Der kristne samfunn blir kvalte - Stefanusalliansen
Christof Sauer slår alarm om kveling av kristne samfunn i fleire land i Afrika. (Foto: Johannes Morken)

Christof Sauer slår alarm om kveling av kristne samfunn i fleire land i Afrika. (Foto: Johannes Morken)  


Christof Sauer er professor i religionsstudiar og ekspert på forfølging av kristne. Han slår alarm om veksten i islamistisk terror i fleire afrikanske land. 

Då Libya kollapsa saman med Gadaffi-regimet, kom store mengder våpen på avvegar. Militsar kryssar grenser. Talet på islamistiske og IS-tilknytta grupper – som har sterkt fotfeste i Nigeria – aukar. Samarbeidet mellom dei vert sterkare, påpeikar Christof Sauer. 

– Våpen er blitt blitt smugla like til Mosambik. Militsar slaktar folk, brenn kyrkjer og bortfører og tvangskonverterer jenter. Terrorgruppene gjer dette for å skremma i kampen for kontroll over landområde og naturressursar. Men det er også eit religiøst motiv bak terroren. Ofte er terrorgruppene ekstremistiske muslimar. Heile regionen lid under terroren. Dei fleste offera er kristne, sjølv om terroren ikkje berre rammar kristne, seier Sauer. 

Kveling av kristne samfunn 
Mangelen på handlekraftige styresmakter har ført til ein sterk auke i vald mot kyrkjer og kristne i heile regionen. Open Doors har dokumentert at vel 4500 kristne i 2020 vart drepne for trua si. Ni av ti drap skjedde i Afrika.  

Sauer er djupt uroleg også over det han kallar ei «sakte kveling» av kristne samfunn. 

– Mange stader skjer dette med legale middel. Nigeria er eit typisk døme. Fleire delstatar har innfør sharialover som dei først sa berre skulle gjelda for muslimar. Men så blir dei også gjort gjeldande for alle. Kristne blir til dømes  pressa til same offentlege kleskode som muslimar. Over år vert rommet for kristne mindre og mindre, og presset blir kvelande, seier Sauer. 

Han seier at der kristne blir drepne, erklærer kyrkja dei som martyrar. Dette kan gje styrke. 

– Drap når overskriftene i media. Men den stille kvelinga når ikkje overskriftene. Kristne mistar gudshus og levebrød, dei vert pressa vekk frå landområda eller dei mistar kundar. Dei vert drivne vekk frå røter og levestader og risikerer i verste fall å svelta i hel. Det er som frosken i kaldt vatn i gryta. Sakte vert temperaturen skrudd opp. Ein dag er temperaturen blir så høg at frosken døyr. Slik er det med mange kristne samfunn i fleire land i Afrika. 

Livsfarleg cocktail 
Eit anna trekk som djupt uroar Sauer er religiøs nasjonalisme. 

–  Alt snakk om «Min nasjon! Mitt språk! Mitt territorium! Min religion!» er ein dødeleg cocktail. Det skjer til dømes i India. Hinduisme er eit vestleg omgrep som dekkjer mange religiøse uttrykk. Hindutva-ideologien som sterke hindu-nasjonalistiske bevegelsar står for, er ekskluderande og nasjonalistisk. Den skil skarpt mellom «oss, dei reine» og «dei andre, ureine». I Sri Lanka er det buddhisme som tilsvarande blir brukt til å definera kven som er ein ekte borgar. Vi finn det same konseptet i Pakistan. Namnet Pakistan betyr «landet som bugnar av det reine». I aukande grad vert dei som ikkje er sunni-muslimar, definerte som ureine. 

Kristen tru kan misbrukast 
Men også den kristne trua kan koplast til nasjonalistisk ideologi og bli misbrukt til å ekskludera minoritetar, sier Sauer. 

– Nasjonalsosialistane i heimlandet mitt, Tyskland, brukte kyrkja ideologisk. Kyrkja måtte sparka folk med jødisk-etnisk bakgrunn. Pasientar med jødisk-etnisk bakgrunn måtte ut av sjukehus og eldreheimar. Nasjonalsosialistane instrumentaliserte kyrkja til «tysk kristendom». Tilfellet Tyskland er eit alvorleg varsel. Vi må aldri lata kristentrua bli misbrukt til nasjonalistiske, politiske ideologiar som ekskluderer, seier Sauer. 

Populistisk jakt på kristne 
Populistiske ideologar er også i dag freista til å bruka konservativ kristen tru til nasjonalistiske formål. 

– Dei framstiller seg som forsvararar av kristen tru, kristne verdiar, det kristne fedrelandet og den kristne verdsordenen – mot innvandring. Men ver på vakt mot folk som berre gjer trua di til eit politisk instrument. Dei bryr seg ikkje om kristentrua di, dei vil berre ha deg som veljar for eit ideologisk formål. 

– Snakkar du om Urban i Ungarn og Trump i USA? 

– Eg snakkar generelt om populistiske rørsler. Det er ein hårfin balanse mellom politisk ideologi som også vernar ting som er viktige for konservative kristne, og rein instrumentalisering av kristen tru. Det er ikkje alltid lett å dra ei klar line mellom «the good guys» og «the bad guys». 

Åtvarar mot fiendebilete 
Sauer åtvarar mot alle stereotypar og fiendebilete: 

– Verken anti-kommunisme eller anti-islam er gode kristne forsvar for trusfridom. Du kan ha svært gode grunnar for å vera mot islam som ein måte å forstå verda på. Men ikkje lat den kristne trua di bli brukt slik at alle muslimar blir fiendar. Du har også svært gode grunnar for å vera mot kommunisme som ideologisk system. Men ikkje fall for freistinga til å la alle som reknar seg som kommunistar, bli ramma av stereotypar og fiendebilete, seier Christof Sauer. 

 

Notis 
Kor mange kristne blir forfølgde? 
På nettsida vår finn du ein artikkel av Christof Sauer om ulike måtar å finna svar på dette spørsmålet. 

Open Doors har rekna seg fram til at meir enn 340 millionar kristne lever i  74 land der graden av forfølging av kristne er «høg», «svært høg» eller «ekstremt høg». Heilt sikkert svar er uråd å finna. Men professor Sauer, som har hjelpt Open Doors med metodeverket, meiner at dette er det beste overslaget vi har. 

Les meir på www.stefanus.no 

 

Tekstutdrag 
Ikkje lat den kristne trua di bli brukt slik at alle muslimar blir gjorde til fiendar. 
Christof Sauer 

Btxt Christof Sauer 
Christof Sauer er leiar for Institute of the Study of Freedom of Religion and Belief og professor ved eit universitet i Leuven i Tyskland. 

 
 

Neste side: Les Fadervår for dei forfølgde.