Kristne i Pakistan er redde for nye ekstremist-angrep. Men også andre minoritetar møter hat og vald.
Asia Bibi får reiseforbod inntil høgsterettsdom er vurdert på nytt
Regjeringa har inngått avtale med ekstremistpartiet TLP. Blir kritisert for å gje etter for demokratifiendtlege ekstremistar.
Tre dagar med voldsomme demonstrasjonar har følgt etter at Pakistans høgsterett onsdag morgon frikjende den kristne kvinna Asia Bibi som i åtte år har vore dødsdømt for blasfemi.
I avtalen mellom regjeringa og TLP skal høgsterettsdommen kunna ankast og vurderast på nytt. I mellomtida blir Asia Bibi etter planen sett på ‘Exit Control List’. Det betyr at ho ikkje får forlata landet før denne evalueringa har skjedd, melder nettavisa dawn.com.
– Eg er skuffa. Før eg seier meir vil eg sjå kva høgsterett no gjer, seier Sajid Christopher Paul i Human Friends Organization (HFO) til Stefanusalliansen. HFO er Stefanusalliansens partner som er nær støttespelar for Asia Bibi.
Avisa dawn.com skriv at regjeirnga endå ein gong har gitt etter for ekstremistane ved å godta deira krav for å få ro i landet. Desse ekstremistane trur verken på demokratiet eller grunnlova, skriv avisa.
Sajid Christopher Paul og støttespelarar av Asia Bibi verda over har gledd seg over frifinninga. Han og svært mange hadde sett fram til ho kunne forlata Pakistan for å vera trygg for ekstremistane som har kravd henne hengd.
Men no må Asia Bibi som framleis sit fengsla, venta på endå ein runde.
Ei anna gruppe, Tanzeem Ittehad-i-Ummat i Lahore, ber no om ro i landet, melder dawn.com.
-
Les om frifinninga: «Et mirakel har skjedd»
Advokaten til Asia Bibi, Saif-ul-Malook, sa laurdag at han har reist frå Pakistan fordi han fryktar for livet, melder The Guardian.
Ashiq Masih, mannen til Asia Bibi, tryglar no fleire vestlege land om asykl for Asia Bibi og familien. Han og fleire barn vende i slutten av oktober tilbake frå Storbritannia til Pakistan og uttalte seg i ein video frå ei hemmeleg adresse, ein video som avisa Observer har sett.
Statsminister Imran Khan åtvara torsdag, dagen etter frifinninga, demonstrantane mot å pressa staten til å slå tilbake. Men laurdag gav han etter og skreiv avtale med demonstrantane.
Høgsterettsjustitiarius forsvarte torsdag dommen som i pakt med grunnlova og prinsippet om at folk det ikkje finst bevis mot, ikkje skal straffast. Men no har saka teke i ny vending.
- Eg er spent på kva høgsterett no gjer, seier Sajid Christopher Paul.
Informasjonsminister Fawad Chaudhry avviser søndag at regjeringa har gitt etter for ekstremistisk vald, melder dawn.com. Han seier at i møte med demonstrasjonane – i møte med stengde gater, vegar og byar – hadde regjeringa to vald: Å bruka statens makt, men det kunne ha ubotelege skadar. «Så vi bestemte oss for å driva brannsløkking», sa han på ein pressekonferanse i Karachi.
– Men dette var brannsløkking, ikkje ei løysing, sa ministeren.
Han understreka at regjeringa ikkje kjem til å gløyma dei som stod bak øydeleggingane og dei hatefulle truslane og oppfordringane til vald og drap.
– Vi vil ikkje ignorera dette eller glløyma det», sa han.
Støtt Pakistans kristne
Vår partner Human Friends Organization står midt i kampen for ofra for blasfemilova.