Blasfemilov fører til vald og død - Stefanusalliansen
Pakistanske islamistar demonstrerte med slagord som «Heng Asia Bibi - den uforskamma» då den kristne kvinna i 2018 vart frikjent for blasfemi etter å ha vore dødsdømt i åtte år.

Pakistanske islamistar demonstrerte med slagord som «Heng Asia Bibi - den uforskamma» då den kristne kvinna i 2018 vart frikjent for blasfemi etter å ha vore dødsdømt i åtte år.  

Pakistan   
Blasfemi   

Det å fornærma profeten Muhammed må likestillast med å fornekta Holocaust. Påstanden kjem frå statsministeren i Pakistan.

Krangelen mellom statsminister Imre Khan og president Emanuel Macron i Frankrike har vore heftig i månader. Temaet er blasfemilover. Og død.

Den 1. september i fjor republiserte det franske satiremagasinet Charlie Hebdo ein Muhammed-karikatur, for å markera starten på rettssaka mot dei tiltalte etter terrorangrepet mot magasinet i 2015. I oktober blei ein fransk lærar som hadde vist Muhammed-karikaturar i undervisninga, halshogd av ein islamistisk terrorist.

President Macron har gått hardt ut: Frankrike vil aldri gje etter for islamsk terrorisme.

Valdsbølgjer i Pakistan
I mange byar i Pakistan sette ytterleggåande muslimar i gang valdelege demonstrasjonar, leia av islamistpartiet Tehreek-e-Labbaik Pakistan (TLP). Kravet var boikott av franske varer og utkasting av den franske ambassadøren.

Så opphissa var stemninga at franskmenn vart rådde til å reisa heim. Khan hadde kjøpt seg tid ved å lova ein avtale om å senda den franske ambassadøren heim innan 20. april. Men etter at fire politimenn vart drepne, blei leiaren i TLP arrestert og TLP forbode før fristen gjekk ut.

Statsminister Khan var tydeleg på at det var valden og ikkje motivasjonen til TLP han er mot. Khan har sjølv sidan før han blei statsminister i 2018, støtta blasfemilova.

 

Imre Khan har sjølv sidan før han blei statsminister i i Pakistan, vore tydeleg på at han støttar blasfemilova.

 

Også då TLP utløyste valdsorgiar fordi den dødsdømde kristne kvinna Asia Bibi blei frikjend for blasfemi i oktober 2018, agerte Khan på liknande vis.  Han inngjekk avtale med TLP om at Pakistans øvste domstol skulle vurdera frikjenninga på ny, mot at valden stogga. I januar 2019 blei frikjenninga stadfesta av den same domstolen. Asia Bibi måtte derimot ut av landet for å vera trygg for dei som uansett ville sjå henne dingla i eit reip.

Holocaust-fornekting
Khan dempa i april i år ikkje kritikken mot Frankrike, men valde ein ny vinkel. Frankrike er eitt av 16 europeiske land som har – ulike – lovforbod mot å fornekta Holocaust. FNs menneskerettskomite støtta det franske forbodet som bolverk mot rasisme og antisemittisme då fransk-britiske Robert Faurisson for 15 år sidan fornekta eksistensen av gasskammera – og fekk tre månaders prøvetid og bot.

I april i år brukte statsminister Khan saka mot Faurisson som våpen mot Macron: «Eg ber ... dei vestlege landa som har forbode alle negative kommentarar om holocaust, å bruka den same standarden og straffa dei som medvete spreier hat mot muslimar ved å misbruka Profeten», skreiv Khan på twitter.

Det kristne ekteparet Shafqat og Shugufta Masih sat dødsdømde i sju år fram til dei blei frikjende i juni.

 

Fordømde blasfemilova
Europaparlamentet vedtok ei veke seinare ein resolusjon som sterkt fordømde blasfemilova og valdsangrep mot religiøse minoritetar i Pakistan. Blasfemilova skaper eit klima av terror og tvang i Pakistan, heitte det.

Europaparlamentet, som ville ha vurdert EUs handelsavtale med Pakistan på nytt, fordømde også den sju år gamle dødsdommen mot det kristne ekteparet Shafqat og Shugufta Masih.

