Dei vil stoppa kidnapping av kristne jenter og hindu-jenter - Stefanusalliansen
Utdanning er viktig for kristne jenter. Den muligheten forsvinner når de kidnappes.

Utdanning er viktig for kristne jenter. Den muligheten forsvinner når de kidnappes.  

Pakistan   

Human Friends Organization (HFO) gjer eit nytt forsøk på å få lovgjevarar i Punjab-provinsen til å vedta ei lov mot praksisen som rammar jenter på 13-14 år. HFO går saman med andre organisasjonar for å overtyda parlamentet.

Dei krev høgare minstealder for ekteskap, til dømes 18 år, og vil innføra same minstealder for konvertering.

– Det krevst hardt arbeid på fleire frontar å få stoppa denne grufulle praksisen, seier Sobia Batool i HFO som er Stefanusalliansens partner.

Tidlegare lobbyarbeid i Punjab førte ikkje fram. Det skjedde i hastverk, sukkar Batool.

– Mange dreiv lobbyarbeid kvar for seg og var mest opptekne av å skapa blest om seg sjølve. Lovframlegget blei stogga av islamistiske politikarar og blei aldri debattert.

Ny politisk kamp
Neste lobby-innsats blir etter valet, som truleg skjer i slutten av januar.

– Kvinnelege leiarar og aktivistar må med i arbeidet, seier Sobia Batool.

Ho vil og ha med seg muslimske religiøse leiarar. Fleire var med i ein HFO-organisert demonstrasjon  då den då 13 år gamle kristne jenta Arzoo Raja i oktober 2020 blei bortført, tvangsgifta og tvangskonvertert. HFO arbeider opp mot lokale styresmakter og politiet.

– Det er viktig at politiet er i stand til å handtera slike saker. Vi ser i dag at folk som står bak kidnappingar, forfalskar fødselsdatoar. Lokalt politi må setjast i stand til raskt å klargjera alderen på jentene og få fakta på bordet før bevisa er øydelagde og sakene blir langt vanskelegare å ta tak i. Religiøse leiarar må også seia nei til å delta i seremoniar der unge jenter blir tvangsgifta og tvangskonverterte.

– Er det mogeleg å tru på framgang?

– Ja, kvifor ikkje? Ein gong var det nærast uråd å snakka om blasfemilova. I dag reiser fleire aktørar i det muslimske samfunnet spørsmål ved blasfemilova og korleis den blir praktisert. Dersom eit samla sivilsamfunn går saman for å stoppa kidnapping, tvangskonvertering og tvangsgifting, kan vi nå fram.

 

Mindreårige kristne jenter som kjem tilbake etter overgrep, blir ofte ikkje skikkeleg aksepterte.

Sobia Batool
 

Kamp mot skam
– Eit anna problem er at familiane til kristne jenter som blir bortførte og kanskje valdtekne, ikkje vil ta jentene tilbake på grunn av skam. Er det råd å snu dette?

– Du har heilt rett. Mindreårige kristne jenter som kjem tilbake etter overgrep, blir ofte ikkje skikkeleg aksepterte. Familiane trur at samfunnet ikkje vil godta jentene på grunn av skam, og dei er redde for framtida til andre døtrer. Dette må vi gjera noko med, seier Sobia Batool.

Dei planlegg komitear i lokalsamfunn for å hjelpa familiane.

– Vi vil få fram at det ikkje har noko med skam å gjera å ta imot ei mindreårig dotter som har vore offer for kidnapping, overgrep, tvangskonvertering og tvangsekteskap. Vi vil gje familiane psykososial hjelp for å takla eit slikt traume.

Jenter blir lurt
HFO vil også prøva å nå jenter som er i fare for å lata seg lura til tvangskonvertering og ekteskap – lokka med pengar, stort hus, fin bil og høgare status.

– Konvertering er i seg sjølv ikkje gale, så sant konverteringa er frivillig og basert på djup overtyding. Men jentene må først forstå sin eigen religion og vita at dei ikkje må bytta tru på grunn av utsikt til pengar eller status. Det hender at unge jenter flyktar frå sin eigen fattige kristne familie fordi dei trur dei får det betre i ein rikare familie med høgare status. Men dette er ei felle, og vi må hjelpa jentene slik at dei ikkje går i fella, seier Sobia Batool og legg til:

– Kristne jenter som blir tvangskonverterte og tvangsgifta inn i muslimske familiar, blir ofte ikkje godtekne der heller. Etter nokre år endar slike ekteskap med skilsmisse. Jentene endar på gata, i prostitusjon og menneskehandel. Dette er ein vond sirkel. Vi må arbeida på mange frontar for å stoppa ein praksis som blir brukt for å svekkja religiøse minoritetar.

FØRST PUBLISERT I MAGASINET STEFANUS 7-2023
 

AKTUELT

Prosjekt