Undergrunnens bibelskule - Stefanusalliansen
Frå fattige landsbyar kjem kvinner og menn frå tre ulike minoritetar for å gå på bibelskule.

Frå fattige landsbyar kjem kvinner og menn frå tre ulike minoritetar for å gå på bibelskule.  

Misjon   

Inne i eit skogholt utanfor ein by sentralt i Laos lyder det «Halleluja» frå ei forsamling av 20 bibelskulestudentar. Frimodig deler dei tru og livshistorier.

Det er høgtid. Dei 20 blir innvigde til teneste i huskyrkjer i fattige landsbyar. Dei er ferdige med det første av i alt fire steg i deltidsutdanninga som om fem-seks år gjer nokre av desse til pastorar. Huskyrkjene deira høyrer til eit veksande uregistrert kyrkjesamfunn som Stefanusalliansen støttar.

Ikkje flagga
Bibelskulen er verken kjend eller godkjend av lokale styresmakter. I Laos er det berre lov å forkynna i kyrkjebygg i godkjende, registrerte kyrkjer, og det er vanskeleg å bli registrert. Difor er dette ein undergrunns bibelskule. Han er ikkje gøymd bort, men det vert heller ikkje flagga.

Hit kjem studentane ei veke om gongen kvar tredje månad. Pastoren som er Stefanusalliansens partner, skulle gjerne sett at dei kunne vera der to eller kanskje tre veker i strekk, kvar tredje månad. Men studentane klarar ikkje å vera borte meir enn ei veke om gongen frå familie, kyrkje og arbeidet på gardane. Eit fullført pastorstudium tek difor 6-7 år.

Utover tenesta i kyrkjelyden, som er støtta frå kyrkjesamfunnet dei tre første åra, livnærer også leiarane i kyrkjene seg av jordbruk.

Jesus
Eit stort bilete av Jesus som den gode hyrde, med logoen til kyrkja og eit bibelvers, heng på veggen. På dei to fremste radene sit studentane, somme unge, nokre har fleire år bak seg. Mennene har på lyse skjorter og slips. Dei fire kvinnene har fargerike drakter. Det er enkle klede, eit teikn på at dei kjem frå fattige landsbyar.

Dei 20 kjem frå tre ulike etniske grupper. Det vert tolka på kryss og tvers. Her lyder også, på ein melodi vi kjenner, men eit språk vi ikkje kjenner, ein song som har løfta norske kristne fellesskap: «Halleluja din er æren, halleluja amen, halleluja din er æren, forny oss igjen.»

Jesus betyr mykje for dei 20 som kneler for forbøn. Mange her har betalt ein pris for trua si. Vi får høyra historier om kristne som har sete natta over i arresten og om naboar som har stole kyr og eigedom. Vi får høyra om politi som ikkje vil gripa inn mot tjuveri: «Din gud kan ta seg av deg!»

 

Vi vert truga med å bli kasta ut av landsbyen dersom vi held fast på trua vår.

«Ank» i Laos

 

 

Dei skal bli leiarar av huskyrkjer blant tre ulike minoritetar i Laos. Av tryggingsomsyn kan vi ikkje visa andleta deira.

Godkjende bygg
I Laos er det berre lov å dela evangeliet i godkjende kyrkjebygg. Desse studentane høyrer til ei kyrkje som fordi den ikkje er registrert, ikkje har kyrkjebygg. Dei møtest i heimane.

Det er forbode å dra til nabolandsbyen for å dela evangeliet og starta nye grupper. Men det er lov å besøka vener. Kyrkjeplantarar – evangelistar – dreg av garde, gjerne på motorsykkel, for å dela evangeliet og planta ei kyrkje. Der vegane er uframkomelege, tek dei beina fatt.

Det er undergrunnsverksemd. Slik veks kyrkja.

Tru og identitet
Ei ny tru verkar trugande på identitet og tradisjonelle fellesskap. Lokale styresmakter er urolege for strukturar dei ikkje har kontroll over.

– Be for meg, seier ‘Akom’. I landsbyen hans er tre av 42 familiar kristne.

– Vi får høyra at vi som kristne svik landsbyen og at kristendommen er amerikansk, fortel han.

I ein annan landsby gav høvdingen klar beskjed til dei første kristne familiane: Dersom dei heldt fram med å samlast til gudsteneste, ville dei bli kasta ut av landsbyen. Barna kunne få gå på skule, men dei ville ikkje få ta eksamen.

Vi får høyra om overfall, utan at vi har sjanse til å kontrollera opplysningar. Ein bibelskulestudent fortel at han har nekta å la potetene han dyrkar, bli brukte i religiøse seremoniar. Så lenge «Ank» nektar, får han ikkje selja poteter på marknaden.

Hans folk er animistar, som trur at alt i naturen er besjela. Ei ny tru som kastar vrak på denne førestellinga, er ein trussel mot landsbyen som kjenner vern i denne og andre gamle sanningar.

– Vi vert truga med å bli kasta ut av landsbyen dersom vi held fast på trua vår, seier «Ank» og legg til:

– Be for oss.

 

Religion og folk i Laos

• Folketal: 6,6 millionar.

• Majoritetsfolket lao tilhøyrer for det meste buddhismen. Cirka halvparten av folket.

• Resten høyrer til minst 48 minoritetsgrupper med ulike typar folkereligion. Mange animistar. Katolikkar og protestantar utgjer kring 2 prosent.

• Utlendingar har forbod mot å driva misjon.

• Alle religiøse organisasjonar må registrera seg hos Laos Front for Nasjonal Konstruksjon.

 

FØRST PUBLISERT I MAGASINET STEFANUS 3-2019

Støtt misjon der trosfriheten krenkes

Stefanusalliansen støtter misjon gjennom partnere som risikerer mye for å dela sin tro. Du kan bidra.

Gi en gave

AKTUELT

Nguyen Trong Tun ble dømt til 12 års fengsel i april 2018. Han lider av flere alvorlige sykdommer, men nektes behandling.

Frykter for fangers liv

De kjempet for demokrati og trosfrihet og ble dømt til lange fengselsstraffer. Nå går det på helsa løs bak murene i Vietnam. 

Prosjekt