Dei som blir forfølgde for trua si, hamnar i farleg blindsone - Stefanusalliansen
Xi Jinping styrer Kina meir og meir mot diktaturet.

Xi Jinping styrer Kina meir og meir mot diktaturet.  

Kina*   

Ein kommentator i Dagens Næringsliv, som i haust skreiv at for det norske folkeferd er det eigentleg umogleg å forsvara monarkiet, la til: «Det var noe annet da Gud fortsatt levde, og kunne bidra med sin nåde.» 

Dette var ikkje eit innlegg om Guds eksistens, men om monarkiets. Eg skal verken ta opp tråden om framtida for monarkiet eller argumentera for kopling av makt og religion. Men meldinga om Guds og hans nådes død er sterkt forhasta. 

Livredde for Gud 
Når eg reiser til land som verken flyt av kapital eller honning, ser eg at trua på Kristus held menneske oppe.  Kvifor er dei mektige så livredde? Kvifor hamnar forfølging av religiøse minoritetar i ei blindsone? Nasjonale media som har eit kritisk blikk på stormaktene, gløymer diverre mange avmektige. 

 

Når eg reiser til land som verken flyt av kapital eller honning, ser eg at trua på Kristus held menneske oppe.

 

Ayatolla-regimet i Iran er stadig i nyhendebiletet med rakettar, atomprogram og tungt støtta militsar. I den norske blindsona er Irans «forbodne» kristne. Kanskje så mange som ein million har gått frå islam til kristen tru fordi dei ikkje orka meir ayatolla-bruk av religion til autoritær makt.  

Ugrunna blir konvertittane – på liknande vis som bahaiane – stempla som truslar mot Irans tryggleik og som agentar for Israel. Leiarar av huskyrkjer blir sperra inne i årevis eller pressa ut av landet. Kvifor er ayatollaene til dømes så redde for ei trafikkskadd kvinne på 60 år at ho nyleg, med krykkjer og gåstol, blei fengsla i seks år i Teherans mest berykta fengsel? 

Ved juletider i fjor arresterte ayatolla-regimet minst 46 kristne, med muslimsk bakgrunn. Mange av dei har alt fått lange fengselsstraffer. Yasin Mosavi fekk i alt 15 år i fengsel - for å vera del av ei huskyrkje som vil «uroa nasjonal tryggleik» og for «promotering av sionistisk kristendom’».  

Kinas «guddom» 
Eller la oss ta Xi Jinpings diktatur i Kina. «Uregjerlege» kyrkjer, moskear og buddhistiske kloster blir stengde eller rivne. Tusenvis av kors blir knuste og erstatta med kinesiske flagg. Uregistrerte kyrkjer blir stempla som ulovlege og stengde. Pastorar og prestar blir fengsla. Dei som sonar i Xis fangehol som truslar mot regimet, hamnar dessverre samtidig i vår heimlege blindsone. Kvifor bryr ikkje dei som kritisk følgjer supermakta Kina, seg om forfølginga av dei som ikkje blindt ser Xi som Kinas «guddom»? 

 

Dei som sonar i Xis fangehol som truslar mot regimet, hamnar dessverre samtidig i vår heimlege blindsone.

 

Indias Narendra Modi  leier ei hindu-nasjonalistisk rørsle som set aukande press på muslimar og kristne, som påståtte truslar mot ein hindustat. Heldigvis kjem presset mot muslimar av og til opp i norske nasjonale media. Om presset mot dei kristne er det mange stader heilt taust. 

Kristus lever 
Dessverre blir kristendommen også misbrukt til makt, og herskarar som Donald Trump har misbrukt kristendommen. Den oppstadne Kristus er håpet for dei makteslause. Kristus lever også for dei som nektar å lyda Russlands krigerske Putin og den krigsvelsignande patriark Kirill. Ein nådig Gud gjev også dei håp om ein annan verd. 

Kristus er levande for dei som blir forfølgde av dei mektige, sjølv om mange her heime trur at Gud må vera død og plasserer dei truande forfølgde i ei blindsone. 

FØRST PUBLISERT I MAGASINET STEFANUS 7-2024 OG I DAGEN 3.12.2024.

AKTUELT