Ny framtid etter IS-terror - Stefanusalliansen
I skulestøtteprosjektet til Resurrection Church Beirut får flyktningbarna både læring og leik.

I skulestøtteprosjektet til Resurrection Church Beirut får flyktningbarna både læring og leik.  


Dei to 11-åringane Sonia og Behala – det er ikkje dei verkelege namna deira – har saman med familiane flykta frå krig – Sonia frå Syria, Behala frå Irak. Dei er to av dei 75 barna som Baptistkyrkja Resurrection Church Beirut har på «skulebenken».

Kyrkja har ikkje ein fullt utbygd skule, men eit tilbod for å hjelpa barn til å ta igjen det tapte for å kunna halda fram skulegangen.

–  Vi lærer mykje og har mykje moro, seier dei to 11-åringane til min kollega Thea Haavet som har laga film frå skulestøtteprosjektet til Resurrection Church.

– Det er viktig for oss å gå på skule. Dersom eg ikkje går på skule, vil eg angra på det når eg veks opp, seier Sonia.

Behala frå Irak drøymer om å bli lege. Ho håpar å kunna få leva i eit anna land. Sonia håpar å bli advokat og at ho ein dag kan flytta heim til Syria.

 

 

Flyktningar i Libanon føler seg ofte som kasteballar.

Betty Malky Njeim

 

Frå klubb til skule

Resurrection Church Beirut starta i 2016 ein barneklubb for flyktningbarn. Klubben er no erstatta med undervisning.

– Foreldra tek det meir alvorleg når det ikkje berre er leik. No har vi tilsett lærarar, vi har ikkje berre friviljuge aktivitetsleiarar, seier Betty Malky Njeim i skulestøtteprosjektet – Learning Support Project (LSP).

Ein av lærarane er frå Irak, den andre er frå Libanon. Assistenten er syrisk flyktning.

Baptistkyrkja Resurrection Church Beirut (RCB) er partnar for Stefanusalliansen som støttar skulestøtteprosjektet.

Saka held fram under denne videoen frå skuleprosjektet

 

Irakisk senter

55 av dei 75 barna får skulehjelp i hovudkyrkja. 20 barn får skulehjelp i eit lokale baptistkyrkja har leigd i ein bydel der kyrkja før jul i fjor etablerte eit eige senter for irakiske flyktningar. På ettermiddagar og kveldar er det her bibelkurs og smågrupper, foreldrekurs og familieaktivitetar. På laurdagar held ei ungdomsgruppe hus her.

På føremiddagane er det tid for skule. 

Vanskeleg

Dei viktigaste faga er engelsk, matematikk og arabisk. Det er vanskeleg å få plass i den offentlege skulen – det er små kvotar for flyktningar. Libanesiske styresmakter vil ikkje leggja at flyktningane skal bli i landet. Høgrøysta stemmer vil at dei syriske flyktningane straks skal dra heim – til eit land der det enno er krig.

Då RCB starta skulestøtteprosjektet i 2017, var det lagt til ettermiddagen for å få med barn som er i arbeid for å spe på familieinntekta. No tilbyr kyrkja skulehjelp på føremiddagen.

– Vi oppmodar barna til å gå på skule, for å sikra ei framtid, seier Betty Malky Njeim.

 

Sonia og Behala er glade for tilbodet i Beirut.

Omsorgssvikt
Tilbodet er for barn mellom 5 og 12 år. 

Ein grunn til at skuleprosjektet vart flytta frå ettermiddagen, var at mindre barn vart gåande åleine heime. Foreldra var ute for å skaffa arbeid. Ei mor låste barna på 2, 3 og 5 inne då ho drog. Den eldste skulle ta seg av dei minste.

– Men det er mange farar bak ei låst dør – veranda, elektrisitet og gass. Med skuletilbodet hos oss kan barna vera tryggare. Barn av flyktningar blir ofte oversett heime, seier Betty Malky Njeim.

Ho fortel at mange barn har merke etter slag eller sigarettar. Mange flyktningbarn brukar stygge ord om kvarandre, ord som dei har lært heime.

Inn i skuletilbodet legg Resurrection Church også bibelundervisning, verdiar og konfliktløysing. 

– Eit vanskeleg liv på flukt skaper traume og aukar faren for overgrep, seier Malky Njeim.

Tidlegare hadde Resurrection Church Beirut samarbeid med ein utanlandsk friviljug organisasjon for å avdekkja seksuelle overgrep. Men samarbeidet stoppa då organisasjonen mista utanlandsk finansiering etter press frå regjeringa.

– På denne måten vert det endå viktigare at kyrkjer engasjerer seg. Flyktningar i Libanon føler seg ofte som kasteballar.

Leik og energi

– Barna har mista heile barndommen. Deier fødde i krig og kom til Libanon med traume. Dei har flykta frå stad til stad. Vi prøver å gje dei ei ny plattform i livet, fortel Betty Malky Njeim.

FØRST PUBLISERT I MAGASINET 7-2018

 

Gi flyktninger fra Irak og Syria nytt håp

Resurrection Church Beirut hjelper familier på flukt.

Gi en gave

AKTUELT

Prosjekt