Desse 12 landa har dødsstraff for blasfemi eller fråfall - Stefanusalliansen
Azif Pervaiz (i kvit drakt og handjern) er dømt til døden for blasfemi i Pakistan. Her saman med ei fengselsvakt, advokat Saif-ul-Malook og til høgre Said Christopher, Stefanusalliansens partner.

Azif Pervaiz (i kvit drakt og handjern) er dømt til døden for blasfemi i Pakistan. Her saman med ei fengselsvakt, advokat Saif-ul-Malook og til høgre Said Christopher, Stefanusalliansens partner.  

Blasfemi   

Det siste landet er Nigeria som formelt er eit sekulært land, men der islam står sterkt i statsstyret og der 12 delstatar i nord styrer etter sharia – islamsk lov.

Forskarar ved det australske universitetet Monash har i ein rapport studert global kriminalisering av blasfemi og fråfall. Fråfall (frå islam) kan føra til dødsstraff i minst 11 land. Tre av dei har slått dette fast i lovverket. I dei andre landa er det islamsk lov – sharia – som fastslår straffene.

I minst sju land er det dødsstraff for blasfemi – fire av dei har dette lovfesta.

I FN blir det arbeidd med ein resolusjon om eit moratorium (mellombels forbod) mot bruk av dødsstraff. Utkastet er ikkje ferdig eller teke opp til avgjerd. Eitt av poenga er å få slutt på dødstraff for de statar definerer som religiøse lovbrot – som blasfemi, fråfall eller proselytisme, det å få overtyda nokon om å konvertera.

I eit føreord til rapporten «Killiing in the name of God» skriv Ahmed Shaheed som dei siste seks åra har vore FNs spesialrapportør for trusfridom:

– Det har vore ein sterk vekst i religiøs intoleranse verda over, inkludert at lover mot fråfall og blasfemi er tekne meir i bruk. Desse lovene kan ikkje rettferdiggjerast under internasjonale menneskerettar fordi menneskerettane vernar menneske og ikkje religionar, slår han fast.

«Kveler trusfridommen»
Shaheed skriv også at sjølv om dødsdommar ikkje vert idømde i fleire av landa eller dødsstraffer ikkje vert fullbyrda i dei aller fleste landa, så kveler dødsstraff trus- og livssynsfridommen.

– I somme land skaper eit lovverk med dødsstraff eit miljø der folk føler seg forplikta til å bli med i valdelege mobbar mot menneske som vert skulda for å bryta religiøs moral, skriv Shaheed.

I Pakistan som dømmer folk til døden, men som ikkje har avretta nokon av dei dødsdømde, er mange titals  menneske som er dømde eller tiltalte for blasfemi, tekne av dage av ekstremistar.

 

I somme land skaper eit lovverk med dødsstraff eit miljø der folk føler seg forplikta til å bli med i valdelege mobbar mot menneske som vert skulda for å bryta religiøs moral.

Ahmed Shaheed

 

Ahmed Shaheed, her på besøk hos Stefanusalliansen, ber alle land om å slutta med dødsstraff for blasfemi og fråfall frå trua. Foto: Johannes Morken

Forkledning
I seks av dei 12 landa som har dødsstraff, er folk dømde til døden for det statane reknar som alvorlege religiøse brotsverk. Berre i eitt av landa, Iran, er ein dømt faktisk avretta for eit religiøst brotsverk, heiter det i rapporten frå det australske universitetet.

Men det er ikkje heile sanninga:

– Både Iran og Saudi Arabia synest å bruka dødsstraff for å forfølgja religiøse minoritetar. I båe landa er menneske frå religiøse minoritetar sterkt overrepresenterte i statistikken over avrettingar. Dei vert drepne under omstende som tyder på at tiltalen som dei opphavleg blei dømde etter (politikk, tryggleik eller narkotika), var ei forkledning, skriv forskarane.

Drap utan lov og dom
Sidan 2010 er det dokumentert også andre typar stats-sanksjonerte drap:

• Drap utan lov og dom, som direkte drap, dødsfall i varetekt og tvungne forsvinningar.

• Drap utført av valdeleg mobb, attentat eller hatkriminalitet.

• Drap utført av ekstremistgrupper.

Har studert Koranen
Forskarane slår fast at alle dei dokumenterte drapa er motiverte av og rettferdiggjorde av ei konservativ og ekstremistisk tolking av islam.

– Men studiane våre av internasjonale menneskerettar og islamsk lov tyder på at dei to ikkje er uforsonlege. Analysane våre konkluderer faktisk med at islamsk lov ikkje gir mandat til å bruka drap mot religionsfridommen. Islam fordømmer og til og med forbyr dette, skriv forskarane.

Dei viser til ein serie utdrag av Koranen som støtte for det dei kallar «meir progressiv tolking av islam».

– Alle koranversa om blasfemi og apostasi som vi har gått gjennom, viser klart at Koranen tek til orde for religionsfridom, skriv dei. Koranen seier ingenting om jordisk straff for verken fråfall eller blasfemi, blir det påpeikt. Det Koranen seier om straff, skal utførast av Allah i det hinsidige, ikkje av menneske på jorda.

 

Koranen seier ingenting om jordisk straff for verken fråfall eller blasfemi

Forskarane bak rapporten 
 

«Koranen omfamnar trusfridommen»
Men hadithane – forteljingane om profeten Muhammeds ord og handlingar – fortel fleire stader om dødsstraff for fråfall frå islam. Her har dei lærde igjen ulike tolkingar.

– Dette viser at det er rom for tolking, skriv forskarane som er tydelege i bodskapen i dei aktuelle landa: Det må bli slutt på stats-sanksjonerte drap i Guds namn.

– Koranen omfamnar religiøs fridom, og avskaffing av dødsstraff for religiøse brotsverk er fullt og heilt i samsvar med Koranens lære. Islam er verken uforanderleg eller ubøyeleg. Det er ikkje noko behov for drap i Guds namn, skriv dei.
 

Dette er dei 12 landa som «drep i Guds namn»:

• Afghanistan har sharia-basert dødsstraff for både fråfall og blasfemi.
• Brunei har lovfesta dødsstraff for både blasfemi og fråfall.
• Dei sameinte arabiske emiratane har sharia-basert dødsstraff for fråfall og lovfesta dødsstraff for blasfemi
• Iran har sharia-basert dødsstraff for fråfall og lovfesta dødsstraff for blasfemi.
• Jemen har lovfesta dødsstraff for både fråfall og blasfemi.
• Maldivene har sharia-basert dødsstraff for fråfall.
• Mauretania har lovfesta dødsstraff for både blasfemi og fråfall.
• Nigeria (12 delstatar) har uklar, men sharia-festa dødsstraff for både fråfall og blasfemi.
• Pakistan har uklar heimel for dødsstraff for fråfall, men lovfesta dødsstraff for blasfemi.
• Qatar har sharia-basert dødsstraff for fråfall og lovfesta dødsstraff for blasfemi.
• Saudi-Arabia har sharia-basert dødsstraff for fråfall og blasfemi.
• Somalia har sharia-basert dødsstraff for fråfall og lovfesta dødsstraff for blasfemi.