Det blasfemidømde ekteparet blei sett fri av ein domstol midt oppe i tumultane, etter at ankesaka hadde vore utsett fleire gonger. Men paret er offer for eit uhyggeleg fenomen som statsministeren deira aldri har fordømt: Basert på grunnlause skuldingar vert folk dømde til døden. Frikjenninga skjer mange år seinare. Og då dei kom ut, måtte ekteparet og dei fire barna gøymast på hemmeleg adresse.

Den kristne  pakistanske mannen Sawan Masih vart også skulda for blasfemi i 2013 og dømd til døden året etter. Ein islamistisk mobb brende den gongen ned bydelen hans, Joseph Colony i Lahore. Sist haust vart han endeleg frifunnen. Men Sawan Masih og familien måtte flykta frå heimbyen Lahore og gøyma seg i ein annan provins.

Ekstremistane drep
Ingen er avretta etter blasfemilova i Pakistan. Men ekstremistar har minst 77 gonger teke dødsstraffa i eigne hender. Å vera frikjend inneber ikkje å vera fri i eit land der ekstremistar brukar blasfemilova for å bli kvitt fiendar – anten dei er religiøse minoritetar eller fredelege muslimar.

I slutten av mars vart ein sjia-muslim i Punjab drepen med øks av ekstremistar som skulda han for blasfemi. I fjor haust blei ein ahmadia-muslim drepen i av ekstremistar inne i ein rettssal.

Pakistan er det mest ivrige landet til å bruka blasfemilova, viser ein fersk rapport frå Den amerikanske kommisjonen for internasjonal trusfridom. 
 

 

Gud, profetar og menneske
Mange vestlege land er komne til at Gud og profetar får klara seg sjølve, medan menneske treng vern. Noreg har oppheva blasfemilova.

Noreg har heller ikkje eit forbod mot Holocaust-fornekting, men har ein levande debatt om grensa for å straffeforforfølgja hatefulle ytringar. Det ligg diverre mykje farleg valdskraft i ord.

Det er grunnleggjande skilnad på å snakka nedsetjande om ein profet eller guddom og å frikjenna eit naziregime for eit uhyrleg brotsverk. Men kor vidt det franske lovforbodet mot Holocaust-fornekting verkeleg gjer det tryggare å vera fransk jøde, blir diskutert.

Debatten om bruken av ytringsfridomen må halda fram. Eit naudsynt oppgjer med valdeleg islam må skje utan at fredelege muslimar vert utsette for hat.

Blasfemi og minoritetar
Statsminister Khan har i heile si statsministertid bede vesten forby hån av profeten Muhammed. Han har hevda at fordi vesten ikkje forbyr å håna profeten, blir muslimar sinte, og så får muslimar-kritikar vatn på mølla. Men det er lett å snu på dette: islamist-terror i vest viser behovet for oppgjer med valdeleg islam.

 

Det er lett å snu på dette: islamist-terror i vest viser behovet for oppgjer med valdeleg islam.

 

 

Å bruka bøter eller fengsel for å straffa dei som hånar profeten Muhammed, slik den pakistanske statsminister Khan vil, må vera uaktuelt. Både Islam Net, våre heimlege konservative muslimar, og statsminister Khan gledde seg stort då Den europeiske menneskerettsdomstolen i 2018 godtok at ei kvinne i Østerrike fekk bot for å ha kalla Muhammed pedofil, fordi profeten var gift med ei svært ung jente.

Medan statsminister Khan vil verna Muhammed, er pakistanske kristne, ahmadia-muslimar og sjia-muslimar under forsterka angrep. Den pakistanske statsministeren må våga å ta ekstremistane sine der det gjer vondt og ta oppgjer med si eiga blasfemilov og valden som følgjer. Slike lover vernar ingen levande, men inspirerer til vald og død – i Pakistan og Paris.

FØRST PUBLISERT I VÅRT LAND 16.7.2021

Støtt offer for pakistansk blasfemilov

Stefanusalliansens partner i Lahore gir skaffa Asia Bibi og mange andre blasfemioffer både advokat og sikker gøymestad. Merk gåva: Pakistan

Gje ei gåve

AKTUELT

Prosjekt