I to år har han sammen med tyrkiske kristne hjulpet ofre etter jordskjelvene. – Et sjokk å bli deportert.
Nytestamente blei brent framfor kyrkjedør i Tyrkia
Presset både mot evangeliske og katolske kyrkjer i Tyrkia aukar. Bombe ved katolsk kyrkje og brent bibel ved ei protestantisk er to av døma.

Eit nytestamente vart tent på framfor ei kyrkje i Izmir. Hendinga som skjedde i juli i fjor. Foto: TEK
Søndag 4. februar blei ei heimelaga bombe plassert i hagen til Santa Maria katolske kyrkje i Trabzon. Alarmen gjekk, og bomba vart funnen utan at den eksploderte, melder Middle East Concern som ber om forbøn for tyrkiske kristne.
Forsøket på å sprengja ei bombe ved ei katolsk kyrkje kjem samstundes med årsrapporten frå Den evangeliske alliansen i Tyrkia om vedvarande hatefullt press mot protestantiske kyrkjer.
Eit nytestamente vart tent på framfor ei kyrkje i Izmir. Hendinga som skjedde i juli i fjor, vart rapportert til tryggingsstyresmaktene. Men sidan overvakingskameraet var i ustand, var det uråd å identifisera gjerningsmannen som gjekk fri.
Dette er ei av hendingane som er med i 2017-rapporten frå Den protestantiske alliansen i Tyrkia (TEK). Stefanusalliansen har samarbeidd med TEK sidan 2008.
Rapporten for 2017 viser at tendensen frå 2016-rapporten held fram:
• Det var ein serie tilfelle av hatefull kriminalitet retta mot protestantiske kristne, også fysiske angrep mot protestantar og kyrkjer.
• Fleire kyrkjelydar slit med å få godkjent å etablera stader der dei kan halde gudsteneste.
• Det var auka omfang av hatefulle ytringar mot kristne i somme nasjonale media, lokale media og sosiale media. Stadig oftare vert kyrkjer knytte til terrororganisasjonar i medieinnslag.

Ei heimelaga bombe blei plassert utanfor Santa Maria-kyrkja i Trabzon 4. februar.
Her er konkrete eksempel:
• 27. mars vart eit trusselbrev sendt til Radio Shema som publiserer kristne radioprogram i Ankara. Saka vart rapportert, og tiltak sette i verk for å verna både direktøren og radiostasjonen.
• 28. juli vart eit islamsk slagord skrive på veggen til Balikesir-kyrkja. Dei mistenkte vart stilte for retten der dei beklaga hendinga, og kyrkja trekte politimeldinga.
• Fleire tilfella av hærverk er framleis under etterforsking.
• 7. desember vart eit dødstrugsmål plassert under døra til Belikesir-kyrkja. Saka vart meld til politiet. Deretter vart eit vindauga knust i heimen til ein av dei tilsette i kyrkja. Etterforskinga held fram.

Denne trusselen vart hengt på Balikesir-kyrkja: «De vil døy, og den første er prest Mesut og hans assistent Huseayin. Tida for døden er komen nær. De kan ikkje leve i eit muslimsk land, og de vil bli brende i helvete.» (Foto: TEK)
Deporterte
Dei protestantiske kyrkjelydane i Tyrkia har problem å skaffa nok utdanna pastorar. Lovverket i Tyrkia forbyr trussamfunn å oppretta eigne utdanningsstader for å utdanna religiøse leiarar. Protestantiske kyrkjelydar prøver å skaffa seg utdanna leiarar ved å halda kurs, senda studentar utanlands eller i nokre tilfelle å henta pastorar inn frå utlandet.
I 2017 var det ein serie tilfelle der tilsette og medlemmer i protestantiske kyrkjelydar vart deporterte frå Tyrkia, nekta opphaldsløyve eller nekta visum.
25. mars blei den sør-koreanske pastoren i Izmir Karsiyaka protestantiske kyrkje, Shinyung Kang, bøtelagt som illegal religions-arbeidar og deportert. Han hadde budd og gjort teneste som pastor i 9 år i Tyrkia. Protestantiske kyrkjemedlemmar frå Istanbul, Mersin, Gaziantep, Trabzon, Izmir, Erzurum, Bursa og andre byar deporterte eller bedt om å forlata Tyrkia innan 10 dagar etter at opphaldsløyve ikkje vart fornya.
Fengsla
Pastor Andrew Brunson i Izmir Dirillis-kyrkja har vore fengsla sidan oktober 2016, utan lov og dom. Han er skulda for å vera ein del av Gülen-rørsla som president Erdogan hevdar stod bak det mislukka kupp-forsøket i 2016. Presidenten har tilbode å setja han fri mot at den islamske predikanten Fetullah Gülen blir utlevert frå USA. Framleis er det ikkje reist noko straffesak mot pastor Brunson som har vore pastor i Tyrkia i 23 år. Siktinga mot han er framleis halden hemmeleg. Stefanusalliansen har appellert for Brunson.
I motsetnad til kyrkjene som slit med å få godkjenna bygningar for gudstenester, fekk kyrkja i Antalya – som Stefanusalliansen støttar – opna ei ny kyrkje i april i fjor. Den lokale guvernøren deltok og lova kyrkja vern.

Denne kyrkja i Cigli er stengt inntil vidare av dei lokale styresmaktene fordi dei har eit skilt som ikkje er godkjent. Foto: TEK
Dialog
Rapporten slår fast at ein del saker løyser seg i dialog med styresmaktene. Dessverre har hatkriminaliteten auka i 2017. Rapporten etterlyser informasjon om etterforskinga til offera og offentleg.
Rapporten ber styresmaktene snarast ta initiativ til å løysa problema som kyrkjesamfunn utan historiske kyrkjebygningar, har for å skaffa seg stader til gudstenester. Offentleg eigde kyrkjer burde bli stilte til disposisjon for søndagsgudstenester, heiter det. Retten til å leva ut trua må gjerast meir sikker, heiter det i rapporten.
Rapporten ber også utdanningsdepartementet om å orientera skular om den retten ikkje-muslimar har til å leva ut trua si også i klasserommet.
Forbøn
Dette er den siste av ein serie urovekkjande hendingar. Tyrkiske kristne ber om forbøn for:
• At Gud vil styrkja kyrkja i Trabzon og at politiet vil finna den skuldige.
• At Gud vil verna det kristne samfunnet i Tyrkia mot dei radikale elementa i Tyrkia og gje visdom til kristne leiarar.
• At den tyrkiske pressa vil stoppa å bruka det provoserande språket mot kristne og at naboane til dei kristne samfunna rundt kyrkjene ikkje vil bli hissa opp til å bruka det hatefulle språket.
• At kyrkjene, trass i presset, vil halda fram med å veksa.