamfullt.

Ekstremisme?

Dei nye reguleringane frå 1. februar i år er ei tilstramming av den kinesiske 2005-lova. Lova skal «slå ned på det ulovlege, blokkere for ekstremisme, hindra infiltrering og angripa kriminalitet», heiter det i reguleringa som vart vedteken i fjor haust.

Utover vinteren har vi sett nokre urovekkjande følgjer. Kyrkja Golden lampstand blei sprengt fordi ho ifølgje politiet ikkje hadde papira i orden og opphavleg var bygt som butikk, melder New York Times med den kinesiske avisa Global Times som kjelde. Kva trussel mot den nasjonale tryggleiken denne kyrkja utgjorde, er ikkje lett  sjå. Ekstremisme-omgrepet er så vidt og breitt som det passar ein moderne diktator. Om lova får følgjer for arbeid utanfor uregistrerte gudshus, veit vi ikkje.

Gummisålar

Nett den dagen den reviderte religionslova blei sett ut i livet, gjesta den britiske statsministeren Theresa May Kina. Men ho var, sjølvsagt, oppteken av handel, og ikkje av menneskerettar. Kina rosa, ifølgje statskontrollerte kinesiske media, ei «pragmatisk» May. Mektige Kina får vestlege land til å dempa kritikken eller rett og slett gå utanom.

Medan Xi Jinping strammar til det totalitære diktaturet, går Vesten på gummisålar. Så mykje for menneskerettar og religionsfridom, 70 år etter at FN vedtok Menneskerettsfråsegna. Det er skamfullt.

 

AKTUELT

Prosjekt