Kristne i indisk delstat lever i frykt etter bølgje av hatefulle angrep - Stefanusalliansen
Rapport viser bølgje av angrep i Karnataka. Foto: EFI-rapporten.

Rapport viser bølgje av angrep i Karnataka. Foto: EFI-rapporten.  


OPPDATERING 23.12: Parlamentet i Karnataka vedtok, til store protestar frå opposisjonen, ei ny lov som kriminaliserer konvertering til hinduismen. Saka går no til Legsislative Concil.
 

Det går ei bølgje av hatefull angrep på kristne i ein stor indisk delstat. Gjennom 2021 er det registrert 39 hatefulle angrep på kristne i den nordlege delen av delstaten Karnataka. Delstaten med nesten 70 millionar menneske, ligg sørvest i India. Fleirtalet av angrepa har skjedd sidan september.

Omfanget steig nemleg då det i september vart varsla at også denne delstaten ville diskutera innføring av ei lov som kriminaliserer konverteringar av hinduar. Det er det hindunasjonalistiske regjeirngspartiet i India, BJP, som også styrer Karnataka og som vil innføra denne lova. Det største opposisjonspartiet, Kongresspartiet, er skarp i kritikken og seier at lova vil bli brukt «for å ramme ein særskilt religion»

Lovforslaget kjem til behandling i delstatsparlamentet 23. desember etter at regjeringa gjekk inn for det måndag 20. desember.

Sivilsamfunnet har engasjert seg, det blir demonstrasjonar utanfor parlamentet i hovudstaden Bangalore. Motstandarane vil også bruka Twitter til ein proteststorm for å stogga lova. Lovforslaget inneber at den som vil konvertere, må søkja lokale styresmakter to månader før konverteringa. Det er 3-5 års straff for «ulovleg konvertering».

– Bli med i bøn, seier Vijayesh Lal i Det evangeliske fellesskapet (EFI) i India.

Frykt og uro
Bak angrepa denne hausten på det kristne samfunnet i Karnataka står ytterleggåande hindunasjonalistar som støttar den BJP-leia regjeringa. Dei hevdar at India er eit land for hinduar, og dei påstår at kristne lurer eller tvingar hinduar til å konvertera.

– Det er tydeleg at det rår ein atmosfære av frykt og uro i det kristne samfunnet og blant kyrkjeleiarar på grasrota. Årsaka er målretta angrep som del av ein vondsinna hatefull kampanje, heiter det i ein fersk rapport frå Det evangeliske fellesskap i India (EFI).

– Det er like tydeleg at dei som er involverte i denne hatefulle og fryktskapande kampanjen, vert verna av og kanskje også får støtte frå element i det politiske apparatet og det apparatet som skal handheva lov og orden i delstaten, heiter det.

 

Dei som er involverte i denne hatefulle og fryktskapande kampanjen, vert verna av og kanskje også får støtte frå element i det politiske apparatet

 

Rapporten er laga av Kommisjon for trusfridom i Det evangeliske fellesskapet (EFI). Eit team har dei siste vekene gjennomført ei grundig undersøking. Dei drog til åtte byar i delstaten Karnataka. Der møtte teamet 12 pastorar som leiarar som sjølve nyleg har vore utsette for trakassering. Dei møtte også kring 50 andre pastorar og leiarar.

Mobiliserer til hat mot kristne i India
Sjefsminister Basaravaraj Bommai frå BJP varsla i september at han ville føreslå at også Karnataka innfører ei «Lov om religionsfridom». Dette er lover som ni indiske delstatar alt har innført. I praksis kriminaliserer desse lovene konvertering frå hinduismen.

EFI-rapporten konkluderer med at det konstante snakket på høgt nivå i regjeringa i delstaten om ei lov mot konvertering har mobilisert ikkje-statlege aktørar til å angripa kristne. Dei kristne i denne delstaten utgjer berre 1,87 prosent av folket, til og med under landsgjennomsnittet på drygt 2 prosent.

Det er eit kjent fenomen at lover mot konvertering mobiliserer hinduekstremistar til å angripa kristne og skulda dei for lovstridige konverteringar. Det same skjedde då delstaten Madhya Pradesh for eitt år sidan blei den niande delstaten til å innføra ei ny, streng lov som kriminaliserer konvertering. Lovforslaget i Karnataka har klart strengare straffer enn ferske lover vedtekne i andre statar, som Uttar Pradesh. i Karnataka er som nemnt strafferamma 3-5 år, medan den er på eitt år i Uttar Pradesh.

Falske vitnemål
No er det Karnataka sin tur til å sjå ei bølgje av hatefulle angrep, utløyst av ei varsla lov mot konverteirng. Den 3. oktober kom folk frå ei høgreorientert gruppe og forstyrra eit søndagsmøte som vart leia av pastor Suresh D Naik. Gruppa skulda pastoren og andre kristne for å driva religiøs konvertering. Dei kom også med eit vitne som hevda at ho var blitt tvinga til konvertering. Pastoren blei banka opp. Det var eit falskt vitnemål.

Pastor Suresh sende inn ei klage til politiet, men politimeldinga vart ikkje registrert. Pastor Suresh vart angripen for trua si også for fire år sidan.

Den 7. november var det gudsteneste i kyrkja til pastor Chandrakant B K. 70 blokkerte inngangen for å stoppa gudstenesta. Halvparten av dei tok seg inn i kyrkja og kravde at gudstenesta blei stogga. Dei hevda at pastoren ikkje hadde løyve. Den assisterande pastoren Ganesh F. Yeligar vart fysisk angrepen.

Pastoren leverte inn ei politimelding med namn på dei ni av angriparane som han visste kven var. På politistasjonen dagen etter oppdaga han at politiet hadde bytta ut namna på dei ni med for han heilt ukjende namn. Det lokale byrådet nekta pastoren å halda fram med møta. Men då politisjefen fekk sjå at han hadde alle løyva i orden, fekk han halda fram.

Påstod tvang
Same dag, søndag 7. november i Maratha Colony i Belagavi-distriktet: Høgreekstremistar beleira eit samfunnshus. Dei påstod at det skjedde religiøs konvertering der inne. Dei hevda at så mange som 200 menneske, inkludert kvinner og barn, var henta inn i bygningen med tanke på religiøs konvertering.

Men i dette forsamlingshuset har det i årevis vore bønemøte kvar einaste søndag. Dei vert leia av pastor Lema Cherian.

Pastorar og lokale kristne bekrefta at bønemøta har føregått fredeleg i årevis, og dei som deltek, gjer det av eigen fri vilje.

Pastor Lema Cherian avviste påstandane om religiøs konvertering. Han sa at dei hadde informert det lokale politiet om møta.

«Vi har ikkje tvinga nokon»
«Vi har ikkje tvunge nokon til å koma hit. Vi gjer ikkje noko som går mot lova. Vi praktiserer våre religiøse rituale, noko som er vår grunnleggjande rett,» sa han.

Før politiet nådde fram, låste den høgreorienterte gruppa dei kristne inne i eit rom. Etter hendinga har rundt 20 politimenn vore utplasserte ved bygningen.

Politiet erkjente at det blei halde bøn der kvar søndag.

AKTUELT