IS drap menn for fote og gjorde kvinner til sex-slavar og handelsvare.
Da han såg jesidiar krossfesta av IS, forstod han Jesu kross
«For IS og romarane var krossen symbol på makt. I kristendommen er krossen symbol på den avmektiges triumf over makta.»
Då Tom Holland i Irak oppdaga at IS hadde krossfesta jesidiar, forstod han i sitt hjarta kva historia om Jesus på krossen handla om.
– I Irak opna det seg ei eksistensiell gru, seier Tom Holland til Magasinet Stefanus. Den kjende britiske historikaren har skrive ein serie bøker om Romarriket.
– For IS var krossen eit symbol på makt til å torturera og drepa dei svake, slik det var for romarane 2000 år tidlegare. I kristendommen er krossen derimot eit symbol på den svake sin triumf over dei mektige. Først i Irak forstod eg dette djupt i hjarta mitt, seier Holland.
Klar for martyriet
I 2016 drog Holland med den britiske TV-kanalen Channel 4 til Irak. Det var to år etter at IS starta bygginga av kalifatet med blodige angrep på minoritetar. Sjølv om IS nyleg var nedkjempa i områda Holland besøkte, var IS framleis ei farleg kraft.
I Irak opna det seg ei eksistensiell gru for meg.
Tom Holland
Den første staden Tom Holland kom til, var klosteret Mar Mattai i Nord-Irak. Sidan 300-talet har klosteret klamra seg til fjellsida over Ninivesletta. Frå klosteret kunne Holland sjå landskapet der IS bygde kalifatet og sjå storbyen Mosul som IS overtok i juni i 2014. IS nådde aldri Mar Mattai fordi kurdiske styrkar stogga fleire IS-angrep på sletta like nedanfor klosteret.
På Mar Mattai møtte Holland munken Yusuf.
– Yusuf fortalde meg historia om den yngre broren som gifta seg og fekk familie. Yusuf som hadde valt å bli munk, følte seg litt arrogant i møte med broren som ikkje hadde overgitt livet sitt til Gud slik han sjølv hadde gjort. Men så vart broren drepen. Familien hans hadde ingen til å ta seg av dei. Yusuf gjorde det. Han fortalde oss at dette var Guds måte å minna han på å ikkje vera arrogant fordi han var munk, fortel Holland.
I eit foredrag for Open Doors i London i 2021 sa Holland at aldri før har ei historie fått slik effekt på han som historia til Yusuf.
– Drapet på broren hans var berre ein del. I 2016 hadde munkane på Mar Mattai i to år vore klare til den dagen IS kunne koma opp fjellsida. Dei visste kva lagnaden deira ville vera, seier Holland. Til Magasinet Stefanus fortalde Yusuf sjølv i 2018 at han var klar til å bli martyr dersom IS nådde klosteret.
Folkemordet
Frå Mar Mattai drog Holland til Sinjar. Den sentrale byen for jesidiane i Irak vart okkupert av IS i august 2014, då IS drap tusenar. Få veker før TV-teamet kom, hadde kurdiske styrkar teke tilbake Sinjar. Byen låg framleis i ruinar. Holland såg restar av døde kroppar.
I Sinjar var det også ei kyrkje, bygt av overlevande frå folkemordet på armenarane. IS hadde brukt tungt utstyr for å knusa alteret.
– Men verre enn IS-forfølginga av kristne, var forfølginga av jesidiane. Medan kristne blei rekna som «eit folk av Boka», viste IS ingen toleranse med jesidiane. Dei vart ikkje berre sett på som heidningar, men som djeveldyrkarar. Kvinner og jenter ned til åtte år vart samla saman. Dei mest attraktive vart selde til sex-slaveri. Dei andre vart skotne. Menn vart slakta. Mange vart korsfesta. Vi såg beinrestar, hår og klede i døds-sona mellom den kurdiske frontlina og IS-krigarane, fortel Holland.
I Sinjar vart eg skamfull over den mangelen på historisk empati som eg hadde vist.
Tom Holland
Holland blei skamfull
For ein som hadde studert Romarriket inngåande, vart opplevinga sterk:
– Abstrakt hadde eg forstått at kvar gong romarane tok ein by, vart kvinner slavar og menn krossfesta. Det er sagt om Cæsar at han slakta ein million gallarar og gjorde ein million til slavar. I Sinjar vart eg skamfull over den min manglande historiske empati. Og eg kjende skam over at eg ikkje hadde interessert meg for kva som hende etter Cæsar.
Då Tom Holland stod i Sinjar, innsåg han at menneske også i vår tid blir hengde på krossar og gjorde til kjøtstykke.
– Sett med romerske augo: Lidinga vart påført dei lågaste av dei låge. Slavar og rebellar vart krossfesta ikkje berre fordi det var ein grufull smerte som varte i timevis, men også fordi lidinga var offentleg. Folk kunne håna den krossfesta medan fuglar flokka seg om krossen.
IS og romarane
Holland seier at i Sinjar såg han at for IS var krossen det same som for romarane:
– Kroppen til ein krossfesta var for romarane ein reklameplakat for den retten og plikta dei meinte dei hadde til å utsetja folk som gjorde motstand for ufatteleg smerte, seier han og legg til:
– Men for meg som har vakse opp i eit grunnleggjande kristent samfunn, er krossen eit symbol på at den makteslause sigrar over det maktapparatet som dømde. I alle åra eg har arbeidd med Romarriket, har eg forstått i hovudet mitt kva maktsymbol krossen var. Men eg hadde ikkje følt det djupt i hjarta mitt. Sinjar, byen der IS gjorde kvinner til slavar og krossfesta menn, opna for meg ei eksistensiell gru, seier Holland.
