Dei møtest i ein heim til sang og bøn. Det er strengt forbode - Stefanusalliansen
Eit husfellesskap møtest til bøn, sang og måltid.

Eit husfellesskap møtest til bøn, sang og måltid.  


Dei er samla i ein heim for å synga, fortelja trushistorier og be. Det er forbode i dette landet i Sentral-Asia.

Vi er invitert til eit husfellesskap i ein by nord i dete landet. Gruppa som har halde saman i årevis, høyrer til ei registrert og lovleg evangelisk kyrkje. Men det er forbode med religiøs aktivitet utanfor godkjende gudshus. Dersom politiet kjem til husfellesskapet, blir dei bøtelagde.

Tre generasjonar har sett seg på golvet rundt eit rikeleg dekka matbord. Kvinner, menn og barn er saman. I tradisjonell kultur ville kvinnene halde seg på kjøkkenet.

– Vi underviser nye kristne med muslimsk bakgrunn at kvinner og menn er likeverdige, seier ei kvinne som var her som misjonær då husgruppa vart starta.

 

Dersom politiet kjem, vil vi forklara at vi er vener som et saman.

Pastor

 

Kampen for gravstader
Dei deler trushistorier. Ei kvinne fortel om kampen for å klara omsorga då mannen drog frå henne og dei seks barna. Svigersønene pressar henne for at ho skal venda tilbake til islam.

– Eit par gonger har eg lurt på å gje opp, men eg held fast.

Ei anna kvinne fortel at mullahen nekta mora gravplass fordi ho var blitt kristen. Kyrkja måtte finna ein annan gravstad. Kyrkjene prøver å få skaffa felles kristen gravplass.

Så kjem hovudretten plov på bordet. Langkorna ris, kokt med løk, buljong og grønsaker, vert servert med lammekjøtt. To og to et frå kvar si side av ein tallerken.

Etter ploven hentar far i huset fram tromma. Han syng om Guds nærvær og ber om at fleire kan finna Gud og oppleva kjærleik og nåde.

Barn har ikkje lov til å vera med i kyrkja eller få religiøs opplæring utanfor eigen heim.

Dekkhistoria
– Dersom politiet kjem, vil vi forklara at vi er vener som et saman, svarar pastoren.

– Kan de ha biblar her?

– Ein privat bibel i heimen er lov. Dei aller fleste har Bibelen på telefonen, då er dei ikkje synlege.

– Har de hatt politiet på besøk?

– Nei, og vi har aldri fått bot. Andre her i byen har hatt politiet på besøk og fått bøter.

Barn er med i husgruppa. Det er forbode å ta med unge under 18 i kyrkja eller gje dei religiøs opplæring utanfor heimen. Det same gjeld moskeane.

– Offisielt gjer vi ikkje noko for dei under 18. Men vi tek med borna når vi skal til gudsteneste. Dei kan ikkje vera åleine heime og blir samla i eigen bygning. Dersom politiet skulle koma, vil vi svara at barna leikar. Politiet sjekkar ofte moskeane under fredagsbøna.

Det er ikkje lov å ha sommarleir.

– Men vi har leirar for unge, langt utanfor byen. I år kom 50. Vi er varsame, og vi stolar på Gud og ber om vern, seier pastoren.

Møte med kvinner
Lova forbyr religiøse organisasjonar å driva oppsøkjande arbeid. Men kyrkja arrangerer møte med kvinner i heimar.

– Vi lærer dei å laga ein ny matrett. Medan maten står i omnen, deler kvinnene trushistoriene sine med kvinner som dei har invitert. Dei fortel historier om lækjedom, seier Nadi som leier familie- og kvinnearbeidet.

Vitnesbyrd gjer inntrykk. Nadi, som ikkje er det rette namnet hennar, fortel om ein familie der eitt av barna på 18 år hadde Downs syndrom. Ingen ville vera saman med han.

– Dei vart svært glade då vi delte måltid med heile familien.

