– Milliarder til våpen kan ikke utrette det som evangeliet kan gjøre for fred i Midtøsten.
Overgrep mot kvinner skal bryta ned religiøse minoritetar
Brutale regime og terrorgrupper brukar same våpen: Angrep på kvinner.
For snart to år sidan døydde den 22 år gamle kurdiske kvinna Mahsa Amini i varetekt hos det iranske moralpolitiet. Tre dagar før den tragiske døden 16. september 2022 var ho blitt arrestert fordi ho hadde brukt hijaben «feil». Drapet utløyste landsomfattande demonstrasjonar. Ayatolla-styret slo til med hardhendt makt.
Den ferske FN-rapporten «Dei dehumaniserte oss» viser at Iran gjekk ekstra hardt fram mot etniske og religiøse minoritetar då tryggingsstyrkane slo til mot «kvinne, liv, fridom»-rørsla som oppstod i desperat protest mot Mahsa Aminis tragiske død.
Tortur og mishandling
Konklusjonen i rapporten er også at grove overgrep på grunn av kjønn gjekk hand i hand med forfølginga av minoritetar. Tryggingsstyrkane stod for massearrestasjonar og internering av medlemmer av etniske og religiøse minoritetar. Tortur, mishandling, valdtekter og andre kjønnsbaserte overgrep ramma menneske som støtta protestane. Folk har døydd i fengsel. Menneske er avretta utan lov og dom.
Menneske frå etniske og religiøse minoritetar vart møtte med alvorlege skuldingar om at dei utgjorde trugsmål mot nasjonal tryggleik då dei stod opp for kvinnene i Iran.
Aller verst gjekk det ut over kurdarane og balutsjar-minoriteten. Kristne menneskerettsorganisasjonar har dokumentert at også forfølginga av kristne konvertittar blei skjerpa då regimet slo ned demonstrasjonane. Minst fem konvertittar som blei arresterte fordi dei deltok i demonstrasjonane, vart også skulda frå apostasi – fråfall frå islam – då trua deira vart kjent for dei som avhøyrde dei og som ransaka innhaldet i telefonane til konvertittane.
Traumatiserte barn
Den ferske FN-rapporten dokumenterer også at barn i forfølgde etniske og religiøse minoritetar i Iran opplevde grove rettsbrot. Det er ikkje råd å overdriva dei dramatiske følgjene for dei forfølgde minoritetssamfunna i Iran, skriv FN-gruppa. Familiar slit med øydeleggjande verknader av brutaliteten som regimet viste. Familiemedlemmer er døde, andre har flykta utanlands eller drivne på flukt i sitt ege land. Somme vart skadde i møte med tryggingsstyrkane, kvinner er utsette for kroppslege og seksuelle overgrep. Barna må slita med følgjene av brutaliteten gjennom generasjonar, slår FN-rapporten fast.
Dette er den blodige og brutale røyndommen heime hos ayatolla-regimet som elles brukar store krefter på å undergrava vestlege demokrati og fyra opp i konfliktar over store delar av Midtausten.
Barna må slita med følgjene av brutaliteten gjennom generasjonar
FN-rapport om Iran
Svartkledd kamp mot kvinner
Då Taliban overtok i Afghanistan i august 2021, flykta mange, også medlemmer av religiøse minoritetar. Jernneven er brukt mot mange som ikkje kom seg unna. Stikk i strid med det Taliban lovde, er kvinner sende på hovudet ut av store delar av arbeidslivet og skuleverket over 6. klasse.
I politisert form er sunni-islam og sjia-islam i krig med kvarandre. Men sunni-muslimske Taliban i Afghanistan og sjia-muslimske ayatollaer i Iran er på mange felt likevel to alen av same fanatiske stykke. Valdsbruk og undertrykking av kvinner skjer i strid med internasjonale standardar som verken Taliban eller ayatollaene bryr seg om. Dei grunngjev valdsbruk og forfølging av kvinner med ei fanatisk tolking av kvar si religiøse lov. På same grunnlag forfølgjer dei religiøse minoritetar og folk som ikkje trur.
Den 22. august er den årlege FN-dagen for å minnast menneske som blir utsette for vald på grunn av tru eller livssyn. Det er all grunn til å løfta fram Mahsa Amini og dei mange andre offera for valdsbruk i Iran og Afghanistan. Dette er dagen for også å minnast dei 2700 jesidi-kvinnene som ikkje er komne heim etter at dei vart bortførte til brutalt sex-slaveri då IS for ti år sidan, 3. august 2014, starta forsøket på å utrydda jesidiane – folkemordet i Sinjar i Irak.
I Kinas forfølging av uigurane i Xinjiang-provinsen blir kvinner utsette for tvangssterilisering og tvangsabort.
Sunni-muslimske Taliban i Afghanistan og sjia-muslimske ayatollaer i Iran er på mange felt (...) to alen av same fanatiske stykke.
Kidnappar skulejenter
Terrorgrupper i Nigeria går ofte målretta mot jenter og kvinner når dei terroriserer kristne samfunn. Framleis er kring 100 av dei 276 skulejentene (dei fleste var kristne) som blei bortførte av den islamistiske gruppa Boko Haram i Chibok i Borno-staten i april 2014, ikkje komne seg fri.
Ulike islamistiske grupper i Nigeria har seinare trappa opp kidnapping av skulejenter, mange av dei kristne. Den amerikanske kommisjonen for internasjonal trusfridom (USCIRF) slår alarm i ein fersk rapport. Leah Sharibu, som er blitt eit symbol for bortførte kristne skulejenter i Nigeria, har vore gissel hos ei islamistisk gruppe sidan februar 2018. Kidnapparane erklærte henne tidleg som «slave for livet».
Grove, gjerne seksuelle, overgrep mot kvinner er eit grufullt middel når brutale regime og terrorgrupper vil bryta ned etniske og religiøse minoritetar. Skamfylte overgrep mot jenter og kvinner rammar minoritetssamfunna der dei er mest sårbare.
Overgrep mot kvinner har lenge vore neglisjerte. Vi løftar fram forteljingane og viser dessutan at kampen for trusfridom går fredeleg hand i hand med kampen for kvinners rettar.
PUBLISERT I STAVANGER AFTENBLAD 22.8.2024