Tim A. Peters i Helping Hands Korea ber vestlege regjeringar presse Kina til å slutte med tilbakesending av flyktningar frå Nord-Korea.

Tim A. Peters i Helping Hands Korea ber vestlege regjeringar presse Kina til å slutte med tilbakesending av flyktningar frå Nord-Korea.  


70 prosent av flyktningane som kjem til Kina frå Nord-Korea, er kvinner. Dei flyktar frå undertrykking, naud og feilernæring i diktaturet til Kim Jong-un. I Kina blir mange flyktande kvinner offer på nytt – mellom anna i menneskehandel.

Kina har eit underskot av kvinner – på grunn av eittbarnspolitikken landet førte i mange år. Tre av grenseprovinsane mot Nord-Korea utgjer dessutan eit kinesisk «rustbelte». Dette var viktige industriområde på 1970- og 80-talet. Men mange fabrikkar er no nedlagde, og arbeidsplassar er flytta til moderne vekstområde ikkje minst sør i Kina.

Tragedie

– Mange kinesiske kvinner frå desse provinsane har difor flytta for å få arbeid. Det gjer ubalansen mellom menn og kvinner i grenseprovinsane endå større. Det er ikkje like ille alle stader. Men i ein landsby eg kjenner, er det berre éi kvinne for kvar 14 menn. Dette er ei utvikling som forsterkar tragedien i Nord-Korea, seier Peters til Magasinet Stefanus.

Tim Peters er grunnleggjar og leiar av organisasjonen Helping Hands Korea som Stefanusalliansen har støtta i ei årrekkje. Organisasjonen arbeider ut frå Seoul i Sør-Korea med å hjelpa nordkoreanarar som flyktar over grensa til Kina.

Peters og Helping Hands Korea hjelper flyktningar gjennom risikofylte, hemmelege ruter der friviljuge hjelper til med mat, transport, medisinar og pengar.

Menneskehandel

Peters trur at kring 100 000 nordkoreanske flyktningar løyner seg på den kinesiske sida av grensa. Mange er utan pengar til å ta seg vidare. Dette aukar ikkje minst risikoen for at kvinner hamnar i prostitusjon og menneskehandel. Kinesiske menn kjøper seg kvinner frå Nord-Korea. Dei får løfte om arbeid og heimar. I staden blir kvinnene brukte for å lage barn eller vere elskarinner.

– Kvinner blir selde som om dei var dyr, seier Peters.

– Dei hamnar i lovlause tilstandar i Kina. Eg kjenner tilfelle der kvinner er selde to gonger. Kinesisk politi og andre tenestemenn finst ikkje interesserte i lagnaden deira. Dei er berre interesserte i å identifisere flyktningar frå Nord-Korea. Systematisk blir alle frå Nord-Korea som blir oppdaga, sende tilbake til Nord-Korea. Dei blir avhøyrde, torturerte og sende i fangeleiarar, seier Peters.

Dersom dei nordkoreanske kvinnene som blir oppdaga, har barn, blir barna haldne i Kina – fordi faren er kinesisk. Barna ser mødrene bli rykte ut av heimen, ofte påførte handjern, og sende over grensa – mange barn ser aldri mødrene sine igjen, ifølgje Peters. Helping Hands Korea har hjelpt barn til omsorg i pleiefamiliar.

Livsfarleg

Det er livsfarleg å flykte frå Nord-Korea, både for menn og kvinner. Men mange gjer det likevel. Ein del har gjennom åra betalt nordkoreanske grensevakter under bordet. Men det er blitt verre dei siste åra. Den danske avisa Politiken skriv at Kim Jung-un let grensevaktene behalde pengane, dersom dei – etter å ha halde maska i møte med menneska på flukt – etterpå drep flyktningane.

Talet på flyktningar som kjem seg fram til Sør-Korea etter å ha flykta via Kina, har gått merkbart ned også fordi Kina under den sterke leiaren Xi Jinping har stramma inn på kontrollen, påpeikar Tim Peters.

Mange flyktningar snik seg over den 1 400 kilometer lange grensa mellom Nord-Korea og Kina og tek seg ned til Laos og Thailand som hjelper flyktningane til Sør-Korea. Peters fortel at han veit om flyktningar som har med seg barberblad og gift.

– Dei føretrekk sjølvmord framfor å bli sende tilbake til Nord-Korea, seier Peters.

Må presse Kina

Tim Peters er svært kritisk til at dei aller fleste internasjonale aktørar og regjeringar let den brutale handsaminga av flyktningar frå Nord-Korea passere utan å protestere.

– Vi treng regjeringar som utfordrar Kina. Men det ser ut til at det er handelsbalansen som er det mest interessante temaet, seier Peters.

Peters er djupt uroleg for den sterke spenninga mellom Nord-Korea og nabostatane og USA om utvikling av langtrekkande rakettar og atomvåpen. Samstundes er han redd for at den brutale undertrykkinga som skjer inne i Nord-Korea, kjem heilt i skuggen av dette storpolitiske dramaet.

Smuglar frø

Peters er involvert også i å smugle små posar med grønsakfrø inn i Nord-Korea, for å skaffe mat til eit folk der 75 prosent på ein aller annan måte er ramma av feilernæring, ifølgje Verdas Matevareprogram.

Helping Hands Korea har skaffa seg eit kurérsystem som via Kina sender inn store mengder med små posar med frø, som spinat, kål, gulrøter og reddikar. Såkornet er tilsett gjødsel, for bruk i eit land der vanlege folk har store vanskar med å skaffa seg gjødsel. Peters er viss på at den leveringskanalen han har, gjer at grønsakfrøa hamnar hos fattige, særleg i undergrunnskyrkjene.

Støtt våre modige partnere

Tim A. Peters er en av våre modige og kjempende partnere. En gave fra deg vil styrke hans og andre partneres arbeid for forfulgte.

Gi en gave 

AKTUELT

PROSJEKT