Diakon fri frå fengsel, men får ikkje leve fritt - Stefanusalliansen
Zhang Xiuhong  (i midten) er sett fri på vilkår.

Zhang Xiuhong (i midten) er sett fri på vilkår.  


Zhang Xiuhong kom ut av fengselsporten 7. august etter meir enn to år bak murane, melder Christian Solidarity Worldwide.

 I juli 2015 vart  Zhang Xiuhong, tidlegare diakon i Living Stone Church, stoppa og halt ut av bilen nær kyrkjebygget. Ein av dei som overfall henne, stal bilen og køyrde unna. Huset vart etterpå ransaka, og ho vart tiltalt for «illegale forretningsoperasjonar».

Men i forhøyret var politifolka meir opptatt av å spørje om kyrkja enn om pengar, melder Christian Solidarity Worldwide. Ho vart halde i forvaring i halvtanna år før ho vart stilt for retten 23. Januar i år og dømt til fem års fengsel. Dommen vart seinare redusert til tre år, med ytterlegare to år på vilkår.

No er ho altså sett fri. Men i resten av den fem år lange domstida vil ho måtte leve under restriksjonar. Ho vil, seier kjelder i familien, mellom anna ikkje kunna reisa fritt.

Stefanusalliansen sende appell for henne og pastor Yang Hua i mars i år. I appellen vart det fortalt om desperate behov i fengsel for pastor Hua.

Pastor Yang Hua vart 6. Januar dømt til to og eit halvt års fengsel. I mars 2017 fortalte advokaten hans at han var på veg til å bli paralysert på grunn av sterke betennelsar i leggen. Han er seinare flytta til den medisinske avdelinga i fengselet.

Living Stone Church har 700 medlemmer og har de siste årene opplevd et økende press fra myndighetene. Myndighetene har prøvd å stenge kirken og hindre menigheten i å bruke bygningen sin. Flere medlemmer er blitt tvunget til å betale bøter og har fått sine bankkonti frosset, og de må samles i mindre grupper hjemme hos hverandre nå.