Biskop i vanheilag allianse med den militære etterretninga - Stefanusalliansen
Eivind Berggrav var biskop i Hålogaland frå 1928 til 1937.

Eivind Berggrav var biskop i Hålogaland frå 1928 til 1937.  

Norge   

Norsk historie om handsaminga av etniske og religiøse minoritetar er ikkje lys. Overgrepa går også djupt inn i Den norske kyrkja. Sannings- og forsoningskommisjonen har avdekt at Eivind Berggrav som biskop i Hålogaland (1928-37) var den ivrigaste av biskopane til å støtta fornorskingspolitikken retta mot samar og kvenar. Biskopen såg kvenane som aggressive og som ein tryggingspolitisk trussel. Biskopen meinte kvenane var dregne mot Finland og frykta at samar og kvenar i ein gitt situasjon kunne inngå i ein allianse mot Norge.

Berggrav gjekk difor inn i eit nært samarbeid med den militære etterretningstenesta. Han fekk ei sentral rolle i å samla inn informasjon om kvenane i bispedømmet, med hjelp av prestar og lærarar.

Be om orsaking
Det er smertefullt å lesa om biskops Berggrav allianse med statens etterretningsvesen og innsatsen hans til fornorsking av både samar og kvenar. Eg tek det for gitt at Den norske kyrkja tek nye steg mot forsoning. Biskop Olav Øygard har heilt rett i at kyrkja i dag må be om orsaking.

Staten må ta sine tydelege oppgjer og følgja opp med tiltak, for å skapa forsoning her heime. Men det må også til for å skapa truverd i norsk innsats for å verna etniske og religiøse minoritetar i andre land.

Å stempla etniske og religiøse minoritetar som ein tryggingspolitisk trussel er ein kjent mekanisme. Vi ser det i grufulle valdsbølgjer i India der kristne stammefolk vert valdeleg angripne av krefter som driv hindusering – for å skapa eit India for hinduar. Vi ser det i Iran der bahaiar og kristne konvertittar vert dømde til fengsel etter tiltalar om at dei handlar mot nasjonal tryggleik eller er agentar for utanlandske makter og utanlandsk religion.

Viktige skilnader
Biskop Berggrav hadde studert religionspsykologi og ville vinna kvenane og samane utan tvangsmiddel, fortel Sannings- og forsoningskommisjonen. Han ville vinna dei ved mellom anna å støtta dei dei materielt. Poenget er ikkje å setja likskapsteikn mellom ein overvakande og mistenksam, men elles fredeleg biskop i Hålogaland og valdelege hinduekstremistar i India eller eit brutalt ayatollah-regime i Iran.

Leiande bahaiar og kristne konvertittar, som er religiøse minoritetar i Iran, vert overvaka, arresterte og tidvis bura inne. Dei vert nekta å nytta nasjonalspråket. Regimet vil ikkje at kristen tru skal spreiast på iransk/farsi fordi dei er redde for undergraving av sitt eige religiøse maktgrunnlag. Det iranske ayatollah-regimet nektar også dei små godtekne etniske, kristne minoritetane (armenske og assyriske kristne) å bruka nasjonalspråket, igjen av frykt at muslimar skal velja kristen tru ved å møta denne trua på sitt eige språk. Å tvinga minoritetane til å bruka eigne etniske språk er i Iran eit middel til å kontrollera dei.

I Noreg ville derimot sterke krefter tvinga samar, kvenar og skogfinnar til å leggja vekk språket sitt og bli norske –  fullt og heilt.

Hand i hand
Men det er likevel viktige fellestrekk mellom biskop Berggravs syn på kvenane og synet på minoritetar i India og Iran: Skuldinga er at minoritetar mellom anna utgjer ein trussel mot nasjonal tryggleik. Og religiøs og politisk makt går hand i hand i undertrykkinga.

Det var ulike stemmer i kyrkje og misjon i synet på ikkje minst omfanget av fornorskingspolitikken. Men i sum skjedd det overgrep, også i Guds namn.

Det er lett å bruka mot Noreg at vi – både statsmakt og kyrkjemakt – har sett på dei etniske og religiøse minoritetane våre som eit farleg problem og at vi difor skal halda munn når andre undertrykkjer sine. Forfølginga aukar i store og mektige land, der Kina også må inkluderast.

Halda munn skal vi ikkje. Vår eiga mørke historie gjer at vi kan forstå mekanismane i undertrykkinga. Men då må oppgjeret med overgrepa og tiltak for forsoning vera så tydeleg at det ikkje er tvil om at vi først feiar for vår eiga dør.

Det er tid for å vedkjenna urett og byggja forsoning. Slik kan vi rusta oss for endå sterkare innsats for dei som lid under dagens urett og grove forfølging. Dei vert fleire og fleire. I tillegg til Iran og India må alltid Kina reknast med som typisk og illevarslande døme.

Det hastar med oppgjer og forsoning her heime for å styrkja ein truverdig innsats ute.

FØRST PUBLISERT I NORDLYS 12.6.2023

AKTUELT