Blei forsøkt utrydda – overlevande jesidiar mistar håpet - Stefanusalliansen
Kvinner som er komne fri frå slaveriet under IS, får hjelp, men slit med djupe traume.

Kvinner som er komne fri frå slaveriet under IS, får hjelp, men slit med djupe traume.  

Irak   

Vi hugsar grufulle naudrop frå Sinjar nord i Irak i 2014. Bestialske IS-krigarar prøvde frå 3. august å utrydda ein for oss den gongen litt ukjend religiøs minoritet. IS stempla dei fredelege jesidiane som «vantru» og «djeveldyrkarar».

IS-krigarar drap for fote og fylte massegraver. Over 6400 unge kvinner vart kidnappa til sex-slaveri og seinare vidaresal med prislapp. Unge menn vart bortførte, tvangskonverterte og indoktrinerte til å bli IS-krigarar.

Ti år etterpå lever jesidiane framleis midt i tragedien. 2700 av kvinnene er ikkje komne heim, ingen veit om dei er i live. Fleire hundre tusen lever som flyktningar. Dei har ingen sjanse til å gløyma, noko vi synest vel i stand til.

Inga hjelp i sikte
For tre år sidan vedtok det irakiske parlamentet ei lov for å hjelpa overlevande jesidi-kvinner og kvinner frå nokre andre minoritetar. Ei god lov peika framover.

Men tre og eit halvt seinare er statusen deprimerande. Lova har ikkje vore til hjelp verken for dei overlevde kidnapping, valdtekter og sex-slaveri, eller for dei som klarte å flykta frå drapsorgiane.

Kring 300 000 jesidiar sit framleis i formelle eller uformelle flyktningleirar i den kurdiske regionen der IS ikkje slapp til i 2014. Sist eg gjesta ein slik leir for jesidiar, var hausten 2022, utanfor Duhok nord i Irak. Ti år etter flukta frå drapsorgiane til IS, var det knapt håp om ei framtid. To år seinare har svært få kome seg ut av leiren, fortel folk som driv hjelpearbeid der. Håpløysa veks.

Tidlegare i år vedtok Bagdad-regjeringa at leirane skulle stengjast innan 30. juli. Det blei utsett etter press frå den kurdiske sjølvstyreregjeringa i nord. Dei fordrivne har ingenting å venda heim til. Heimane deira er knuste. Gjenoppbygginga er ikkje i gang. Det ta tiår å byggja opp att Sinjar, den viktigaste byen for jesidiane i Irak, og områda rundt.

Lever med djupe traume
Dei 3500 kvinnene som er komne fri frå IS-slaveriet, lever kvar einaste dag med trauma. Det fortel legen Nagham Hasan i eit intervju. Ho er sjølv jesidi og har sidan 2014 brukt all si tid på å hjelpa kvinner som kom seg vekk frå IS. Kvinnene klarar ikkje gløyma overgrepa, fortel ho. Dei har mista familiemedlemmer. Mange av dei lever framleis i leirar og seier at dei bur som i eit fengsel. Trauma blir forsterka.

 

Dei 3500 kvinnene som er komne fri frå IS-slaveriet, lever kvar einaste dag med trauma

Nagham Hasan

 

Naghan Hasan som sjøløv er jesid og lege, har i ti år arbeid for dei som overlevde folkemordet.

To sentra Hasan har vore med på å byggja opp, tilbyr psykolog og psykoterapi for tunge depresjonar, for å hjelpa dei overlevande. Men kan eit liv fylt av traume byggjast oppatt i teltleirar, med bestialske IS-krigarar på frifot?

I lova det irakiske parlamentet vedtok i 2021, fekk overlevande jesidi-kvinner (og overlevande frå tre andre minoritetar) rett til skulegang, for å ta igjen tapte år, rett til psykosial hjelp og til terapi. Men knapt noko skjer. Det gjekk halvtanna år før det blei oppretta eit direktorat for å styra hjelpa og endå lengre før det blei tilgjengelege midlar.

Tungt byråkrati
Byråkratiet er tungt og søknadsprosessane lange, fortel mine kjelder i jesidi-samfunnet. Den manglande evna eller viljen til å setja lova ut i livet, blokkerer ikkje berre for at overlevande får hjelp. Det hindrar jamvel overlevande frå å søkja om hjelp, fortel Den amerikanske kommisjonen for internasjonal trusfridom (USCIRF).

Regjeringa i Bagdad skuldar på at dei har knapt med midlar. Men medan store delar av ‘jesidi-hovudstaden’ Sinjar framleis ligg i grus, har regjeringa bygt opp att andre byar etter IS. Det er, seier mine kjelder, ei varig diskriminering av jesdiane.

I den irakiske lova frå mars 2021 vart brotsverka mot jesidiane anerkjent som folkemord. Det var eit handslag. Men det er ikkje løfta ein finger for å stilla dei ansvarlege for bestialiteten til ansvar. Utan eit rettsoppgjer kan nedslaktinga av jesidiane skje på nytt.

Eit folkemord
Eit dusin land har politisk slege fast at jesidiane vart utsette for folkemord. Noreg vil ikkje vera med på dette, det slo eit klart fleirtal i Stortinget fast i februar. Dette må ein internasjonal domstol eller liknande avgjera, etter ei vurdering av bevis. At FNs eige etterforskingsteam, UNITAD, for tre år sidan i ein rapport til Tryggingsrådet konkluderte med at angrepet på jesidiane var folkemord, held altså ikkje for Noreg.

Det er grunnar for å sjå det slik Stortinget gjer. Men nokon juridisk prosess er ikkje i gang, ti år etter at nedslaktinga starta. Så bestialske og systematiske var overgrepa at det godt kan grunngje politisk bruk av folkemord-omgrepet. Korleis vil Noreg no ivareta ansvaret som følgjer ratifiseringa av folkemord-konvensjonen?

Utfallet i Stortinget var eit av mange bidrag til den veksande håpløysa blant jesidiane. Vestlege land – Noreg inkludert – er også slutta å gje bistand til Irak. Augo er retta mot andre krigar og kriser. Norske friviljuge organisasjonar trappar kraftig ned innsatsen for dei overlevande  sidan staten har skrudd igjen kranen.

Dei overlevande jesidiane kjenner seg sette til side. Tragedien tek aldri slutt. Skal vi bidra ved å gløyma?

FØRST PUBLISERT SOM KRONIKK I VÅRT LAND 3.8.2024

AKTUELT

Prosjekt