Rasande mobb sende hundrevis av kristne på flukt i Pakistan - Stefanusalliansen
Ei opprørt folkemengde kravde pakistansk kristen unggut offentleg hengd for blasfemi

Ei opprørt folkemengde kravde pakistansk kristen unggut offentleg hengd for blasfemi  

Pakistan   
Blasfemi   

(Saka er oppdatert 27.2.)

Fleire hundre kristne familiar flykta frå heimane sine måndag kveld i frykt for at den opprørte muslimske mobben vil brenna ned heimane deira. Onsdag var dei på første på veg heim etter at politi og hæren hadde gjenoppretta ro og orden.

Den 17 år gamle guten Patras Masih bur i det kristne nabolaget Dhair i forstaden Shahdara i millionbyen Lahore. Han vart måndag skulda for å ha posta blasfemisk innhald på sosiale media. Han vart sett i vartekt og er seinare fengsla.

Patras Masih er tiltalt for å ha forbrote seg mot paragraf 174/18 i straffelova etter klagemåla frå ein mann med namn Hafiz Awais. Stefanusalliansens partner Human Friends Organization har tilbode familien hjelp. Det vil ta nokre dagar før det er klart kva familien treng – av juridisk hjelp, alternativ busstad og sosial hjelp elles.

- Uskuldig
Ifølgje Sajid Christopher Paul i Human Friends Organization mista Masih mobiltelefonen sin nokre dagar før bråket oppstod. Telefonen skal difor ha blitt brukt av nokon andre for å poste blasfemisk innhald på Facebook-sida til Masih.

– Han er uskuldig, telefonen hans vart misbrukt, det viser våre undersøkelsar. Han er analfabet, det einaste han har gjort på Facebook er å poste foto, han har aldri skrive noko eller kommentert nok, seier Sajid Christopher Paul på telefon frå Lahore.

– Politiet som skuldar han for å ha posta blasfemi, har for vane å putta all skuld på offera og stilla seg på anklagarane si side, svarar Sajid Christopher Paul.

Patras Masih har inga utdanning. Han har arbeidd som vaskehjelp i ein bank der far hans arbeider som sjåfør. Patras sin onkel seier til World Watch Monitor at nevøen hans har vener både blant kristne og muslimar. Onkelen seier at Patras nyss posta eit bilete på ei Facebook-gruppe som både har kristne og muslimske medlemmar.

Flykta

Den rasande folkemengda stilte seg måndag opp framfor politistasjonen og huset til Patras Masih og forlanga han halshoggen offentleg. Mobben brende bildekk. Ifølgje augevitne hadde fleire i mobben med seg bensinbomber då dei omringa husa til kristne familiar.

Sajid Christopher Paul rapporterer at dei fleste kristne familiane flykta frå Shahdara for å berga liva. Fleire tomme hus vart ifølgje han utsette for plyndring.Politiet måtte nokre timar måndag blokkera ein hovudveg for å halda folk unna. For å roa ned situasjonen overgav Patras Masih seg til politiet klokka 6 på ettermiddagen måndag.

World Watch Monitor melder at 800 kristne familiar flykta frå heimane sine. Biskop Emmanuel Masih i Gods Church i Lahore seier til World Watch Monitor at minst 800 kristne familiar flykta for å søkja vern hos slektningar. Dei frykta ein repetisjon av tidlegare alvorlege hendingar der kristne nabolag er tende på etter skuldingar om blasfemi. I mars 2013 blei godt over 100 hus til kristne familiar sette fyr på i eit anna kristent nabolag i Lahore. Det skjedde nettopp etter ei skulding om blasfemi.

«Politiet banka på døra medan eg var på vaskerommet. Dei drog då dei ikkje fann meg. Eg oppheldt meg heile dagen i vaskerommet. Om kvelden gjekk eg opp i andre etasje og hoppa over til naboens hus,» seier Saima, mora til Patras Masih.

Denne gongen vart ikkje kristne heimar påtende, og dei første familiane vende onsdag tilbake. Seinare har dei fleste vendt tilbake, men nokre lever framleis i skjul.

Lovde respekt

Tysdag kveld, pakistansk tid, heldt fleire muslimske leiarar og nokre kristne leiarar ein pressekonferanse på politistasjonen i Shahdara. Dei bad dei 800 familiane venda tilbake for å leva i fred saman med muslimske naboar.

Dei kristne leiarane skreiv under på ei fråsegn der dei sa at «det kristne samfunnet har garantert at dei aldri meir vil blanda seg inn i religiøse spørsmål for muslimar. Heller ikkje vil ei slik hending skje på nytt. Kristne vil respektera muslimane sin religion og deira heilage stader og deira religiøse festivalar, og dei (kristne leiarar) vil fortelje dette til sitt samfunn.»

Ein av dei kristne leiarane som signerte fråsegna saman med muslimske leiarar, var Mary Gill som er medlem av delstatsparlamentet i Punjab, der Lahore er hovudstaden. Ho seier til World Watch Monitor at den unge generasjonen må vera klar over kor sensitiv bruken av sosiale media er. Ho seier at mange kristne er utan utdanning og at det har vore fleire slike hendingar siste åra.

Men Sajid Christopher Paul avviser denne fråsegna. Han seier at Patras Masih er uskuldig, guten er analfabet og har aldri skrive noko blasfemisk, han kan ikkje skriva og har berre posta foto på Facebook.

– Difor er eg uenig i denne fråsegna, seier Sajid Christopher Paul.

Lahore er ein storby med meir enn 15 millionar menneske. Dette er byen med flest kristne i Pakistan, kring ein halv million. Kring 2000 kristne familiar bur i Dhair i Shahdara, som er ein nordleg forstad til Lahore.

Hardt skadd
Sajid Christopher Paul er svært opprørt over utviklinga i saka. Søskenbarnet til patras Masih, Sajid Masih, vart torturert av politiet. Politiet ville tvinga han til å ha sex med Patras. Sajid nekta og hoppa frå fjerde etasje. Han fekk alvorlege og kritiske brotskader og er på sjukehus der han blir operert. Sajid Christopher Paul i Human Friends Organization var saman med han søndag.

 

Støtt kampen for trosfriheten

Sajid Christopher Paul og Human Friends Organization i Pakistan (bildet) hjelper ofre for blasfemianklager.

Gi en gave

AKTUELT

Prosjekt