- Umulig å dokumentere det fulle omfang av krisen som rammer kristne i India, sier kirkeleder.
Dei ville ikkje fornekta trua då mobben kom. Flykta for livet
Far, mor og to barn heldt fast på trua på Jesus. Flykta frå alt dei hadde.

Far, mor og to barn søkte hjelp hos kyrkje etter flukt frå landsbyen.
Den hindunasjonalistiske mobben angreip landsbyen der det bur menneske frå eitt av Indias mange stammefolk. Dei kristne i landsbyen fekk valet: Dei måtte forkasta trua og bli hinduar. Eller dei måtte flykta og mista alt dei eigde.
– Denne familien ville ikkje gje opp trua, fortel Ronald Boyd-MacMillan. Like før jul besøkte han delstaten Chhattisgarh saman med partnaren til Stefanusalliansen.
Desse angrepa inngår i årsrapporten frå Evangelical fellowship of India som viser at talet på angrep mot Indias kristne i fjor var rekordhøgt – ein ny topp etter eit tiår med samanhengjande vejst i vald, trakassering og hat.
- LES OGSÅ: Banket opp, utstøtt, arrestert.
Landsbyar under angrep
I løpet av ei einaste veke i byen Jagdhalphur i Chhattisgarh møtte Boyd-MacMillan mange kristne som hadde flykta frå angrep på tre ulike landsbyar. Dei flyktande søkte hjelp hos slektningar eller hos kyrkjer som sikra mat og tak over hovudet.
– Familien hadde vore gjennom det svært mange har opplevd: Dei blei kalla inn til landsbyrådet med beskjed om å fornekta trua. Men dei ville ikkje. Dei hadde opplevd at ein alvorleg sjuk i familien blei frisk etter bøn, då kunne dei ikkje fornekta Jesus Kristus. Då dei nekta og flykta, brende mobben ned huset og tok buskapen og mais-avlinga, seier Boyd-MacMillan.
Då dei nekta og flykta, brende mobben ned huset og tok buskapen og mais-avlinga
Ronald Boyd-MacMillan om mølte med forfølgde kristne i indisk delstat
Magasinet Stefanus møter han i Giessen i Tyskland under ein konferanse i regi av International Institute of Religious Freedom (IIRF). Der er Boyd-MacMillan seniorforskar.

Ronald Boyd-MacMillan møter en gruppe kristne frå ein landsby av stammefolk i Chhattisgarh. Dei nekta å lata seg «rekonvertera» til hinduismen og måtte flykta.
I India fekk han eit skakande møte med resultata av eit tiår med hat, press og vald frå den paramilitære rørsla RSS og andre grupper som målretta går etter kristne og muslimar. RSS er del av same hindunasjonalistiske rørsla som regjeringspartiet BJP. Målet er India som land for hinduar. Aller verst er presset mot stammefolk som vel ei anna tru enn hinduismen.
Kriminaliserer skifte av tru
Chhattisgarh har ei lov som kriminaliserer konvertering. I januar vart det kunngjort at delstaten vil skjerpa lova etter modell frå nabostaten Uttar Pradesh. Der blei strafferamma for «ulovleg konvertering» i fjor heva frå ti til 14 års fengsel når menneske frå eit stammefolk vel kristen tru. Hundrevis av arrestasjonar og mobbangrep i fattige landsbyar er resultatet av lova i Uttar Pradesh – og tilsvarande i statar med slike lover.
Møtet med dei fordrivne kristne «var ein augeopnar», fortel Boyd-MacMillan:
– Eg fekk sjå kor systematisk RSS går fram i landsby etter landsby. Gjennom skulane spreier RSS løgner om at stammefolk blir kristne fordi dei får pengar frå utlendingar. Propagandaen fortel at gudane vil straffa landsbyen på grunn av dei kristne. Forfølginga som startar med ord, kryp inn i ein kultur og overtek. Så ein dag er det for seint, seier han.
Systermatiske angrep
Boyd-MacMillan legg til:
– RSS går til landsbyrådet og får identifisert kven som er kristne. I tur og orden vert kristne kalla inn til landsbyrådet med krav om å fornekta trua og bli hinduar. Ein god del fornektar trua i møte med brutale trugsmål. Dei som held fast på trua, må flykta, elles blir dei banka opp av ein mobb som blir mobilisert, også med alkohol. Det aller verste er at mobben kan vera folk dei kristne kjenner, som familie eller skulekameratar, seier Boyd-MacMillan.
Oppgåva i India er å utrusta kyrkja til å verta smartare enn mobben
Roland Boyd-MacMillan
Han seier at dei som går til politiet, kan oppleva at politiet nektar å registrera saka.
– Landsbyrådet, mobilisert av RSS, går ofte også til eigedomsregisteret for å overta jorda til dei fordrivne. Dei tolkar lova som at dei har rett til det, for å sikra kulturen, men det er ikkje sant.
«Vi må styrkja kyrkja»
Boyd-MacMillan spør seg sjølv kva han ville gjort dersom han vart stilt på val om å fornekta trua eller ikkje, dersom huset hans blei brent og han måtte flykta frå mobben.
– Oppgåva i India er å utrusta kyrkja til å verta smartare enn mobben. Trass i hatet og presset veks kyrkja, ikkje minst fordi mange opplever lækjedom gjennom bøn, seier Boyd-MacMillan.
FØRST PUBLISERT I MAGASINET STEFANUS 2-2025