Både Trump og Myanmars brutale juntaleiar lograr for Vladimir Putin - Stefanusalliansen
Donald Trump lograr for Vladimir Putin trass i overfallet på Ukraina og støtten til blodig junta i Myanmar, skriv Johannes Morken

Donald Trump lograr for Vladimir Putin trass i overfallet på Ukraina og støtten til blodig junta i Myanmar, skriv Johannes Morken  

Myanmar   

Det er ikkje berre Donald Trump som lograr for Vladimir Putin. Det same juntaen i Myanmar, ein junta som bombar kyrkjer og drep prestar.

Fire år etter at militærjuntaen i Myanmar gjennomførte eit brutalt kupp, er Asias utgåve av Ukraina-krigen ein tragedie vi synest å ha gløymt. Det er all grunn til å løfta tragedien ut av tussmørket akkurat no. Nyleg kom juntaleiaren på nytt besøk til Vladimir Putin. For å få endå meir hjelp til krigen mot etniske og religiøse minoritetar.

Putin er ikkje vanskeleg å be.

I kuppet 1. februar 2021 jaga juntaen i Myanmar (Burma) nasjonalforsamlinga på flukt, fengsla den valde regjeringssjefen Aung San Suu Kyi og slo brutalt ned fredelege demonstrasjonar.

Fire år etter kjempar væpna grupper blant dei etniske (og religiøse) minoritetane hardare enn nokon gong mot juntaen. Dei etniske minoritetane lever i delstatar langs grensene mot Bangladesh, India, Thailand og Kina. I fleire av desse delstatane (som Chin og Kayah) er fleirtalet av folket kristne, i Rachine er fleirtalet av rohingya-folket muslimar.

«Asias Ukraina»
Det er, som Myanmar-kjennar Benedict Rogers formulerer det, ikkje ei overdriving å seia at krigen i dei etniske statane i Myanmar er «Asias Ukraina – bortsett frå at inntrengjaren her er eit kriminelt innanlandsregime, ikkje ein utanlandsk stat».

Den amerikanske kommisjonen for internasjonal trusfridom (USCIRF) kalkulerer med at godt over tre millionar er på flukt. Juntaen er overordna på defensiven og har i dag stabil kontroll over mindre enn femteparten av territoriet og tredjeparten av folket.

Måten juntaen går fram på mot minoritetsfolka i dag minner sterkt om den brutaliteten som ramma det hovudsakleg muslimske rohingya-folket i 2017. Då vart meir enn 700 000 fordrivne til Bangladesh i ein planlagt og brutalt gjennomført aksjon. USCIRF er ein av fleire aktørar som karakteriserer brotsverka den gongen som folkemord. Det var definitivt grove brot på folkeretten og etnisk reinsing.

Mange tusen døde fall for gevær – eller for sverd som juntaens menn hadde delt ut.

Juntaen rettar omsynslause luftangrep mot landsbyane i minoritetsstatane, bombar skular, sjukehus, kyrkjer og andre religiøse bygg. Soldatar valdtek og torturerer.

Kyrkjer og presteskap blir utsette for drap, vilkårlege arrestasjonar og trakassering. Ein 44 år gamal katolsk prest frå Sagaing blei tidleg i februar knivdrepen. Men ifølgje USCIRF har mange drapsmenn sloppe unna straff.

 

Kyrkjer og presteskap blir utsette for drap, vilkårlege arrestasjonar og trakassering

 

Fleire hundre kyrkjer brende
Mellom kuppet og desember 2023 vart meir enn 220 kyrkjer øydelagde. Mange låg i Chin-staten i nordvest, der over 90 prosent er kristne. Berre i byen Thantlang vart 21 kyrkjer brende ned. Over 100 katolske kyrkjer i Kayah-staten på grensa mot Thailand er øydelagde. Også kloster er øydelagde.

Talet på øydelagde gudshus er langt høgare i dag, etter nye angrep i 2024 og så langt i år. Den 6. februar vart ei katolsk kyrkje i Mindat i Chin påført store skadar i eit luftangrep. Det hende få dagar etter at nettopp denne kyrkja blei vald som katedral i eit nytt bispedøme. Tilfeldig? Neppe.

Juntaen synest å gå målretta etter religiøse bygg – desse er viktige for identitet og motstandskraft. Gudshusa er dessutan samlingsstader for desperate sivile på flukt.

 

Når president Donald Trump smiskar for Putin om Ukraina, er han altså i dystert selskap med den brutale juntaleiaren som altså leier «Asias Ukraina» i Myanmar.

 

Gløymt krise
Det internasjonale samfunnet har svikta. Dei som har sytt for våpen til juntaen, er Kina og Russland. I Tryggingsrådet har dei to autoritære regima også blokkert tiltak for å strupa juntaens tilgang til flybensin som er underlagt vestlege sanksjonar.

4. mars sende internasjonale biletbyrå ut eit foto frå eit etter alle solemerke hyggeleg møte mellom to vener og allierte. General Min Aung Hlaing, sjefen for den brutale juntaen i Myanmar, var på besøk hos Vladimir Putin i Kreml. Dette var fjerde gong generalen gjesta Moskva sidan kuppet i 2021. Han var der for å få endå meir russisk hjelp sidan Myanmar altså møter sanksjonar. Putin har heile vegen støtta Myanmars blodige generalstab mot minoritetane.

Når president Donald Trump smiskar for Putin om Ukraina, er han altså i dystert selskap med den brutale juntaleiaren som altså leier «Asias Ukraina» i Myanmar. Dersom Trump hadde meint noko som helst med kamp for fred, religionsfridom og tryggare vilkår for kristne, hadde han handheva sanksjonar og styrkt presset mot dei to brutale herskarane som let tragedien i Myanmar halda fram. Men det gjer han ikkje.

Diverre høyrer vi ingenting om amerikansk press mot Putin verken for å få han til å stoppa krigføringa i Ukraina eller for å få han til å avslutta hjelpa til generalane som står bak Asias tragiske parallell.

Også Noreg bør ta initiativ for å få Myanmars tragedie opp på dagsorden. Kva har Noreg gjort for å styrkja eksil-regjeringa som vart etablert etter kuppet, Espen Barth Eide?

 

FØRST PUBLISERT I DAG OG TID (kortare utgåve) og DAGEN (7.3.2025)

 

AKTUELT

Prosjekt