– Av alle ting er krossen blitt det mest kjende av alle symbol som nokon kultur har produsert. Eg innsåg i Sinjar dessutan at det er kulturelt betinga at krossen symboliserer at den svake triumfar over dei sterke.
Frå sjokk til bedøving
Holland fortel at i dei første hundreåra av kristendommen var det sjokkerande at ein som var guddommeleg, var blitt krossfest. Han les Paulus slik at Paulus følte seg flau over «ein slik galskap».
Først i Middelalderen vart krossen med den lidande Kristus eit sentralt symbol i kyrkjekunst og kristen truspraksis. Opp mot vår moderne tid blei så kulturen vår etter kvart bedøvd av historia slik at vi byrja å bruka krossen som eit smykke.
Men filosofen Friedrich Nietzsche (1844-1900) avskydde kristendomen «av den same grunnen som Paulus vart slått til jorda av den», ifølgje Holland.
– Han forakta den svake sin triumf over den sterke. Han meinte at alle kristne som var opptekne av å tena dei fattige, demonstrerte at kristendommen var blitt ein slavereligion. Nietzsche spådde at den dagen ville koma då terror og blod ville transformera alt, seier Holland.
Friedrich Nietzsche meinte at alle kristne som var opptekne av å tena dei fattige, demonstrerte at kristendommen var blitt ein slavereligion.
Tom Holland
Nazistane avskydde Jesu lære
Han legg til at Nietzsche ikkje kunne vita at fascismen ville veksa fram på 20- og 30-talet. Nazismen hata ikkje berre den institusjonelle kristendommen. Nazistane hata dei sentrale doktrinane, særleg at Jesus hadde døydd på krossen og stått opp igjen – for mann og kvinne, for slave og fri, for jøde og grekar, fordi alle hadde same verdi.
– Nazismen avviste dette totalt. Nazismen held fast på at jødar og grekarar er ulike. Nazismen dyrkar den sterke. Dei svake skal knusast.
I vest lever vi mindre i skuggen av krossen enn av Holocaust, meiner Holland. Hitler er ein tydelegare figur enn djevelen, holocaust ei sterkare forestelling enn helvete.
– Men dette viser ikkje at kristendommen blir svekka. Vi definerer nazismen som vondskap nettopp fordi våre standardar for godt og vondt er kristne. Nazismen sjokkerte oss fordi den trakka på 2000 års kristen lære.
«Rekristna»
Holland seier at dersom folk i Vesten skal bli rekristna, må dei bli minna på nytt om at verdiane og instinkta våre er djupt rotfesta i historia om Jesu død på krossen og oppstoda.
– Kristne må minna seg på kor rart det er det dei trur på. Dette manglar både i kyrkjer og i sekulær humanisme i vest, medan kristne andre stader i verda er viljuge til å lida og døy for denne historia. Eg måtte dra til Irak for å sjå dette mørket rett i andlet og verdsetja det. Der innsåg eg at nærast alle dei verdiane som eg har, er så sterkt prega av den kulturen eg lever i, seier Tom Holland.
«Våre verdiar er ikkje universelle»
-- I norsk debatt får vi straks høyra at kristne ikkje må ta monopol på menneskerettar og demokrati?
– Det er kulturell arroganse. Europeisk og vestleg overherredøme dei siste to hundreåra har fått oss i vest til å tru at verdiane våre er universelle. Spørsmålet om menneskerettar er eit klassisk døme. Menneskerettar er like teologisk baserte som trua på at Jesu stod opp den tredje dagen. Men Vesten har hatt eit så sterkt kulturelt hegemoni at vi har fortrengt dette. Når vestleg makt og kulturell autoritet no er på retrett, vil folk i Vesten oppdaga at verdiane våre er kulturelt betinga og ikkje absolutte.
Eg trur at når vestleg makt og kulturell autoritet no er på retrett, vil folk i Vesten oppdaga at verdiane våre er kulturelt betinga og ikkje absolutte.
Tom Holland
– Kven ber krossen i Ukraina? Patriark Kirill som forsvarar krigen, eller dei kristne som blir bomba?
– For meg er det klart at dei som lid, ber krossen, svarar Holland.
– Men både det romerske, russiske, britiske og amerikanske imperiet har definert seg som kristne. Det har vore ei ibuande og undergravande side ved kristendommen at det sentrale symbolet for kristendommen i utgangspunktet var eit symbol for statleg makt. Det paradokset kjempar vi med. Men for meg står det klart at dei som lid under dei russiske soldatane, er dei som er på Kristi side i Ukraina.
Frå krosstog til Irak-krigen
– Mine vener i Irak er fortvilte over krigen i Ukraina, men like fortvilte over USAs krig i Irak?
– Det er forskjell på USAs krig i Irak og Russlands krig i Ukraina. Russlands krig er nakent nasjonalistisk. Ein av drivarane for USAs krig i Irak var olje. Men det ville vore meiningslaust å nekta for at krigen også var djupt ideologisk, ein kamp for det gode mot det vonde. Igjen er vi ved paradokset. Krigen i Irak var kledd opp i menneskerettar, impulsen var djupt kristen. Dei to leiarane som var sterkast engasjerte for krigen, George W. Bush og Tony Blair, er begge djupt truande kristne.
– Mine kristne vener i Irak meiner at dei to skada kristendommen?
– Heilt sidan krosstoga har vi sett den vestlege følelsen av ansvar for å reinsa verda, tidvis med militær makt. Banda frå krosstoga er klare, svarar Holland.
FØRST PUBLISERT I MAGASINET STEFANUS 4-2022