Alliansen av protestantiske kirker har dokumentert brudd på trosfriheten i en ny årsrapport.

Alliansen av protestantiske kirker har dokumentert brudd på trosfriheten i en ny årsrapport.  


Fleire kyrkjer blei i fjor utsette for hatkriminalitet, terrortrugsmål og fysiske angrep. I fleire tilfelle har politiet teke affære for å verne kyrkjene. Det går fram av 2016-rapporten frå den protestantiske kyrkjealliansen i Tyrkia.

Det protestantiske samfunnet består av i overkant 140 små og større fellesskap – dei fleste i Istanbul, Ankara og Izmir. Stefanusalliansen har sidan 2008 hatt eit forpliktande samarbeid med Alliance of Protestant Churches of Turkey, fellesorganisasjonen for alle dei små protestantiske kyrkjelydane som til saman tel kring 4.000 menneske. Dei fleste protestantane i Tyrkia er menneske som har forlete islam.

Hat i jula

I jule- og nyttårshelga var det ein serie hatefulle ytringar mot den kristne julefeiringa. Reklameplakatar og brosjyrar som vart spreidde i gatene hadde hatefulle ytringar. Særleg ille var plakatar og brosjyrar som viste ein julenisse med ein revolver retta mot hovudet. Julefeiringa vart difor gjennomført under strenge tryggingstiltak.

• I somme nasjonale og lokale media og i sosiale media var det vekst i hatefulle ytringar retta mot kristne. Fleire publikasjonar framstilte kyrkjer og terrororganisasjonar saman, heiter det i rapporten.

Rapporten er ikkje minst uroa over aviser og andre publikasjonar som i praksis framstiller Det nye testamentet som om det var terroristpropaganda.

Gjekk ned.

Rapporten fortel likevel at ikkje alt går gale vegen. Medan det i 2015 var vekst i hatefulle ytringar i sosiale media, gjekk dette ned i 2016. Det vart teke fleire rettslege steg mot desse trugsmåla i 2015, fortel rapporten. Somme av gjerningsmennene blei arresterte, nokre fekk si straff og andre har framleis pågåande rettssaker mot seg. Desse overgriparane synest å vere unge menneske som ikkje er knytte til grupper. Fleire av offera har trekt tilbake klagemåla sidan etter at dei såg kven som stod bak.

Mange forslag

Rapporten har fleire forslag. Her er nokre av dei:

• Kyrkjene etterlyser at styresmaktene startar dialog med det protestantiske samfunnet.

• Særleg i saker om kriminalitet er det viktig at informasjonen om den rettslege prosessen vert gitt til det protestantiske samfunnet og til offera.

• Rapportskrivarane ber om løysing på problema dei samfunna har som ikkje har tilgang til historiske kyrkjebygg. Det er inga løysing for dei som vil etablere nye stader for bøn og fellesskap. Dei kristne må få same høve som andre til å etablere nye gudshus.

• Offentlege tenestemenn må få opplæring i sake rom religionsfridom og samvetsfridom.

• I lys av stigmatisering av og sosialt press mot kristne familiar og studentar ber rapporten Utdanningsdepartementet informere skular om dei rettane ikkje-muslimar har i skular og klasserom. Dei har mellom anna rett til fritak frå religionsundervisninga. Denne retten må dei sikrast utan at familiane trneg å klaga, heiter det i rapporten.

• Rapporten etterlyser også at media utarbeider ein medieetikk som mellom anna skal hindre spreiing av diskriminering og intoleranse. 

Desse årlege rapportane om det protetantiske samfunnet sin plass i Tyrkia har kome sidan 2007.

- Alle har rett til å få praktisere religions- og trusfridom over alt. Vi gjer vårt for at dette skal bli ein realitet, heiter det i rapporten.

 

AKTUELT

PROSJEKT