Bølgjer av arresterte kristne i Iran - Stefanusalliansen
Nazila Ghanea, FNs spesialrapportør for trusfridom, er sjølv bahai´ frå Iran. Ho protesterer mot overgrepa mot kristne i landet.

Nazila Ghanea, FNs spesialrapportør for trusfridom, er sjølv bahai´ frå Iran. Ho protesterer mot overgrepa mot kristne i landet.  

Iran   

Det sjia-muslimske regimet i Iran forfølgjer kristne konvertittar som det kanskje er så mange som ein million av. Forfølginga rammar også medlemmer av dei små kristne armenske og assyriske minoritetane. Dei er godkjende, men blir ramma av regimets vreide dersom dei slepper konvertittar inn i kyrkjene eller forkynner på persisk.

I 2023 blei 166 kristne arresterte. Nytt var det at arrestasjonane kom i bølgjer. Over 100 blei arresterte i tre sommarmånader, etter eit roleg første halvår. Det kom eit nytt rush i jula. Dei fleste blir sette fri etter knallharde avhøyr og gjerne ei tøff tid i varetekt.

«Ansiktslause offer»
Berre nokre få ønskjer sakene publiserte, av frykt for konsekvensane, Det fører til eit aukande tal «andletslause offer» – desse har gitt ein fersk årsrapport om forfølging av iranske kristne namnet: «Faceless victims».

– Det gjer endå meir vondt at dei verkelege «brotsverka» til kristne vert dekte under skuldingar som «handling mot nasjonal tryggleik». Brotsverket er at du er kristen, at du
har kristen litteratur, at du samlast med andre kristne i huskyrkjer og at du konverterte, seier Nazila Ghanea i rapporten «Faceless victims». Ho er FNs spesialrapportør for trusfridom og ven av Stefanusalliansen.

Ghanea som er professor ved eit engelsk universitet, er sjølv bahai´ frå Iran. Bahai-ane, som blir forfølgde på liknande vis som kristne med muslimsk bakgrunn, opplevde også harde arrestasjonsbølgjer i 2023.

Rapporten «Faceless victims. Rights violations against Christians in Iran» er utarbeidd av Article18, Middle East Concern og CSW, alle partnarar av Stefanusalliansen, og Open Doors.  Rapporten blei presentert i London 19. februar. Til stades var den britiske regjeringa sin spesialutsending for trusfridom, Fiona Bruce.

Regimet under press
– Ayatollah-regimet i Iran er under aukande press frå sitt eige folk. Regimet reagerer med arrestasjonar, trakassering og fengsling, også av kristne som møtest i huskyrkjer. Konvertittane i Iran har ikkje ei einaste lovleg kyrkje dei kan møtast i. Dei møtest i heimar til bibel, bøn og fellesskap. Nettverk av huskyrkjer blir av regimet vurdert som ein trussel mot nasjonal tryggleik og forfølgde deretter, kommenterer Johannes Morken i Stefanusalliansen.

Rett nok sa ein høgsterettsdommar for drygt to år sidan at huskyrkjene ikkje er ulovlege og ikkje trugar nasjonal tryggleik. Men regimnet arresterer fram leis kristne og skuldar dei som tidlegare for å skada nasjional tryggleik, konstaterer Morken.

Jaktar biblar
I fjor blei det tydeleg at regimet er ute etter bibeldistribusjon. Meir enn tredjeparten av dei arresterte kristne hadde fleire biblar. Det er ikkje kjent kva som vart gjort med  biblane. Men tidlegare er det rapportert at konfiskerte biblar blir øydelagde.

Mange blir sette fri etter harde avhøyr, mot kausjon. Mange av desse fortel at dei vart tvinga til islam-opplæring. To fortel at dei under forsøka på islamsk omskolering vart truga med fengsel i sju år. «Omskoleringa» og presset er eit samarbeid mellom etterretningsdepartementet og islamske seminar.

Overvaka og pressa
Sjølv om dei fleste blir sette fri etter avhøyr og press, vert livet  aldri det same. Dei vert overvaka. I mange tilfelle handlar overvakinga også om stressande og forstyrrande telefonar. Dei tidlegare arresterte kristne vert minna på den psykologiske torturen dei opplevde i varetekt.

Overvakinga mange minoritetar, også kristne, vert nemleg meir og meir sofistikert, med auka digital overvaking. Fleire huskyrkjer er blitt infiltrerte av spionar. Kristne som har vore arresterte, har under avhøyr fått høyra at livet vil bli dersom «samarbeider» ved å bli spionar blant andre kristne.

I fleire tilfelle blir frisette kristne henta tilbake til nye avhøyr, med krav om å fortelja kva dei har gjort sidan dei slapp ut. Mange av dei som slapp ut, opplevde isolasjon: Sjølv vener våga ikkje vera saman med dei, av frykt for at også dei ville bli henta av politiet. Dei kan ha god grunn til uro. Folk som har vore arresterte, blir kasta ut av jobben og barna ut av skulen.

Det er dette presset iranske kristne lever under, men som Stefanusalliansens ulike partnarar hjelper dei i med dokumentasjon, politisk påverknad, forbøn og opplæring.


Arresterte kristne i Iran 2023
166 arresterte, vel 30 fleire enn i 2022
103 i varetekt, 40 fleire enn i 2022
22 dømde til fengsel, nokre færre enn 2022
 

AKTUELT

Prosjekt