Nigeria: Terrorgrupper drep langt fleire kristne enn muslimar, fortel rapport.
Bøneaksjon etter drap på kristne og hjelpearbeidarar i Nigeria
Kyrkjer i Nigeria og andre land blir bedne om å delta i tre dagar med bøn og faste etter at fleire kristne leiarar og hjelpearbeidarar er utsette for bortføring og grufulle drap.
Christian Association of Nigeria (CAN) står bak oppmodinga til bøne- og fasteaksjonen som startar 31. januar. Initiativet vert lansert etter ein serie med drap og bortføringar, inkludert av kristne leiarar.
Faste- og bøneaksjonen vil fokusera på «grufulle drap på uskuldige nigerianarar» og behovet for at den nigerianske regjeringa skaffar seg evne til å overvinna dei kriminelle», heiter det. Kyrkjelydar i Nigeria er bedne om å gå rundt i områda der kyrkjene deira ligg, og be om guddommeleg inngrep og global hjelp mot alle former for vald som plagar Nigeria.
Også Stefanusalliansen har oppmoda til bøn etter den sste drapsbølgja.
Ufatteleg vald
– Det ufattelege veksten i vald og utryggleik sidan desember er djupt urovekkjande. Sivile over heile Nigeria ber byrden av vald, med avgrensa innblanding frå regjeringa. Spesielt er dei kristne samfunna i sentrum og nordaust i landet utsette for nådelause angrep og bortføringar av Boko Haram, Den islamske staten Vest-Afrika-provinsen (ISWAP) og fulani-militsen, seier Yunusa Nmadu, generalsekretær for Evangelical Church Winning All (ECWA) og administrerande direktør for trusfridomsorganisasjonen CSW, Nigeria.
29. januar oppfordra minoritetsleiaren i Senatet, senator Eyinnnaya Abaribe, president Muhammadu Buhari til å trekkja seg på grunn av regjeringas manglande evne til å verna sivile.
Kyrkjer fordømmer drap
Kirkenes Verdensråd og Det lutherske verdensforbund la 27. januar ut ein felles appell der dei uttrykte djup uro for «den vedvarande valden og dei målretta sekteriske angrepa mot menneske, inkludert religiøse leiarar, i Nord-Nigeria». Dei oppmoda presidenten til å gjera meir for å verna sivile.
Dei uttrykte sorg over det brutale drapet på rev. Lawan Andimi, styreleiaren i CAN i delstaten Adamawa. Drapet var utført av ei gruppe innan islamistorganisasjonen Boko Haram. Andimi var også mellom anna sekretær i ei evangelisk kyrkje i Adamawa-staten.
Dette drapet kom like etter drapet på pastor Denis Bagauri i den lutherske Kristi kyrkje i Nigeria, utført av ukjende pistolmenn. Deretter vart den 22 år gamle studenten Ropvil Daciya Dalep drepen av av ISWAP, IS-avleggjar i Vest-Afrika.
«Sekteriske drap»
KV og LVF fordømmer også «angrep, kidnappingar, utpressing, sekteriske drap, valdtekter og bortføring av unge jenter» utført av ulike ekstremistiske grupper.
«Vi fordømmer alle slike brutale drap og angrep både på kristne og muslimar, på basis av religiøs identitet og tru. Drapa er uakseptable og ikkje til å tolerera, heiter det.
Den felles appellen vart avslutta med at dei ber presidenten verna nigerianske borgarar, uavhengig av religiøs identitet eller tru, å reformere tryggingsapparatet, og sikra at tenestemenn er representative for mangfaldet av samfunn i Nigeria.
Dei ber også om at den 16 år gamle kristne jenta Leah Sharibu og andre gislar som dei islamistiske gruppene Boko Haram og ISWAP held, snarast vert sleppte fri. Leah Sharibu har vore gissel sidan februar 2018.
Krigsbrotsverk
Human Rights Watch melder om denne serien av drap på kristne – og mot hjelpearbeidarar. Mellom anna var det eit angrep på eit FN-anlegg, melder The New York Times.
– Målretta angrep på hjelpearbeidarar og andre sivile under ein væpna konflikt, samt tortur og drap på fangar, er krigsbrotsverk etter folkeretten, skriv forskar Anietie Ewang i Human Rights Watch.
Nigeria i ferd med å feila
Administrerande direktør Mervyn Thomas i CSW i Storbritannia seier: «Situasjonen har nådd eit kritisk punkt, og denne sentrale vestafrikanske nasjonen er nær ved å feila. Vi oppmodar det internasjonale samfunnet til å fortsetja å ta opp denne presserande uroa med Nigeria ved alle anledningar, tilby all nødvendig hjelp til regjeringa, og vi oppmodar kristne over heile verda til å gå saman med CAN i å be og faste for fred, rettferd og varig endring i Nigeria.