Sonia og familien har flyttet til en annen by fordi de var truet hjemme.
Dødsdømde Asia Bibi fekk saka si i retten, ventar på dommen
Måndag møtte dødsdømte Asia Bibi i høgsterett i Pakistan. No ventar ho på dommen.
Høgsterett gjennomførte mandag den varsla høyringa i saka mot dødsdømte Asia Bibi. Ho vart dødsdømt for blasfemi i november 2010. Ho møtte ikkje sjølv i retten. Dommarpanelet spurte ut advokatar for partane.
Vi ventar på dommen. Det same gjer ikkje minst Asia Bibi og familien hennar.
Den pakistanske avisa dawn.com siterer frå rettshøyringa, og referatet viser at dommarane stilte ein serie kritiske spørsmål til bevismaterialet. Mellom anna blei det påvist at den muslimske bøneleiaren som leverte inn anmeldelsen, ikkje hadde vore vitne til noko som helst av det som hadde skjedd. Høgsterettsleieren spurde om det kunne vera slik at vedkomande v ar brukt av nokon andre. Dei vitna som var der, motsa også kvarandre.
Les referatet i dawn.com
Vår partner Sajid Christopher Paul i Human Friends Organization, er optimistisk etter å ha vore i retten heile måndag.
Han håpar ho blir frikjend og sett fri.
– I pakistansk historie er inga kvinne hengd. Vi reknar difor med at dødsdommen vert omgjort og at ho anten vert frikjent og sett fri, eller at ho får livstidsfengsel, sier han til Stefanusalliansen.
– Det er gledeleg at Pakistans høgsterett ser ut til å ta opp ankesaka. Vi håpar landets høgste domstol gjer det rette og frikjenner den uskuldige kvinna. Vi ber så pakistanske styresmakter skaffa vern til henne og familien etter at ho er sett fri, seier Ed Brown i Stefanusalliansen.
Les meir om saka til Asia Bibi