Nye kjem til tru i husfellesskap. – Dei blir med i kyrkja etterpå, seier Nadi.

Nabolaget veit om kyrkja.
– Somme naboar kjem for å be om forbøn for ein sjuk slektning etter at dei har vore både hos lege og mullahen først.

 

Somme naboar kjem for å be om forbøn for ein sjuk slektning etter at dei har vore både hos lege og mullahen først

 

Nye moskear
I byen blir nye moskear bygde med pengar frå land som Qatar.

– Vi kristne må bli endå meir aktive når muslimar blir meir aktive, seier Nadi.–  Lova fastslår trusfridom, men det har vi ikkje, seier pastorar. 

Gamal moske.

Land i frykt
Ifølgje Forum 18 Newsservice har regimet skapt frykt. Regimet har strnegt kontroll med moskear, for å hindra framvekst av radikal islam. 

– Regimet gjer kristent arbeid vanskeleg, seier ein av dei mange kristne leiarane Magasinet Stefanus møter. Regimet nektar å registrera fleire kyrkjer enn dei 65 som er godkjende. 

– Vi fekk inga grunngjeving, seier ein pastor for ei registrert kyrkje i hovudstaden.

Fleire kyrkjer ville gjerne blitt godkjende. 

– Men det nyttar ikkje å søkja, sjølv med papira i orden. Regjeringa fryktar islamsk ekstremisme og undergrunnsaktivitet og vil ikkje registrera fleire muslimske trussamfunn. Difor blir heller ingen nye kyrkjer registrerte. 

 

Lova fastslår trusfridom, men det har vi ikkje

Pastorar

 

Kyrkjer låner lokale 
Mange kyrkjer som ikkje er registrerte, låner lokale av registrerte kyrkjer. Baptistkyrkjene er splitta – ein del vil ikkje ha noko med styresmaktene å gjera og søkjer ikkje registrering. 

– Dei merkar det sterkaste presset, seier ein pastor. 

– Før lova blei vedteken, møtte kyrkjeleiarar folk i parlamentet. Vi fekk forklart at lova vart laga for å stogga muslimsk ekstremisme og ikkje var meint for kristne, men at det ikkje kunne stå i lova. Vi svarte at lova ville ramma alle. Og lova vert brukt også mot kristne, seier pastor. 

Bibelsensur 
Det rammar også import av biblar og andre bøker. All litteratur må gjennom religiøs godkjenning. Sensuren tek lang tid. Opplag blir avgjort av regimet. 

–  Lova fastslår trusfridom, men det har vi ikkje, seier pastorar. 

– Vår fridom som kristne skulle ikkje vore avgrensa av behovet for kontroll med radikal islam. Kristne er ein liten minoritet. Lova burde vore meir fleksibel for oss, seier pastor i hovudstaden. 

Landet var del av Sovjetunionen til unionen kollapsa i 1991. I 1991 vart landet sjølvstendig, med opne grenser. Misjonærar kom. Mange blei kristne. Seinare er lovverket endå meir innstramma. 

Islamsk ekstremisme 
Regjeringa er uroleg både for eigne radikale og for påverknad utanfrå, som frå Afghanistan. På den andre sida: Det er fleire år sidan sist ein kristen leiar blei fengsla. I dag handlar det om fare for razzia og bøter. 

– Vi takkar Gud for at regjeringa har undertrykt islamistisk fundamentalisme. De i Vest kjenner ikkje islamistisk teologi. Regjeringa prøver å finna ein middelveg. Mange muslimar vil ha ein islamsk sharia-stat, men dei vågar ikkje fremja dette under trykket frå regjeringa, seier pastor som legg til: 

– Det er feil å stramma inn trusfridommen for oss. Men eg forstår at regjeringa vil unngå undergraving og religiøs uro. Så ser eg at Gud verkar. Vi har også aukande dialog med muslimske leiarar. Eg takkar Gud for at de vil forstå og hjelpa oss der de kan. Be for oss,. 

AKTUELT

Prosjekt